Tømraren

Kva gjer ein tømrar?
Den viktigaste oppgåva til ein tømrar er å bygge ulike konstruksjonar. Når du utdannar deg til tømrar, lærer du aller først om rett bruk av verktøy, maskiner og festemiddel, og du får kunnskap om ulike materiale. Dette gir deg eit godt grunnlag for å bygge konstruksjonar som bjelkelag og vegger.
På store byggeprosjekt samarbeider du med mange andre yrkesgrupper. Sidan moderne byggeplassar ofte er tekniske og kompliserte, er det heilt nødvendig å ha gode samarbeidsevner.
Krav til dagens tømrar
Tømrarfaget har endra seg mykje, og ein tømrar i dag må ha andre kvalifikasjonar enn for berre nokre år sidan. Som tømrar må du
vere ein dyktig og nøyaktig handverkar
ha gode datakunnskapar
ha gode ferdigheiter i å lese, skrive og uttrykke deg munnleg
HMS er alltid viktig
Helse, miljø og sikkerheit (HMS) står alltid i sentrum på ein byggeplass. Målet er at ingen skal skade seg på jobb. Derfor må alle ta ansvar, passe på seg sjølv og sjå til at kollegaer følger reglane.