Oppgåve
Video
Utforsk konspirasjonsteoriar
Sjå filmen
Sjå filmen "Konspirasjonsteorier" (lengde 11:47):
Kva er ein konspirasjonsteori, og korleis kan vi sjekke om teoriane stemmer? Video: Terranova Media / CC BY-NC-ND 4.0
Del 1: Kva for konspirasjonsteoriar kjenner du til?
Lag ei liste, gjerne saman med ein medelev.
- Kva for saker tek desse konspirasjonsteoriane føre seg?
Del 2: Undersøk ein konspirasjonsteori
Vel deg ut éin konspirasjonsteori du vil sjå nærare på. Bruk gjerne ein av dei som blir nemnde i videoen.
- Finn fleire kjelder som beskriv og forklarer hendinga eller fenomenet på ulike måtar.
- Ta ein kjeldesjekk på kjeldene du har funne. Bruk hugseregelen TONE.
- Kva for kjelder belyser hendinga eller fenomenet best? Grunngi svaret ditt.
Les gjerne fagartikkelen "Falske nyheiter svekker tilliten til media".
Del 3: Kor farleg er det?
Kor farleg er det å tru på konspirasjonsteoriar, og kven lèt seg overtyde av desse?
- Kva trur du er svaret på desse to spørsmåla? Skriv ned eller diskuter med ein medelev. Hugs å grunngi svara dine!
Bruk fleire kjelder til å finne svar på spørsmåla. Start gjerne med desse to artiklane:
- "Konspirasjonsteorier er det stikk motsatte av kritisk tenkning" (ublogg.no) av Marte Mesna (Ublogg, 2019)
- "Personer som tror på konspirasjonsteorier ser verden som et farlig sted" (forskning.no) av Elise Kjørstad (Forskning.no, 2018)
- Kjenner du til ein eller fleire hendingar dei siste åra som er inspirerte eller utløyste av konspirasjonsteoriar?
Del 4: Lag eigen konspirasjonsteori
Lag ein konspirasjonsteori! Bruk det du har lært gjennom filmen og det som står i punkta under til å konstruere din eigen teori.
- Lag ei alternativ forklaring til ei nyleg hending eller eit ganske nytt fenomen som det ikkje allereie finst ein slik teori for.
- Presenter konspirasjonsteorien din for medelevar. Bruk kunnskapane dine om retorikk til å prøve å overtyde dei.