Deling av åndsverk med CC-lisensar
Creative Commons stimulerer til deling
Creative Commons-lisensar blir brukte på kreative arbeid for å vise korleis verket kan brukast vidare av andre. Formålet med CC-lisenssystemet er å styrke open deling, samarbeid, kreativitet og innovasjon.
Du eig arbeidet ditt, det er verna etter åndsverklova. Når du lagar noko som har verkshøgd, er det du som har opphavsretten til verket, du har jobba systematisk og hardt og har lagt inn energi, tid og eigen innsats i å skape noko originalt. Derfor kan du òg sjølv avgjere om du vil legge ein CC-lisens på verket ditt. Det kan vere eit fotografi, biletkunst, ein video eller ein litterær tekst.
Med ein CC-lisens viser du andre korleis dei kan få bruke verket ditt vidare. Skal dei få lov til å forandre eller bygge på arbeidet ditt? Er det i orden å bruke verket ditt til eit kommersielt formål? Må verket delast vidare med dei same vilkåra eller ikkje?
Tenk over
Du deler eit kreativt arbeid med andre.
Kva fordelar kan det ha?
Kva ulemper kan det ha?
Fire vilkår i CC-lisenssystemet
Du avgjer kor fritt verket ditt kan brukast ved å velje dei vilkåra du vil ha, og setje dei saman til ein lisens. Du kan velje mellom fire grunnleggande vilkår:
BY – Opphavspersonen til verket skal namngivast.
SA – Dersom du gjer endringar, skal det nye verket gjerast tilgjengeleg på same vilkår.
NC – Du kan ikkje bruke verket til kommersielle formål.
ND – Du kan ikkje forandre, omarbeide eller bygge vidare på dette verket.
Oversikt over CC-lisensane
Nedanfor ser du moglege kombinasjonar av CC-lisensar. Dei er rangerte etter kor strenge krav dei stiller for vidare bruk.
Og hugs: Når du har gjenbrukt nokon andre sitt arbeid, skal du òg lenke til det opphavlege verket saman med lisensen.
Korleis blir CC-lisensar brukte?
På ein skala frå mest open til strengast er CC BY den lisensen som gir størst moglegheit for vidare bruk, mens CC BY-NC-ND er den lisensen som har flest avgrensingar. Aktørar bruker CC-lisensar slik det passar dei best. Vi ser på nokre døme.
Døme på CC BY: Pepar og Gulrot

Den franske teikneserieskaparen David Revoy publiserer jamleg nye episodar på nettsida si. I teikneserien følger vi eventyra til heksa Pepar og katten Gulrot.
Serien er publisert med den friaste av CC-lisensane, CC BY, noko som har bidrege til at menneske over heile verda både har engasjert seg i arbeid med å lage historia og med å omsetje henne til andre språk.
Sidan 2016 har forlaget, Glénat, jamleg publisert teikneserien i bokform. Det finst òg animasjonsfilmar som bygger på teikningane og historia i Pepar og Gulrot.
Prosjekt Morevna er blant dei som har laga animasjonar med utgangspunkt i teikneserien om Pepar og Gulrot. Morevna har gjort tilgjengeleg episodar som du kan laste ned og forandre, remikse og dele vidare, òg til kommersielle formål, så lenge du lisensierer arbeidet rett.
Døme CC BY: Noun Project

Nettstaden Noun Project, samlar symbol og ikon laga av grafiske designarar i heile verda. Ikon og typografiske symbol kan lastast ned gratis med ulike lisensar, mellom anna frå Creative Commons. Du kan laste ned både enkeltikon og ikonsamlingar.
Døme på CC BY-SA: Wikipedia
Wikipedia er eit opent og gratis nettleksikon utan reklame som blir skrive og halde ved like av frivillige bidragsytarar. Nettleksikonet vart grunnlagt i 2001 og er den største og mest lesne kunnskapssamlinga vi kjenner til.
Kven som helst kan lage seg ein brukar, skrive artiklar og rette opp i og kommentere tekstar. Innhaldet har CC-lisensen CC BY-SA og kan derfor kopierast og brukast fritt av alle, så lenge forfattaren er kreditert, og den oppgitte lisensen er den same.
Tenk over
Kva eigenskapar ved CC-lisensane har gjort det mogleg for Wikipedia å bli ei så stor, mykje brukt og varig teneste på nett?
Wikimedia Commons er ei parallell teneste til Wikipedia. Her kan du legge inn og finne bilete, video, lyd og 3D-modellar med CC BY-SA lisensar.

Døme på ulike lisensar i same teneste: NDLA
Læringsressursane på NDLA, som denne artikkelen er eit døme på, er publiserte med ei rekke ulike lisensar. NDLA samlar, utviklar, kjøper og sikrar kvalitet på tekst, bilete, video og interaktivitet. Innhaldet kjem frå mange ulike kjelder og kan ha ulik lisensiering.
Nesten alle undervisningstekstane har lisensen CC BY-SA. Dei fleste litterære tekstane i norskfaget har begrensa rett til gjenbruk gjennom eigne avtalar, det same har spelefilmane som er leverte av Norgesfilm. Undervisningsfilmane på NDLA kan ha CC SA-BY eller CC BY-NC-SA, og også bileta på NDLA har ulike lisensar.
Tenk over
Kvifor trur du det er ulik lisens på dei to bileta under?
Kva betyr lisensane for korleis du kan bruke bileta vidare?
Sentrale omgrep
- Opphavsrett
- Opphavsrett er den retten forfattarar, komponistar, fotografar og andre opphavarar har til verka sine. Opphavsretten gir den som har laga åndsverket, einerett til å bestemme over produktet sitt.
- Verkshøgde
- Verkshøgda sikrar at eit åndsverk har vern gjennom opphavsretten. Eit åndsverk må vere originalt og resultat av ein kreativ innsats for å ha verkshøgde.
- Creative Commons (CC)
- Creative Commons (CC) er eit lisenssystem som gir opphavspersonar høve til å dele verka sine samtidig som dei beheld opphavsretten.
- Remikse
- Å remikse betyr å omarbeide, forandre eller setje saman eit kreativt verk på nye måtar. Creative Commons-lisensar, som CC BY og CC BY-SA, tillet remiksing, mens CC ND forbyr det.
- Kreditere
- Å kreditere betyr å namngi opphavspersonen. Namngiving anerkjenner det kreative arbeidet til opphavaren av eit verk.
Sjekk: Kva står lisensane for?
Relatert innhald
Vi lever i ein digital tidsalder der det er lett å kopiere åndsverk som andre har laga. Derfor er det viktig å kjenne til lover og reglar.
Her får du tips om nettstader der du kan laste ned lyd og bilete til fri bruk eller med avgrensa lisens.







