Oppgåve
Les eit vinnardikt og bli inspirert!
Les diktet som vann Henrik-prisen for beste dikt i Wergelandkonkurransen, og bli inspirert til å skrive ditt eige dikt.
Del 1: Les og diskuter vinnardiktet
Les diktet "Min far, en ryggsekk".
Beskriv med eigne ord korleis faren i diktet blir framstilt.
Samanlikn det du har skrive med beskrivinga til ein medelev.
Del 2: Finn verkemidla i diktet
Diskuter desse spørsmåla i par.
Kva er den gjennomgåande metaforen i diktet, og kva funksjon har det at det er nettopp denne metaforen som blir brukt?
I den andre strofa står det at "[han] strammer reimene / når bakken blir bratt". Kva meiner de dette er ein metafor for?
Korleis tolkar de den siste strofa?
Del 3: Lag eigne metaforar
Tenk på menneske du kjenner og lag eigne metaforar som du synest passar til desse menneska.
Vel deg ut ein av metaforane i A og skriv eit dikt der du bruker metaforen som eit gjennomgåande bilete.
Relatert innhald
Elevtekst: "Min far, en ryggsekk"
Eit dikt om oppvekst og omsorg, skrive av elev ved KKG i 2025.