Utforsk retorikken i kommentarfelt - Norsk (YF) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Utforsk retorikken i kommentarfelt

I denne oppgåva skal de lage hypotesar om aktiviteten i kommentarfelt, utforske hypotesen, og til slutt avkrefte eller bekrefte han. Sluttproduktet skal vere ei framføring som aktiviserer resten av klassen.

Del 1: Diskuter i grupper:

  1. Kva forskjellar er det mellom å kommunisere på nett og å møtast ansikt-til-ansikt?
  2. Kvifor trur de mange aviser har valt å stengje kommentarfelta sine?
  3. Trur de folk som skriv i kommentarfelt bruker mest etos, patos- eller logosargumentasjon?
  4. Kven er røffast i ordbruken på nett: ungdomar eller vaksne? kvinner eller menn?

Del 2: Vel ei sak

Organiser dykk i grupper og vel ei eller fleire saker de vil fordjupe dykk i. Målet er å finne ut av korleis deltakarane i kommentarfelta argumenterer.

Bestem dykk for om de vil fordjupe dykk i ei sak eller samanlikne kommentarfelta om fleire saker.

Korleis skal de finne kommentarfelt?

Mange aviser har stengt kommentarfelta sine. Men her er det tips til kva de kan oppsøkje:

  • Aftenposten har kommentarfelt der brukarane kan kommentere etter at dei har logga seg inn med fullt namn – òg til Si ;D-sidene.
  • VG har kommentarfelt som krev innlogging for å kommentere.
  • På Facebook har dei fleste politikarar eigne sider der det blir debattert heftig i kommentarfelta.

Treng de tips?

Vel gjerne sak sjølv. Men om de synest det er vanskeleg å komme på noko, kan de velje ei av sakene under.

  1. Kor mange innvandrarar skal Noreg ta i mot?
  2. Skal den norske staten subsidiere el-bilar?
  3. Skal det brukast kjønnskvotering til visse studiar og jobbar?
  4. Likestilling
  5. Influensarar
  6. Skal vi bore etter meir olje?
  7. Avkriminalisering av narkotika
  8. Miljø

Del 3: Lag ein hypotese

Eit godt utgangspunkt for utforskande læring er å lage seg ein hypotese. Men kva er det?

Snl.no definerer ein hypotese slik:

Hypotese er en gjetning, antagelse eller forklaring som synes rimeleg ut fra foreliggende kunnskap, og som en prøver å avkrefte eller bekrefte..

(Snl.no/hypotese)

Ein hypotese skal altså ta utgangspunkt i dei førehandskunnskapane de har om eit emne. De skal derfor gå fram slik:

  1. Sjå på emnet de har valt dykk. Diskuter korleis de meiner eit typisk kommentarfelt vil sjå ut når denne saka blir diskutert på nett.
  2. Ta utgangspunkt i diskusjonen og lag ein hypotese. Det som er viktig å tenkje på, er at hypotesen de skal undersøkje faktisk kan avkreftast eller bekreftast. Til dømes kan det bli vanskeleg å undersøkje hypotesar som "ungdom argumenterer med meir patos enn vaksne", fordi dei fleste kommentarfelt ikkje avslører alderen til den som skriv.

Døme på gode hypotesar

  • Når menn kommenterer likestillingsdebatten, bruker dei mykje patos.
  • Kvinner som kommenterer saker om el-bilar, bruker mykje logos.
  • Menn bruker meir logos i kommentarfelta enn kvinner.
  • Det blir brukt meir patos i debatten om likestilling enn i debatten om olje.
  • Kommentarfelta til Si ;D er venlegare i tonen enn kommentarfelta til innlegg som er skrivne av vaksne.
  • Dei som kommenterer på Facebook-sida til Sylvi Listhaug, bruker fleire verdiladde ord enn dei som kommenterer på sida til Jonas Gahr Støre.

