Oppgave
Samanlikn bobler og effektlydar i to teikneseriar
Det er stor forskjell på korleis teiknarane bruker boblespråk og lydeffektar i ein actionserie og i ei vanleg humorstripe. I denne oppgåva skal du beskrive og samanlikne bruken av bobler og andre lydeffektar i to teikneseriar.
Studér sida frå serieheftet Miracleman.
- Kva for verkemiddel bruker teiknaren for å få fram dialogen og lydsida i scena?
- Korleis ser vi kven som snakkar slik at vi skjønner rekkjefølgja i dialogen?
- Korleis blir ulik lydstyrke uttrykt?
Sjå på Pondusstripa.
- Korleis er boblene teikna her, om du samanliknar med Miracleman?
- Korleis formidlar teiknaren stemmebruken til personane?
- Kor har teiknaren brukt lydmålande ord?
- Korleis passar bobletekst og lydeffektar til handlinga i dei to seriane?
Relatert innhald
Fagstoff
TeikneseriarTeikneserien er ein sjanger som kombinerer bilete og tekst for å fortelje ei historie.
Fagstoff
Bobler og effektlydar i teikneseriarTeikneseriar kan framstille lydar visuelt. Dialogar blir gjerne vist i form av bobler. Effektlydar blir gjerne inn som eigne grafiske element i biletet.