Faget økonomi og administrasjon
Emne i faget
Det nye faget økonomi og administrasjon inneheld mange av dei same emna som tidlegare var i faga forretningsdrift på sal og reiseliv og administrasjon og berekraftig drift på service, sikkerheit og administrasjon.
Endringar
Økonomi
Økonomidelen er forenkla i den nye læreplanen. I den gamle læreplanen for service, sikkerheit og administrasjon skulle elevane kunne berekne lønnskostnader, mens dei i den nye læreplanen berre skal gjere greie for ulike lønnskostnader.
Budsjett og rekneskap er i den nye læreplanen knytte opp mot ei sjølvvald verksemd eller eit arrangement, noko vi kan sjå på som ei forenkling. Sidan det i den nye læreplanen er nok at elevane skal kunne utarbeide og presentere budsjett og rekneskap for eit arrangement, er det til dømes ikkje like naturleg å lære dei om tidsavgrensingar i rekneskapen.
I den gamle læreplanen for service, sikkerheit og administrasjon er omgrepa likviditetsbudsjett og resultatbudsjett eksplisitt nemnde, noko det ikkje er i den nye. Om elevane vel eit lite arrangement, er det ikkje like naturleg å gå gjennom likviditetsbudsjett som før.
Administrative rutinar
I den nye læreplanen er administrative rutinar vektlagde mindre enn i den tidlegare læreplanen for service, sikkerheit og administrasjon.
KI – ei grunnleggande ferdigheit
Den største endringa i dei grunnleggande ferdigheitene i den nye læreplanen er at bruk av KI er teken med under digitale ferdigheiter:
Digitale ferdigheiter handlar òg om å kunne bruke digitale verktøy og å kunne bruke kunstig intelligens i eige arbeid og i tverrfaglege samanhengar.
Bruk av KI er derfor lagd inn i fleire oppgåver, sidan det er viktig at elevane lærer seg å bruke verktøyet på ein formålstenleg måte. Vi oppfordrar til å bruke NDLA sin praterobot, og ber elevane reflektere over kva som kjenneteiknar god bruk av KI.
Bruk av KI i yrka som elevane skal inn i, er òg teke inn i fagressursane.