Trelastproduksjon – del 2: tørking og justering - Praktisk yrkesutøving (BA-BAT vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Trelastproduksjon – del 2: tørking og justering

Dette er del 2 av 3 i ein serie som tek for seg tømmeret si ferd frå hogst til ferdig trelast. I denne delen lærer du om korleis trelasta blir tørka og kvalitetssortert, og om kva som skjer med restprodukta frå produksjonen.

Tørkeprosessen

Video: Jarle Sten Olsen, Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Etter at den uhøvla trelasta har vore gjennom barkemaskina og saglinja, er det klart for tørking og ein ny runde med sortering.

Ein tørkar trelasta for å forbetre eigenskapane til materialet. Materialet blir til dømes lettare og sterkare, får betre feste for overflatebehandling og blir lettare å arbeide med.

I tørkekammeret er det mellom 70 °C og 80 °C. Når trevirket blir varma opp, forsvinn vatnet. Då krympar trevirket og blir hardare. Skjer det for raskt, er det fare for at byggjemateriala sprekk opp, og dette vil gå utover kvaliteten på produktet. Det er derfor viktig at tørkeprosessen skjer over lang tid – mellom tre og fem dagar – så trefibrane får tid til å utvide seg sakte.

Restprodukt

Det er berre 55 % av tømmeret som kan brukast direkte som byggjemateriale, men så godt som heile tømmerstokken blir utnytta på ein eller annan måte. Det blir til dømes fyrt med restprodukt som bork og flis for å halde fyringsanlegget for tørkeprosessen i gang. Dette blir kalla l.

Restprodukta frå trevareproduksjonen har stor verdi og kan brukast til produksjon av sponplater, i papirindustri og metallurgisk industri og som strø og hagebork.

Justerverket – sortering av trelast

Video: Jarle Sten Olsen, Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Kvalitetssortering

I justerverket blir plankane kappa i rett lengd og sorterte ut frå kvalitet. Kvar enkelt planke blir kontrollert av ulike kamera, som sjekkar fiberstrukturen i treverket og måler alle fire sidene. Dette er viktig for å avgjere kva planken kan brukast til.

Fiberstrukturen til treet

Fiberstrukturen er samansetninga av dei trådliknande cellene i trevirket, og han er med på å avgjere om treverket er hardt eller mjukt, stivt eller bøyeleg.

Ulike tresortar, som furu og gran, blir brukte til ulike typar byggjemateriale. Det er nettopp fiberstrukturen som gjer at dei ulike tresortane eignar seg betre til ein type byggjemateriale enn ein annan. Til konstruksjonsvirke, som gjerne blir brukt til berande konstruksjonar, er dei viktigaste eigenskapane styrke og stivleik.

Arbeid på linja

Skal du gjere arbeid på linja i justerverket, må maskineriet stoppast, og du må følgje ein HMS-protokoll. Ein HMS-protokoll er eit dokument som fortel deg nøyaktig korleis du skal utføre ein arbeidsoperasjon for å vareta tryggleiken til både deg sjølv og andre.

Sjå sortering av trelast i 360°

Klikk med musepeikaren og sjå deg rundt. Videoen fungerer best i fullskjerm.

Video: Tom Knudsen / CC BY-NC 4.0

Relatert innhald

Skrive av Marius Weum Stick, Tom Knudsen og Jarle Sten Olsen.
Sist fagleg oppdatert 15.03.2022