Diskuter og vurder kontroversielle påstandar - Norsk (YF) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Diskuter og vurder kontroversielle påstandar

Klarer de å føre ein sivilisert debatt når påstandane blir kontroversielle? Her skal de både diskutere sjølve og vurdere andre sine debatt-teknikkar.

Før du går i gang med oppgåvene under, bør du setje deg inn i kva som kjenneteiknar gode diskusjonar.

Les fagartikkelen "Slik får vi betre diskusjonar" og jobb med oppgåvene i "Diskusjonsøvingar"

Del 1

Gå saman i grupper på seks–ti personar. Prøv å få kjønnsbalanse slik at det er omtrent like mange gutar og jenter i kvar gruppe.

Ein i gruppa skal vere ordstyrar. Denne personen skal passe på at alle kjem til orde.

Diskuter påstandane nedanfor:

  • I Noreg i dag kan vi gjere kva vil uavhengig av kjønn. Det finst nemleg ingen "reglar" for kva gutar skal gjere, og kva jenter skal gjere.
  • Gutar treng meir fridom enn jenter.
  • Ungdomar bør ha innetid, og jentene bør ha strengare innetider enn gutar.
  • Gutar skal vere macho, verne jenter og ta ansvar for familien.
  • Kroppspresset er like stort på gutar og på jenter.

Del 2: Sjå åtte unge menneske diskutere påstandane over

Sjå første episode av diskusjonsprogrammet Chattes frå NRK. Har dei som diskuterer her same syn på påstandane som dykk?

Chattes på NRK.

Del 3: Ein god diskusjon?

A

Sjå dei tre første minutta av diskusjonen. Noter ned svar på desse spørsmåla undervegs:

  • Kva argument bruker Reza for å grunngi at gutar bør ha meir fridom enn jenter?
  • Er det greitt å argumentere for synspunktet sitt på den måten Reza gjer?
  • Korleis reagerer jentene på Reza sine argument? Legg merke til både ansiktsmimikk, kroppsspråk og tale.
  • Er eit greitt å reagere slik jentene gjer? Kvifor er det (ikkje) det?
  • Kommenter samspelet mellom Reza sine argument og kroppsspråket hans. Kva har det å seie at han ofte kjem med det jentene reagerer på som dryge påstandar med eit smil om munnen? Blir påstandane lettare å godta då?

B

Under ser du sitat frå dei tre første minutta av diskusjonen om reglar for jenter og gutar. Diskuter i grupper:

  1. Kva fagomgrep vil de bruke om argumentasjonen til Reza og Hoda? Bruker dei mest patos-, logos- eller etosargumentasjon?
  2. Kven synest de har argument som er mest haldbare? Grunngi svara dykkar.

Utdrag frå diskusjonen:

Reza: "Det er ikkje noko eg tenkjer, det er noko eg veit" [at ja, gutar bør ha meir fridom enn jenter].

Reza: "Gutar burde ha meir fridom enn jenter. Jenter hadde vore som hundar utan band som spring etter gulrøter."

Hoda: "Eg synest det er heilt latterleg ... Å, fy faen ... Altså, du meiner at gutar skal ha meir fridom enn jenter? Dette her er forskjellsbehandling."

Reza: "Du ser at fleire kvinner blir som menn. Det er derfor vi har jente og gut." [Viser to peikefingrar mot kvarandre.] "Det går ikkje." [Formar ein runding med tommel og peikefinger og puttar peikefingeren inni.]" Men det går, ikkje sant? Jenter er jenter, og gutar er gutar. Kvifor skal jenter bli gutar og gutar bli jenter?"

Camilla: "Kan eg bryte inn? Det er litt paradoksalt det du seier, då. For du snakkar om testosteron. Og så seier at du at viss jenter hadde hatt meir fridom, så hadde vi blitt villare. Men vi ser jo på statistikk at det er menn som valdtek kvinner, i fleirtal. Det er menn som ofte handlar i konflikt, slåst ..."

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2020