Øvelse
Komposisjon

Når vi set saman blomster, får vi ein blomsterkomposisjon.
Vel deg ei av novellene nedst på sida, og sjå på komposisjonen. Skriv ned døme frå teksten som viser kva du har funne ut:
- Korleis startar novella?
- I kva rekkjefølgje blir hendingane presentert?
- Er det stader i teksten der du får hint om kva som har skjedd i fortida, eller om noko som skal skje i framtida?
- Blir noko gjenteke i teksten, som hendingar eller formuleringar?
- Er det meir enn éi forteljing i novella?
- Korleis er spenninga bygd opp?