Hopp til innhald
Nynorsk
Vurderingsressurs
Video

Varmetap

For å minske varmetap i eit hus, må du som handverker planlegge jobben godt og vere nøyaktig når du utfører oppgåvene dine.

Film om energiøkonomisering (7:59)

Kvar kan du finne varmetap i rommet ditt eller i heile leilegheita eller huset? Video: film_konsulentene, Extreme Music / CC BY-NC-SA 4.0

Planlegg godt for å unngå varmetap

Jo meir varme og energi som slepp ut av et hus, jo større varmetap seier vi at det har. Jo betre eit hus er isolert og jo betre det er tetta, jo mindre varmetap vil huset ha. For at vi skal bruke minst mogleg energi til oppvarming, er det viktig at varmetapet i et hus er så lågt som mogleg.

For å oppnå lågt varmetap i eit hus, må du som handverker planlegge jobben godt og vere nøyaktig når du utfører oppgåvene dine.

Bra med lågt varmetap

Viss du legg handa på vindaugsglaset, vil du kunne kjenne at glaset ofte er kaldt om vinteren, og at det er kaldare enn veggen ved sida av. Då seier vi at vindauget har ein høgare U-verdi enn veggen ved sida av. Varmen i rommet forsvinn raskare gjennom vindaugsflatene enn gjennom veggen.

Energieffektivitet i bygningar oppnår vi når U-verdien er låg. Det vil seie at huset slepp ut lite varme.

Enova forklarar U-verdi.

Termografering

Termografering er lurt for å sjekke kor varmetapet er størst.

For å sjekke om eit bygg har stort varmetap, kan vi termografere. Det vil seie å ta bilete som viser ulike temperaturar på overflatene på bygninga. Vi kan dermed sjå kor bygget er utett eller manglar isolasjon.

Skal du kunne termografere, må det vere ulik temperatur utanfor og inne i bygget. Jo større forskjellen er mellom ute- og innetemperatur, jo betre blir den termografiske undersøkinga. Du får altså best resultat dersom du termograferer om vinteren eller seint på hausten.

Ventilasjon med varmegjenvinning

Eldre hus har ofte ventilar på ytterveggane/vindauga, og ein ventilasjonskanal frå kjøkken og wc/bad som går over taket. Dette kallar vi naturleg ventilasjon. Slike løysingar gir stort varmetap og er ikkje godkjende når vi skal bygge nye bustadar. I lågenergibygg blir det i dag nytta vifter (ventilasjonsaggregat). Det vil seie at varmen frå innelufta blir trekt ut fra bustaden og brukast til å varme opp frisk uteluft som skal inn i huset.

På fagspråket betyr dette at det er balansert ventilasjon med varmegjenvinning.

Bygningsdelar

Ein yttervegg er ein bygningsdel. Ytterveggar skal vere isolert, og vi bruker vindsperre som utvendig tetting og dampsperre (fuktsperre) som innvendig tetting. Mellom dei to sjikta er det isolasjon. Det er tømraren som lagar veggar og tak, men fleire yrkesgrupper på ein byggeplass må ha kunnskapar om bygningsdelane og om kvifor det er viktig å utføre arbeidet riktig.

Alle på byggeplassen må kunne noko om bygningsdelane.

Dette er spesielt viktig når det skal lagast hol eller opningar i veggar og tak for kablar og rør pipe/skorstein og liknande. Når det skal lages hol, må ulike fagfolk samarbeide for at løysingane skal bli bra.

Isolasjonen

Isolasjonen i veggen bidreg til at varmetapet blir mindre. Ein tjukkare vegg med meir isolasjon har derfor mindre varmetap enn ein tynn vegg med lite isolasjon. Dette føreset at veggen har utvendig vindtetting og innvendig fuktsperre.

Vindsperre

Vindsperra utanpå ein isolert vegg kan samanliknast med ei vindtett jakke som vi kler på oss utanpå ein ullgenser. Utan jakka vil vinden lett blåse gjennom ullgenseren.

Genseren vil ikkje isolere fordi kald luft strøymer gjennom genseren. Jakka bidreg til eit vindtett sjikt utanfor isolasjonen. Vindsperra i ytterveggen fungerer nesten på same måten. Vindsperra som er vindtette plater eller vindtett folie/duk er produsert slik at fuktighet i veggen likevel slepp ut.

Montering av vindsperre på rull

Skøytar på folien skal bli teipa med tilhøyrande teip og klistresystem. Her er det spesielt viktig å følge leverandøren sine tilvisingar. Fleire leverandørar stiller krav til at teipen og folien høyrer saman for at arbeida skal kunne godkjennast. Det betyr at det kun er teip som er levert saman med folien/duken som skal nyttast.

Det er likevel mange detaljar å tenke på for at vindtettinga skal vere så god som vi ønsker. Viss ein bruker vindtettplater, er det viktig at alle skøytar tapast før klemlister spikrast.

Holtaking i utvendig vindsperre for røyr i yttervegg

Det er viktig å tette godt rundt alle gjennomføringar i veggen. Då kan det vere lurt å bruke mansjettar. Røyrmansjettar skal klistre seg til underlaget slik at vindsperra framleis er tett.

Montering av dampsperra

Dampsperra monterast innvendig i huset. Ho skal hindre at fuktig luft kjem ut i isolasjonen i veggar og tak. Fuktigheit i golv, ytterveggar og tak er skadeleg fordi det kan oppstå mugg og råte. Alle hol for røyr og kablar som skal inn i/ut av huset må gjennomførast slik at det ikkje blir luftlekkasjar inn i konstruksjonen. For å få gode løysingar, må dei ulike yrkesgruppene samarbeide.

Tetting innvendig ved dampsperra

Det er viktig å ikkje lage større hol enn nødvendig for el-boksar og røyr som skal gå gjennom veggen. Mansjettar rundt monterte el-boksar og røyrgjennomføringar skal limast til dampsperra.

Skrive av Haldor Hove.
Sist oppdatert 02.12.2025