Del 4: Undersøk hypotesen

No skal de jobbe saman i gruppa og undersøkje hypotesen de har laga. Det er svært viktig at de held dykk objektive og ikkje lèt fordommane dykkar styre dykk. For målet er ikkje å stadfeste hypotesen, men å avkrefte eller bekrefte han.

Det kan vere like interessant om funna dykkar viser det motsette av det hypotesen dykkar seier. Målet med utforskande læring er nemleg å vere ein aktiv, nysgjerrig og reflektert elev.

Tips til korleis de kan gå fram:

  • Ikkje gap over for mykje. Kanskje held det å ta utgangspunkt i eitt eller to kommentarfelt?
  • Lag dykk eit skjema der de kan føre inn funna undervegs. Det er viktig at alle på gruppa skriv inn funn.
  • Noter ned sitat frå kommentarfelta, slik at de kan bruke desse når de skal leggje fram funna dykkar.
  • Ikkje ver redde for å omformulere hypotesen. Viss de finn ut at de har laga ein hypotese som er umogleg å bekrefte eller avkrefte, gå tilbake og lag ein ny.

Del 5: Diskuter funna

Når de har undersøkt kommentarfelta, må de diskutere om de har klart å finne eit klart svar på det de har undersøkt.

Er hypotesen bekrefta eller avkrefta? Skriv hypotesen øvst i eit dokument og formuler eit svar på denne.

Døme på eit godt svar på ein hypotese:

Hypotese:
"Menn bruker meir patos når dei diskuterer Greta Thunberg enn kvinner."
Bakgrunn:
Vi ønskte å gå inn i Greta Thunberg-debatten fordi vi veit at Thunberg vekkjer mykje kjensler. Hypotesen vår var at menn blir meir provoserte av Thunberg enn kvinner, og at dei derfor ville skrive meir kjensleladde innlegg enn kvinner i kommentarfelta.
Arbeidsmetode:
For å avgrense kjeldematerialet tok vi utgangspunkt i kommentarfelta til to reportasjar om Thunberg. Det eine kommentarfeltet tilhøyrde den høgrevridde nettstaden Resett.no, medan det andre var kommentarar til den meir nøytrale avisa Aftenposten.
Undervegs førte vi statistikk. Vi hadde eit skjema der vi talde opp talet på menn og kvinner som argumenterte. Dessutan førte vi inn om innlegga var dominerte av patos, etos, eller logos. Dersom vi var usikre på kva appellform som dominerte, spurde vi læraren vår om hjelp.
Resultat:
Resultatet viste oss at hypotesen var riktig. For det første var det fleire menn som kommenterte Greta Thunberg-artiklane enn kvinner, og for det andre brukte mennene sterkare ord og langt meir patos enn kvinnene.
Men det er viktig å leggje merke til at det først og fremst var mennene som var negative til Thunberg som brukte mykje patos. Mennene som støtta Thunberg, brukte mykje logos.
Eit anna interessant funn var at kvinnene som forsvarte Thunberg, brukte meir patos enn mennene.
Eit tilleggsfunn var at kommentarfeltet i Resett.no var prega av langt meir negativt verdiladde ord enn kommentarfeltet til Aftenposten.

Del 6: Legg fram funna for klassen

Legg fram funna munnleg for resten av klassen. Prøv å lage eit foredrag som engasjerer medelevane dykkar. Nokre gode tips til framføringa:

  • Presenter hypotesen dykkar og spør om klassen trur de fekk den avkrefta eller bekrefta. Be medelevane dykkar om å grunngi.
  • Vis fram statistikken de har ført undervegs. Spør klassen om statistikken er som venta, eller om nokon av tala overraskar dei.
  • Etter å ha presentert funna og svaret på hypotesen, be medelevane gå saman i grupper og diskutere kva som kan vere årsakene til at funna var som dei var. Kvifor trur til dømes klassen at menn bruker meir patos enn kvinner når dei diskuterer Greta Thunberg på nett?
  • Avslutt presentasjonen med å la medelevane dykkar kome med teoriar om kvifor funna var som dei var.
Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2020