Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Språklege verkemiddel

Fagstoff

Allusjon

Allusjonar blir brukte for å gi teksten eit ekstra lag, skape attkjenning hos lesaren og for å seie mykje med få ord.

Å låne frå andre tekstar

Definisjon

Ein allusjon er eit medvite, openlyst lån frå eller hint til ein annan tekst.

Verkemiddelet fungerer berre når lesaren, sjåaren eller tilhøyraren veit kvar allusjonen er henta frå.

Lån – ikkje tjuveri

Når vi skriv ein fagtekst og bygger på det som andre har skrive, må vi vere nøye med å gi opp kvar vi har henta innhaldet frå, elles kan vi bli skulda for plagiat (teksttjuveri). Med allusjonen er det motsett: Vi skal ikkje gi opp kjelda. Ikkje fordi vi skal skjule at vi låner frå ein annan tekst, men fordi det er meininga at lesaren eller lyttaren sjølv skal oppdage lånet. Allusjonen vekker assosiasjonar som bidreg til ei djupare forståing av teksten.

Eit døme frå litteraturen

Allusjonar får oss til å sjå både likskapstrekk (parallellar) og motsetnader (kontrastar) mellom tekstar. Den norske hiphop-gruppa Klovner i Kamp bruker til dømes både Bibelens juleevangelium og "Julekveldsvisa" til Prøysen i songen "Et juleevangelium", som handlar om ein familie som ikkje har råd til vanleg julefeiring.

Juleevangeliet

Den første allusjonen finn vi alt i sjølve songtittelen "Et juleevangelium". Tittelen får alle som kjenner juleevangeliet til å tenke på forteljinga om korleis Maria og Josef reiser til Betlehem for å bli innskrivne i manntalet, slik den romerske keisaren Augustus hadde bestemt. Her blir så Jesus fødd i ein stall, fordi det ikkje er plass i herberget.

I songteksten til Klovner i kamp blir historia attfortald i eit røft, kvardagsleg og slangprega språk. Maria og Josef blir framstilte som to vanlege menneske med vanlege bekymringar, som det er lett å identifisere seg med. Dei er fattige, og hadde dei levd i dag, ville dei truleg heller ikkje hatt råd til noka julefeiring. Fattigdommen har dei felles med familien som songen handlar om.

Julekveldsvisa

Allusjonen til "Julekveldsvisa" har ein annan funksjon. I denne visa har Prøysen teikna eit idealbilete av jula, der førebuingane er prega av ro, glede og forventing. Dette idealbiletet står i sterk kontrast til julefeiringa som blir skildra i songen "Et juleevangelium", der faren gjer tafatte forsøk på å skape julestemning, men gir opp. Dermed blir det ekstra tydeleg at familien fell utanfor rammene for vanleg levestandard og det vi elles tenker på som vellykka.

Eit døme frå reklamen

Illustrasjonen nedanfor viser ein brusetikett frå Hansa Mineralvannfabrikk i Bergen. Det er ikkje tilfeldig at Hansa har valt namnet Eventyr-Brus. Ordet eventyr vekker hyggelege minne og assosiasjonar hos dei fleste. Vi tenker kanskje på samlingsstunder i barnehagen, på eventyrfilmar vi har sett, eller på høgtlesing på sengekanten. Teikninga på etiketten forsterkar eventyrassosiasjonane. Ho viser ei scene frå eventyret om Raudhette og ulven. Dette er eit spennande eventyr som dei fleste liker og hugsar godt.

Gode minne har smitteeffekt

Reklamen bruker allusjonane aktivt for å skape eit positivt inntrykk av eit produkt som skal seljast. Vi veit strengt teke at brusen frå Hansa ikkje har noko som helst med eventyr å gjere, han kjem frå ein fabrikk akkurat som all annan brus. Men allusjonen har ein smitteeffekt: Når vi ser på etiketten, smittar dei positive assosiasjonane våre automatisk litt over på innhaldet i flaska.

Relatert innhald

Skrive av Marion Federl og Cecilie Isaksen Eftedal.
Sist oppdatert 05.02.2026