Oppgåve
Forklar eufemisme og dysfemisme
Vi kan bruke språket til å omskrive røynda. Diskuter og forklar ulike eufemismar og dysfemismar.

Ein ubeden gjest.
Oppgåve 1. Forklar eufemismane
Uttrykka nedanfor er eufemismar av ulik art. Forklar kva dei tyder.
- Ubedne gjester
- Å ha levd ei stund
- Vaksenfilm
- Mannen med ljåen
- Ikkje vel bevart
- Pikenes Jens
- Innsett
- Litt for glad i det sterke
- Glamourmodell
Oppgåve 2. Eufemisme og krig
Når vi omtaler krig og dei følgjene krig har, bruker vi ofte eufemismar.
Forklar kva som skjuler seg bak uttrykka nedanfor. Søk på internett om du ikkje kjenner til uttrykka frå før.
Diskuter: Kva kan grunnen vere til at vi ikkje seier rett ut kva som skjer?
- sivile tap
kirurgisk krigføring
nøytralisere
- Little Boy, Fat Man

Eit sivilt tap er eit menneskeliv som er tapt for alltid.
Oppgåve 3. Forklar dysfemismen
Samanlikn uttrykka nedanfor. Det eine uttrykket er nøytralt, det andre er ein dysfemisme. Forklar nærare kva dysfemismen tyder.
- regjering : regime/makthavarar
- hus : rønne
- plante : ugras
- insekt : utøy
- ansvarlege : bakmenn
- toleranse : snillisme
- tv-sjåar/pc-brukar : skjermrotte
Relatert innhald
Eufemisme og dysfemisme
Eufemismar er forskjønnande omskrivingar, dysfemismar er omskrivingar med nedsetjande tyding. Lær meir om desse språkelege verkemidla.