Trelastproduksjon – del 3: høvling og overflatebehandling - Praktisk yrkesutøving (BA-BAT vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Trelastproduksjon – del 3: høvling og overflatebehandling

Dette er del 3 av 3 i ein serie som tek for seg tømmeret si ferd frå hogst til ferdig trelast. I denne delen lærer du om korleis ferdig sortert plank blir høvla til ulike produkt i høvleriet. Mykje av den ferdige trelasta går vidare til overflatebehandling.

Høvleriet

Video: Jarle Sten Olsen, Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Høvling

Etter at planken er sortert i justerverket, blir mesteparten køyrd vidare til høvleriet. Å betyr å justere tjukna på trevirket. I høvleriet får dei uferdige plankane si endelege form, til dømes panel eller listverk. Høvlinga skjer automatisk ut frå kva resultat ein ønskjer.

Kvalitetssortering

Etter høvlinga blir dei ferdige produkta kvalitetssikra og sorterte i ulike lommer. Kvalitetssorteringa kan gjerast manuelt eller ved hjelp av maskiner. Skadar eller andre uønskte kvalitetar, som sprekkar og store kvister, blir kappa bort.

Sjå høvling av panel i 360°

Klikk med musepeikaren og sjå deg rundt. Videoen fungerer best i fullskjerm.

Video: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0

Overflatebehandling

Video: Jarle Sten Olsen, Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Når produkta er ferdig høvla, blir ein del sende vidare til overflatebehandling. Det finst fleire former for overflatebehandling av trelast. Vi kan skilje mellom måling, beising og impregnering:

  • Måling dannar ei vernande hinne på overflata av treverket. Det blir brukt fargepigment som skjuler strukturen i treverket. Hos trelastprodusenten blir måling mykje brukt på listverk og panel.

  • Beis trekkjer inn i treverket utan at overflata blir endra. Det blir brukt lite fargepigment, så strukturen til treverket skin gjennom.

  • Ved impregnering av trelast blir det brukt ulike middel for å verne mot sopp, ròte og insektangrep. Midla trekkjer langt inn i trevirket, som får ei tydeleg grøn overflate. Impregnering blir brukt på trelast som skal tole å stå ute i vêr og vind.

I overflatebehandlingsanlegget skal produktet gjennom fleire prosessar for å få rett resultat. Det blir pussa, grunna og slipt på nytt for å fjerne fiberreisningar. Fiberreisningar er trefiber som reiser seg som små hår når treverket blir pussa. Desse fibrane vil late etter seg ei ru overflate viss dei ikkje blir fjerna.

Frå panelet eller listverket blir lagt i maskineriet til det er ferdig behandla og tørka, tek det ca. 10 minutt. Herfrå går det til ein manuell kvalitetskontroll før det blir pakka for sal.

Sjå overflatebehandling i 360°

Klikk med musepeikaren og sjå deg rundt. Videoen fungerer best i fullskjerm.

Video: Tom Knudsen / CC BY-NC 4.0

Relatert innhald

Skrive av Marius Weum Stick, Tom Knudsen og Jarle Sten Olsen.
Sist fagleg oppdatert 15.03.2022