Døme: rapport, byggteknikk
Døme på praksisrapport
Dato: 10. september 2025
Til: May-Elise Sundberg
Frå: Daniela Carlsen, 2BYA
Sak: Utplassering
Rapport
Innleiing
Eg var utplassert hos byggmeister Reidar Bergene torsdag 6. og fredag 7. september 2025. Då jobba eg på eit nybygg i Kvelde i eit arbeidslag på tre. Eg isolerte vegger og tak og la takstein.
Arbeidsoppgåvene
Den 6. september jobba eg med å isolere vegger og tak på bygningen. Til veggene brukte eg Glava isolasjon, 150 mm tjukk. Til taket brukte eg Glava isolasjon, 200 mm. Når ein isolerer, må ein kappe isolasjonen ca. 1–2 cm for lang og for brei, og så må ein klemme isolasjonen saman for å få han på plass.
Den 8. september la eg takstein på taket. Materialet var dobbeltkrumma raud stein. Takstein må alltid leggast vertikalt. Ein måler dei tre første radene inntil vindskia, etter det siktar ein bare. Slik gjorde eg det òg.
Vurdering
Det gjekk greitt å isolere vegger og tak. Då eg skulle legge takstein, hadde eg først litt problem med berre å bruke augemål, men det lærte eg etter kvart. Det var mykje tyngre å jobbe ute enn å vere på skulen, men arbeidsmiljøet var bra og eg treivst godt. Eg følte at eg gjorde ein god innsats og at resultatet blei bra. Eg fekk òg ros av dei andre arbeidarane for arbeidet mitt, og det syntest eg var veldig hyggeleg.
Daniela Carlsen