Observasjon - Pedagogisk arbeid (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Observasjon

Observasjon hjelper deg til å sjå behova, kompetansen og interessene til det enkelte barnet og barnegruppa. Det hjelper deg til å få innsikt i og forståing for livet og perspektiva til barna. Observasjon er utgangspunktet for å planleggje kvardagen for enkeltbarnet og barnegruppa.

Kva er observasjon?

Observasjon betyr å sjå, halde auge med eller undersøkje noko. Det er ein merksam sansing, og det er ei ferdigheit knytt til det å vere barne- og ungdomsarbeidar. Vi kan observere spontant eller meir systematisk, med penn og papir og digitale hjelpemiddel (video, foto og liknande). I arbeidet med barn og unge observerer vi for å kunne leggje forholda best mogleg til rette for trivsel og allsidig utvikling.

Merksamt nærvær

I arbeidet med barn og unge er det både nyttig og viktig å ha ei observerande grunnhaldning. Når du er aktivt deltakande i samspelet med barna og merksamt til stades med eit nysgjerrig, interessert og engasjert blikk i situasjonen, kan du observere det som skjer.

Merksamt nærvær vil seie at når du deltek i aktivitetar saman med barna, ser og lyttar du til det barna uttrykkjer. Du ser kva dei uttrykkjer med heile seg, både gjennom språk og gjennom kroppen. Du konsentrerer deg slik at du forstår kva barnet formidlar. Ut frå det du observerer, har du moglegheit til å vurdere situasjonen og handle ut frå at barn skal ha det godt og oppleve glede, venskap, leik og læring. Dette er ei viktig ferdigheit som du må øve opp i arbeidet med barn og unge. Det er ein måte å nytte spontan eller uformell observasjon i det pedagogiske arbeidet ditt på.

Du treng denne ferdigheita når du nyttar observasjon som ein metode for å forstå kva som skjer ut frå perspektiva til barna.

Observasjon som metode

Å nytte observasjon som metode handlar om at du systematisk samlar inn informasjon og nyttar det for å studere enkeltbarnet, barnegruppa og din eigen praksis. Då kan du vurdere om de legg til rette for ein praksis som er positiv for trivselen og den allsidige utviklinga til barna. Observasjon dannar grunnlaget for å planleggje og leggje forholda til rette for gode kvardagar for barna. Det bidreg til at du kan leggje til rette for den hjelpa og støtta som eit barn treng.

Observasjon som metode er ein prosess som består av sansing og merksemd, persepsjon, nedskriving og refleksjon. Prosessen bidreg til endring og utvikling av praksis og gir oss forståing.

Rette merksemda mot

Du registrerer omgivnadene ved hjelp av alle sansane. Syn og høyrsel er særleg viktige, men dei andre sansane, som til dømes følesansen og luktesansen, nyttar du til å utvide inntrykka. Når du observerer, må du aktivt lytte til det som går føre seg, for å få forståing for livet til barna. I tillegg til å registrere det barna uttrykkjer ved hjelp av språket, må du vere merksam på det barnet uttrykkjer ved hjelp av kroppsspråket. Du må sjå kva heile barnet uttrykkjer.

Persepsjon

Vi hentar informasjon frå omgivnadene gjennom sansane våre. Persepsjon handlar om at vi tolkar og organiserer inntrykka for at dei skal gi ei meining for oss. Dette skjer ofte samtidig som vi sansar.

Nedskriving

Undervegs eller etter ein observasjon skal du setje ord på og skrive ned det du har observert. Når du skriv ned, skal du prøve å beskrive det som faktisk skjedde, det du registrerte då du observerte. Korleis var situasjonen? Kven deltok? Kva gjorde barna? Kva sa dei? Kva for nokre kroppslege uttrykk viste dei?

Når vi beskriv det vi har observert, er det tolkinga vår av det vi har sett. I observasjonsarbeidet er det viktig å vere klar over at du tolkar verda ut frå den forståinga og dei verdiane og haldningane du har. Det er måten du forstår verda på.

Ein nedskriven observasjon gir deg moglegheit til å dele han med andre slik at de saman kan reflekterer over og vurdere det arbeidet som er gjort. Vi kan òg observere gjennom bruk av digitale observasjonsverktøy som video, foto og lydopptak. Då nyttar vi dette materialet for refleksjon og vurderingar.

Refleksjon

Når du reflekterer, koplar du til tankane, og du får høve til å tenkje over og vurdere den situasjonen du har observert. I denne situasjonen er det naturleg at du deler observasjonen med kollegaer. På den måten kan fleire kome med sitt syn og tolking av observasjonen. Det kan både styrkje forståinga di og utfordre deg til å tenkje annleis. Det kan bidra til auka innsikt og forståing av livet til barnet.

Ein del av det å reflektere over observasjonen er å bli klar over at du som observatør er ein del av det som blir observert. Du må reflektere over og vurdere korleis rolla di påverka observasjonen. Å dele observasjonen med andre gir moglegheit for at det kjem fram fleire måtar å forstå observasjonen på.

Vi må hugse at vi ikkje kan få eit komplett bilete av livet til barn. Det er berre barnet sjølv som har erfaringar om seg sjølv.

Endring og utvikling

Observasjonar og refleksjonsarbeid fører til at vi kan endre og utvikle det arbeidet vi gjer i kvardagen til barn og unge. Observasjonsarbeidet kan bidra til at du stoppar opp og reflekterer over dine eigne haldningar, verdiar og veremåtar i arbeidet med barn og unge. Kva haldningar og verdiar er det som styrer vala og handlingane mine?

Den innsikta du får, kan du nytte for å utvikle yrkesrolla di vidare. Det kan føre til at du endrar måten du handlar og tenkjer på i arbeidet med barn, og at du blir meir reflekterte i handlinga dine.

Observasjonane nyttar vi som utgangspunkt for å planleggje kvardagen for det enkelte barnet og barnegruppa.

Forståing i praksis

Observasjon gir deg høve til å få forståing for behova til barnet og barnegruppa, og korleis dei opplever livet sitt og det å vere handlande og aktive i den kvardagen dei er ein del av. Det gir deg òg kunnskap om korleis ulike samanhengar kan bidra til omsorg, leik, utvikling og læring.

I tillegg kan refleksjon i observasjonsarbeidet bidra til at du får auka forståing for di eiga rolle som observatør, og at du blir klar over at det du observerer og oppfattar, er den subjektive oppfatninga di.

Utfordringar til deg

  1. Kva er observasjon?

  2. Korleis kan du nytte observasjon som ein metode i arbeidet med barn og unge?

  3. Kva er skilnaden mellom merksamt nærvær og observasjon som metode?

  4. Kvifor skal du nytte observasjon i arbeidet med barn og unge?

Kjelde

Frønes, M. H. (2019). Med blikket som redskap. I M. H. Frønes & V. Glaser (Red.), Praksisbok for barnehagelærerstudenten (s. 79–90). Universitetsforlaget.

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 30.06.2021