Hopp til innhald
Fagartikkel

Gjentaking

Gjentakinga er kanskje det første språklege verkemiddelet vi lærer oss – vi bruker gjentakingar så å seie frå den augeblinken vi klarer å snakke! Samstundes er gjentakinga eit allsidig verkemiddel som kan brukast på mange vis i både språk, musikk, kunst og design.

Eit allsidig verkemiddel

Det er nesten ikkje mogleg å beskrive alle typar gjentakingar som finst, og alle måtane ein kan bruke dei på. Vi kan gjenta lydar, rytmar, enkeltord, setningar og avsnitt. Til og med ulike delar av handlinga i ein tekst kan bli gjentekne. Gjentakingane kan vere heilt like, eller dei kan variere litt.

Gjentaking er leik

Heilt frå vi er små, er vi merksame på lydar og rytmar, og vi elskar rim, regler og alle slags gjentakingar. I barneregler til dømes er rim og rytme ofte langt viktigare enn orda. Vi kan seie at gjentakinga her gir oss ei estetisk oppleving: Vi oppfattar klangar og rytmar som vakre eller spennande, og vi gler oss over dei.

Barneregle

Akka bakka,
bonka rakka,
etla metla,
sjång dång,
filli fong,
issa bissa,
topp stopp.
Du er ute!

Gjentaking er hjelp til å hugse

Dess oftare vi ser, høyrer eller gjer noko, dess betre hugsar vi. Formålet med gjentakingar i ein tekst er ofte nettopp å få oss til å hugse visse ord, setningar eller avsnitt. Mange songar har til dømes refreng, det vil seie strofer som blir gjentekne, og det er vanlegvis desse vi kan.

Gjentaking bind saman

Rim, regler og andre former for gjentakingar er meir enn hjelp til å hugse. Dei skaper òg samanheng i teksten. Når strofene i eit dikt har same oppbygging og rimmønster, forstår vi at dei høyrer saman.

Gjentaking forsterkar

Gjentakingar framhevar og forsterkar det vi seier. Dette veit vi allereie frå vi er små:

Vil ha is, pappa! Is! Iiiis!

Alle gode retorikarane veit å utnytte denne verknaden. Den legendariske NRK-sportskommentatoren Bjørge Lillelien var ein slik retorisk meister, og ein av kommentarane hans har blitt verdskjend. I 1981 kommenterte han ein fotballkamp mellom England og Norge på Ullevål stadion. Ingen torde drøyme ein gong om at vesle Noreg skulle vinne. Men så hende det faktisk, og då sigeren var eit faktum, måtte Lillelien finne på noko heilt nytt og ekstremt for å gi uttrykk for begeistringa si:

Der blåser han! Der blåser han! Norge har slått England 2–1 i fotball! Vi er best i verden, vi er best i verden. Vi har slått England 2–1 i fotball. Det er aldeles utrolig, vi har slått England. England, kjempers fødeland. Lord Nelson, Lord Beaverbrook, Sir Winston Churchill, Sir Anthony Eden, Clement Attlee, Henry Cooper, Lady Diana - vi har slått dem alle sammen, vi har slått dem alle sammen. (...)

Også diktarar gjer bruk av gjentaking som verkemiddel, som til dømes Inger Hagerup i diktet "Jeg tror":

Jeg tror på mange ting. På Blod. På ild.
Jeg tror på stier hvor en kan gå vill.
Jeg tror på drømmer som en hører til.

(Hagerup, 1945)

Anafor

Når setningar eller setningsledd som kjem etter kvarandre i ein tekst begynner likt, slik som i døma ovanfor, kallar vi gjentakinga anafor. Ordet vert uttalt med trykk på siste staving (ein anafor).

Gjentaking aukar spenninga

I eventyret er gjentaking eit fast verkemiddel. Helten eller heltinna må ofte løyse fleire oppgåver etter kvarandre − gjerne tre − før det kan verte ein lykkeleg slutt. Spenninga aukar, både fordi oppgåvene gjerne vert vanskelegare for kvar gong, og fordi lesaren eller tilhøyraren må vente lenger på å få vite slutten.

Ofte er det slik at fleire personar skal prøve seg på dei same oppgåvene, som til dømes Askeladden og dei to brørne hans. Men berre sistemann ut, Askeladden, lykkast. Her vert gjentakinga brukt for å vise motsetnaden mellom helten og dei andre.

Kjelder

Hagerup, I (1945). "Jeg tror" frå Videre. Oslo: Aschehoug.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Gjentaking

Oppgåver til fagstoffsida om det språklege verkemiddelet gjentaking.

Skrive av Marion Federl og Cecilie Isaksen Eftedal.
Sist fagleg oppdatert 11.12.2018