Hopp til innhald
Litterære tekster

Døme: rapport, byggteknikk

Dato: 10. september 2018
Til: May-Elise Sundberg
Frå: Daniel Carlsen, 2BYA
Sak: Utplassering

Rapport


Innleiing

Eg var utplassert hos byggmeister Reidar Bergene torsdag 6. og fredag 7. september 2018. Då jobba eg på eit nybygg i Kvelde i eit arbeidslag på tre mann. Eg isolerte vegger og tak og la takstein.

Arbeidsoppgåvene

Den 6. september jobba eg med å isolere vegger og tak på bygningen. Til veggene brukte eg Glava isolasjon, 150 mm tjukk. Til taket brukte eg Glava isolasjon, 200 mm. Når ein isolerer, må ein kappe isolasjonen ca. 1–2 cm for lang og for brei, og så må ein klemme isolasjonen saman for å få han på plass.

Den 8. september la eg takstein på taket. Materialet var dobbeltkrumma raud stein. Takstein må alltid leggjast vertikalt. Ein måler dei tre første radene inntil vindskia, etter det siktar ein bare. Slik gjorde eg det òg.

Vurdering

Det gjekk greitt å isolere vegger og tak. Då eg skulle leggje takstein, hadde eg først litt problem med berre å bruke augemål, men det lærte eg etter kvart. Det var mykje tyngre å jobbe ute enn å vere på skulen, men arbeidsmiljøet var bra og eg treivst godt. Eg følte at eg gjorde ein god innsats og at resultatet blei bra. Eg fekk òg ros av dei andre arbeidarane for arbeidet mitt, og det syntest eg var veldig hyggjeleg.


Daniel Carlsen

Skrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2019