Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Lyrikkanalyse: det viktigaste verkemiddelet

Eit godt råd før du skal setje i gang med verkemiddelanalysen, er å ta det viktigaste først. Finn fram til det mest framståande verkemiddelet i teksten og start der.

Del 1: Finn verkemiddelet

Sit i trear-grupper:

  1. Alle skriv ned på ein lapp kva dei synest er det viktigaste verkemiddelet i diktet "Mareritt i eventyrskogen".

  2. Deretter samanliknar de svara. Er de einige, eller har de ulike oppfatningar?

  3. Samanfatt i klassen til slutt. Kva kom de fram til?

Nokon tips på vegen?

Somme vil kanskje seie at besjeling er det viktigaste verkemiddelet i "Mareritt i eventyrskogen". I det første og lengste avsnittet i diktet er det mange besjelingar, og dei er med på å skape grunnstemninga i diktet. Andre har kanskje lagt merke til dei mange kontrastane?

Diktet inneheld ein god del ord som er knytte til temaet barndom, og desse orda er positivt lada eller nøytrale. Andre ord, som sanning og fornuft, knyter vi til ein meir vaksen tenkemåte, og desse har fått ein negativ klang i diktet. Eller kan det vere allusjonane (antydningane) til eventyrverda som er viktigast, sidan diktet har fått tittelen "Mareritt i eventyrskogen"?

Det er ikkje alltid noko fasitsvar på spørsmålet om kva som er det viktigaste verkemiddelet i ein tekst, men det finst godt og mindre godt grunngitte svar. Uansett bør du starte med eit språkleg verkemiddel som blir brukt meir gjennomgåande og systematisk, ikkje eit som kanskje berre er brukt ein einaste gong i heile teksten.

Korleis skrive avsnitt om verkemiddel?

Formålet med slike avsnitt er å vise

  • korleis forfattaren skriv

  • kvifor forfattaren skriv slik hen gjer

Temasetning

Temasetninga er den første setninga i avsnittet. Ho gjer det klart kva avsnittet kjem til å handle om. Og når du skriv om verkemiddel, bør temasetninga ha med eit fagomgrep.

Kommentarsetning(ar)

Skriv gjerne ei eller fleire setningar som utdjupar og forklarer det du påstår i temasetninga.

Sitat frå teksten

Bevisa dine er sitat frå teksten. Flett dei inn i teksten på ein god måte.

Funksjon

Når du skriv om eit verkemiddel, bør du alltid seie noko om funksjonen det har i teksten. Prøv til dømes å forklare korleis verkemiddelet skaper ei stemning eller seier noko om temaet.

Del 2: Sjå på eit eksempelavsnitt

I avsnittet under har skrivaren brukt alle tipsa over til å analysere eit dikt. Finn igjen temasetninga, kommentarsetningane, bruk av sitat og vurderinga av funksjonen til verkemidla:

Dei to viktigaste verkemidla i diktet er personifikasjon og kontrastar. Omgrepa som blir personifiserte, er i utgangspunktet positivt lada alle saman, som "lykke", "kjærleik", "liv" og "paradis". Men i diktet blir dei kombinerte med verb som uttrykker noko negativt. I det første avsnittet seier det lyriske eget mellom anna at lykka "skjærer grimaser", og at kjærleiken "geiper" til det. I det andre avsnittet er det brukt endå mørkare ord, som at livet "glefser", og paradiset "dør". Denne skarpe kontrasten mellom positivt lada substantiv og negativt lada verb viser korleis kjærleikssorga påverkar det lyriske eget: Alt som burde kjennast godt, er no berre vondt. Lykka, kjærleiken og livet står fram som personar som gjer narr av det lyriske eget og nesten mobbar det. Verkemiddelbruken vekker medkjensla vår med det lyriske eget og får godt fram temaet.

Fasit

Temasetning: Dei to viktigaste verkemidla i diktet er personifikasjon og kontrastar.

Kommentarsetning + sitat: Omgrepa som blir personifiserte, er i utgangspunktet positivt ladae alle saman, som "lykke", "kjærleik", "liv" og "paradis".

Kommentarsetning: Men i diktet blir dei kombinerte med verb som uttrykker noko negativt.

Sitat: I det første avsnittet seier det lyriske eget mellom anna at lykka "skjærer grimaser", og at kjærleiken "geiper" til det. I det andre avsnittet er det brukt endå mørkare ord, som at livet "glefser", og paradiset "dør".

Funksjon: Denne skarpe kontrasten mellom positivt lada substantiv og negativt lada verb viser korleis kjærleikssorga påverkar det lyriske eget: Alt som burde kjennast godt, er no berre vondt. Lykka, kjærleiken og livet står fram som personar som gjer narr av det lyriske eget og nesten mobbar det. Verkemiddelbruken vekker medkjensla vår med det lyriske eget og får godt fram temaet.

Del 3: Skriv sjølv!

No skal du skrive eit avsnitt om besjelingane i diktet "Mareritt i eventyrskogen".

Følg oppskrifta:

  • temasetning

  • kommentarsetning(ar)

  • sitat frå teksten

  • funksjon

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 05.12.2025