Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Tømraren

Du forbind gjerne tømraren med bygging av einebustader, tilbygg, garasjar og andre mindre trehus. Men ein tømrar er også med på dei fleste større byggeprosjekt, som forretningsbygg, skular, idrettshallar, sjukehus og hotell.

Kva gjer ein tømrar?

Den viktigaste oppgåva til ein tømrar er å bygge ulike konstruksjonar. Når du utdannar deg til tømrar, lærer du aller først om rett bruk av verktøy, maskiner og festemiddel, og du får kunnskap om ulike materiale. Dette gir deg eit godt grunnlag for å bygge konstruksjonar som bjelkelag og vegger.

På store byggeprosjekt samarbeider du med mange andre yrkesgrupper. Sidan moderne byggeplassar ofte er tekniske og kompliserte, er det heilt nødvendig å ha gode samarbeidsevner.

Krav til dagens tømrar

Tømrarfaget har endra seg mykje, og ein tømrar i dag må ha andre kvalifikasjonar enn for berre nokre år sidan. Som tømrar må du

  • vere ein dyktig og nøyaktig handverkar

  • ha gode datakunnskapar

  • ha gode ferdigheiter i å lese, skrive og uttrykke deg munnleg

HMS er alltid viktig

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) står alltid i sentrum på ein byggeplass. Målet er at ingen skal skade seg på jobb. Derfor må alle ta ansvar, passe på seg sjølv og sjå til at kollegaer følger reglane.

Les meir om tømrarfaget på utdanning.no.

Skrive av Kjell Brørs.
Sist oppdatert 14.10.2026