Skriv akademisk og presist om frukt

Kva betyr det "å skrive akademisk"?
Eit akademisk språk er:
Presist. Ordet presis kjem frå det latinske ordet praecisus, som betydde "avskjere framfor" og "avkorte" (naob.no). Å skrive presist vil altså seie å skrive klart og tydeleg utan utanomsnakk. Kutt alle unødvendige ord!
Objektivt. Språket skal ikkje innehalde personlege uttrykk, som "eg". Det skal heller ikkje vise dine personlege meiningar.
Målretta. Du har gjerne fått ei oppgåve med eit formål. Dette formålet skal rettast mot ei spesifisert mottakargruppe.
Påliteleg. I ein akademisk tekst skal du støtte påstandar med kjelder.
Del 1: Skriv akademisk om vassmelon og banan
No skal du skrive akademisk og presist om frukt. Men først skal du sjå eit døme på korleis eit presist og objektivt språk ser ut.
Korleis beskrive presist?
Det første vi gjer, er å skrive ned det vi veit om emnet vi skal beskrive. I eksempelteksten under kan du sjå at språket er heilt presist. Ingen unødvendige ord er med:
Bjørka er ein tresort. Ho er eit lauvtre som feller blad om vinteren. Stammen er svart og kvit, mens krona har grøne blad. Bjørka kan vi finne både i skogen, i hagar og i parkar.
Oppgåve A. Beskriv vassmelon
Oppgåve B. Beskriv banan
Oppgåve C. Gi kvarandre tilbakemelding
Gå saman i par, og les tekstane om vassmelonar og bananar høgt for kvarandre. Gi kvarandre tilbakemelding på om språket:
er presist
er objektivt
beskriv dei to fruktene på ein god måte
Del 2: Bruk ei kjelde
No skal du utvide teksten. Gå til ei ekstern kjelde for å finne meir informasjon om fruktene. Det er viktig at du skriv med eige språk og fører kjelder, slik du kan sjå eit døme på her:
Bjørka er ein tresort. Ho er eit lauvtre som feller blad om vinteren. Stammen er svart og kvit, mens krona har grøne blad. Bjørka kan vi finne både i skogen, i hagar og i parkar. Faktisk er bjørka Noregs vanlegaste tre, og vi finn ho også i Asia. Treet kan bli opp til 15 meter høgt (Grindeland, 2022).
Oppgåve. Bruk kjelder i teksten din
Utvid avsnitta dine om vassmelon og banan ved å bruke kjelder. Du bør finne ei påliteleg nettside og skrive to–tre setningar om vassmelon og banan. Pass på at språket blir ditt eige!
Du kan til dømes skrive om:
kvar vassmelonar og bananar veks
kva for familie dei høyrer til
Hugs kjeldetilvising!
Del 3: Sammenlikn vassmelon og banan
Bruk det du no har skrive til å lage ei samanlikning av vassmelonen og bananen. Målet med teksten din er å:
peike på likskapar og skilnader mellom banan og vassmelon (sjå for deg at målgruppa ikkje veit noko om emnet)
skrive presist og fagleg
lage ryddige avsnitt
bruke tekstbindarar for å skape samanheng i teksten
Bruk gjerne samanlikninga mellom bjørk og furu under som ein modelltekst.
Relatert innhald
Eit magisk triks for å skape god flyt i teksten din er å binde saman både setningar og avsnitt. Lær deg korleis du gjer dette.
Det er viktig å bruke eit variert språk når du skriv kreativt. Denne oppgåva viser kvifor det er viktig. Her er det lov til å bruke synonymordbok.

