Lyrikkanalyse: det viktigaste verkemiddelet

Del 1: Finn verkemiddelet
Sit i trear-grupper:
Alle skriv ned på ein lapp kva dei synest er det viktigaste verkemiddelet i diktet "Mareritt i eventyrskogen".
Deretter samanliknar de svara. Er de einige, eller har de ulike oppfatningar?
Samanfatt i klassen til slutt. Kva kom de fram til?
Korleis skrive avsnitt om verkemiddel?
Formålet med slike avsnitt er å vise
korleis forfattaren skriv
kvifor forfattaren skriv slik hen gjer
Temasetning
Temasetninga er den første setninga i avsnittet. Ho gjer det klart kva avsnittet kjem til å handle om. Og når du skriv om verkemiddel, bør temasetninga ha med eit fagomgrep.
Kommentarsetning(ar)
Skriv gjerne ei eller fleire setningar som utdjupar og forklarer det du påstår i temasetninga.
Sitat frå teksten
Bevisa dine er sitat frå teksten. Flett dei inn i teksten på ein god måte.
Funksjon
Når du skriv om eit verkemiddel, bør du alltid seie noko om funksjonen det har i teksten. Prøv til dømes å forklare korleis verkemiddelet skaper ei stemning eller seier noko om temaet.
Del 2: Sjå på eit eksempelavsnitt
I avsnittet under har skrivaren brukt alle tipsa over til å analysere eit fiktivt dikt. Finn igjen temasetninga, kommentarsetningane, bruk av sitat og vurderinga av funksjonen til verkemidla:
Dei to viktigaste verkemidla i diktet er personifikasjon og kontrastar. Omgrepa som blir personifiserte, er i utgangspunktet positivt lada alle saman, som "lykke", "kjærleik", "liv" og "paradis". Men i diktet blir dei kombinerte med verb som uttrykker noko negativt. I det første avsnittet seier det lyriske eget mellom anna at lykka "skjærer grimaser", og at kjærleiken "geiper" til det. I det andre avsnittet er det brukt endå mørkare ord, som at livet "glefser", og paradiset "dør". Denne skarpe kontrasten mellom positivt lada substantiv og negativt lada verb viser korleis kjærleikssorga påverkar det lyriske eget: Alt som burde kjennast godt, er no berre vondt. Lykka, kjærleiken og livet står fram som personar som gjer narr av det lyriske eget og nesten mobbar det. Verkemiddelbruken vekker medkjensla vår med det lyriske eget og får godt fram temaet.
Del 3: Skriv sjølv!
No skal du skrive eit avsnitt om besjelingane i diktet "Mareritt i eventyrskogen".
Følg oppskrifta:
temasetning
kommentarsetning(ar)
sitat frå teksten
funksjon