Skriv eit avsnitt om motivet i Skylappjenta

Del 1: Diskuter kva eit godt avsnitt er
Målet med denne oppgåva er at du skal skrive eit avsnitt. Avsnittet skal handle om motivet i Skylappjenta.
Diskuter i grupper:
Kva er eit avsnitt?
Kva er eit godt avsnitt?
Veit de kva desse omgrepa betyr når de snakkar om avsnitt?
temasetning
kommentarsetning
døme
Del 2: Kva er eit godt avsnitt?
Sjå filmen Hvordan lage gode avsnitt? (lengde 4:27).
Korleis skrive eit ryddig avsnitt? Video: Åsa Abusland, Siren Halvorsen, Øystein Johannessen, Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0Diskuter i klassen: Forstod alle
kva ei temasetning er
kva kommentarsetningar er
kva flyt i teksten er
korleis de lagar eit ryddig avsnitt
Del 3: Skriv eit avsnitt om motiv i Skylappjenta
No skal du skrive eit avsnitt om det du meiner er motivet i Skylappjenta. Følg oppskrifta under.
A. Lag ei temasetning
Temasetninga er den første setninga i avsnittet. Oppgåva til temasetninga er å vise kva avsnittet skal handle om.
Sjå til dømes på modellteksten under. Dette er ei temasetning til eit avsnitt om motivet i romanen Og – En argentinsk au pairs ordbok. Dette kjem tydeleg fram i temasetninga sidan ho inneheld ordet motiv.
Altså:
Skriv ei temasetning til avsnittet om motivet i Skylappjenta. Bruk ordet motiv.
B. Fortel att handlinga
Fortel kva som skjer i filmen frå starten til han er nesten slutt. Bruk gjerne setningsbindarar som:
først
etterpå
såg
deretter
C. Skriv om avslutninga
Kva skjer heilt til slutt i filmen? Beskriv dette med ei setning eller to. Bruk setningsbindarar som anten "Til slutt" eller "Filmen avsluttar med at...".
Del 4: Gi kvarandre tilbakemelding
Sit i par og les avsnitta dykkar høgt for kvarandre. Gi kvarandre tilbakemelding på språk og innhald. Snakk om dette:
Har de klart å lage flyt mellom setningane?
Har de ei god temasetning?
Har de ein midtdel som fungerer godt?
Skriv de tydeleg om kva som skjer til slutt i filmen?
Spør læraren viss de er i tvil om noko.