Å produsere trelast - Praktisk yrkesutøving (BA-BAT vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Å produsere trelast

All produksjonen i sagbruket innfrir krava til nasjonale og internasjonale kvalitetskrav og standardar. I desse prosessane inngår det at fagoperatørane bruker avanserte maskiner, databaserte styringssystem og eventuelt robotar.

To hovudtypar last

I hovudsak kan vi seie at det blir produsert to hovudtypar last i sagbruket. Desse er skurlast og høvellast. Fellesnemninga vi bruker på dette, er trelast.

Skurlast

Det er tømmer som er oppdelt med sag i sagbruket. Ho er også tørka. Dette er materialar som endå ikkje er høvla, så dei har ei ru overflate.

Justert skurlast

Framstilling av justert skurlast går vanlegvis føre seg ved at ein høvlar ned skurlast. For eksempel kan dette gjerast ved at ein tar 50 x 100 mm og høvlar det ned til 48 x 98 mm. Ein må ikkje høvle på alle fire sidene. Ein kan høvle to, tre eller fire sider av planken.

Høvla skurlast

Produksjon av høvellast går føre seg ved at ein høvlar ned skurlast til for eksempel panel eller golvbord. Dette kan gjerast ved at ein kløyver større dimensjonar eller tar utgangspunkt i tynnare emne som så blir høvla direkte ned. Listverk blir vanlegvis tatt ut av sidebord. Vanlegvis er høvellast høvla på alle fire sider, men det finst unntak frå dette. Eit eksempel kan vere utvendig panel der overflata som skal liggje ut, skal vere ru. Dei tre andre flatene er høvla. Framsida på høvellast kan vere heilt plan eller det kan vere påført profilar/mønster. Not og fjør er også vanleg, for eksempel på golvbord og panelbord.

Biprodukt i samband med produksjon av trelast

  • Ca. 10 % av stokken er bark. Denne blir enten brukt som brensel, eller han blir seld for bruk som råvare til produksjon av hagebark og hagejord.
  • Delar av tømmerstokken det ikkje kan produserast plank eller bord av, blir seld til treforedlingsindustrien som råvare til produksjon av tremasse og cellulose.
  • Sagflis og høvelspon blir brende for å produsere varme til sagbruket og hus i nærleiken. Noko blir til strø for husdyr.
Skrive av Kai Henning Andersen.
Sist fagleg oppdatert 03.11.2017