Hopp til innhald
Verktøy og mal

Sjekkliste: Vurder argumenta

Denne tabellen kan hjelpe deg med arbeidet når du skal undersøkje argument.

Bruk desse sjekkpunkta når du skal undersøkje og vurdere argumenta i ein diskusjon eller i ein tekst. Word-versjonen finn du nedst på sida. Den kan du laste ned og jobbe i sjølv.

Sjekkpunkt for å vurdere argument

Kva skal du sjå etter?

Kva betyr det?

Korleis kan du vurdere det?

Er argumentet haldbart?

Er faktagrunnlaget riktig?


Er innhaldet i argumentet sannsynleg?

Vurder om tal og andre faktaopplysninger som argumentet byggjer på, stemmer.

Sjå òg etter overdrivingar og generaliseringar som forenklar og set ting på spissen.

Der du ikkje kan sjekke reine fakta, må du vurdere om samanhengar som argumentet baserer seg på, verkar sannsynlege.

Er argumentet relevant?

Har det med saka å gjere?

Vurder om argumentet eigentleg handlar om noko anna enn saka som blir diskutert.

Vurder om samanlikningar med andre situasjonar eller saker er rimelege.

Prøver argumentet å avspore diskusjonen, ved å framstille ei anna problemstilling som viktigare?

Er argumentet sterkt nok?

Finst det sterkare motargument?

Vurder kva som skal til for å motbevise argumentet.

Er det brukt mykje skjult eller indirekte argumentasjon?

Bruker argumentet kjensler for å overtyde i staden for å basere seg på fakta?

Sjå etter pluss- og minusord. Dette er ord som gir positive eller negative assosiasjonar, og som dermed påverkar oss utan at vi merkar det.

Undersøk òg bruk av ironi og sarkasme.

Speler argumentet på frykt eller andre kjensler som kan få oss til å reagere sterkt?

Er det brukt personangrep eller stråmannsargumentasjon?

Handlar argumentet om å snakke nedsetjande om motstandaren?


Angrip argumentet synspunkt som motstandaren ikkje har?

Vurder om argumentet berre handlar om motstandaren og ikkje gir nye saksopplysningar.

Vurder om motstandaren faktisk har dei synspunkta eller eigenskapane som argumentet angrip.

Tabellen ligg òg som Word-fil her, slik at du enkelt kan leggje inn eigne notat.

Relatert innhald

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 19.03.2020