Å vere objektiv - Pedagogisk arbeid (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Å vere objektiv

Når du skal observere, må du gå fram på ein slik måte at det du rapporterer frå observasjonen, er til å stole på. Rapporten din må vere truverdig. Skal observasjonane bli truverdige, må du konsentrere deg fullstendig om den situasjonen du skal observere.

Objektiv observasjon

Det er vanskeleg å observere på ein objektiv måte. Vi vil aldri klare å vere helt objektive, men vi kan gjere vårt beste for å vere så objektive som mogleg. Når vi får trening i å skildre ein situasjon og tolke han etterpå, blir vi flinkare til å skilje mellom det som skjer (skildring), og det vi opplever skjer (tolking).

Når du observerer, skal du først notere ned det du faktisk ser og høyrer, ikkje det du trur og meiner. Tolkingane dine kan vere ein viktig del av observasjonen, men dei skal kome for seg sjølv. Du skal greie å skilje mellom skildring og tolking.

Døme:

Skildring: Anne slår Knut i hovudet med ein leikebil. Knut græt.

Tolking: Anne er sint, og Knut blir lei seg.

Når du skildrar, skriv du ned det som skjer. Etterpå skriv du ned kva du tolkar dette som.

Mengda av sanseinntrykk vi får inn når vi observerer, er så stor at vi må konsentrere oss om det vi meiner er viktig. Det er lurt å avgrense observasjonen, slik at du kan konsentrere deg fullt om det du er ute etter.

Dersom du bestemmer deg for å observere "under føremiddagsmaten", får du ei nesten uoverkommeleg oppgåve. Bestemmer du deg derimot for å observere "samspelet mellom barna" – under føremiddagsmaten – er oppgåva langt meir overkomeleg.

Når du avgrensar observasjonsområdet, er det lettare å få med det som er viktig, og observasjonen blir dermed meir truverdig.

  • Unngå synsing, skriv berre det du faktisk ser eller høyrer.
  • Ikkje bruk vurderande ord som snill, slem, kul og så vidare når du skildrar – dette høyrer med til tolking.

Tolking

Når du skal tolke den eller dei observasjonane du har gjort, må du vere ryddig. Du gjer dine tolkingar, men det er ikkje sikkert dei stemmer med verkelegheita. Diskuter med kollegaer for å få fleire synspunkt.

Når det er naturleg å uttrykkje di eiga meining om situasjonen, må det gå klart fram at det er di tolking. Dette kan du til dømes gjere ved å skrive:
– Dette tolkar eg som ...
– Det såg ut som …
– Eg opplevde at ...

Utfordringar til deg

  1. Kva er skildring?
  2. Kva er tolking?
  3. Kvifor skal vi skilje mellom skildring og tolking?
  4. Kvifor er det viktig å avgrense observasjonsområdet?
  5. Kva gjer ein observasjon truverdig?
Skrive av Randi Kvernmo, Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 07.09.2021