Sentrale norske målmerke - Norsk (SF vg3) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Sentrale norske målmerke

Eit målmerke er eit språkleg trekk som særmerkjer ein dialekt. Ved hjelp av fem slike målmerke kan du skilje hovudområda av norske dialektar frå kvarandre.

Før du les:

Kva skil dialekten der du bur frå nabodialekten?

Kor mange eller store forskjellar må til før du vil seie at det er snakk om to ulike dialektar?

Korleis skil vi mellom dialektane?

Overgangen frå ein dialekt til den neste er gradvis og som regel vanskeleg å leggje merke til for eit utrena øyre. Men jo lenger vekk vi bevegar oss, jo meir endrar språket seg. For å skilje dialektane frå kvarandre bruker vi særleg to omgrep: dialektgrense og målmerke.

Dialektgrenser

Der eitt dialektsærtrekk sluttar og eit anna tek over, snakkar vi om ei dialektgrense. I Oslo seier dei til dømes "ikke" og "hun". Reiser du nordover, kjem du omsider til eit område der dei seier "hu". Då har du kryssa dialektgrensa for uttalen av det personlege hokjønnspronomenet. Du må antakeleg reise endå litt lenger nordover før du kryssar dialektgrensa for nektingsadverbet og folk seier "itte".

I videoklippet under kan du høyre programleiar Rune Nilson krysse den eine dialektgrensa etter den andre.

Målmerke

Eit målmerke er eit språkleg trekk som særmerkjer ein dialekt. Målmerka bruker vi for å skilje dialektar frå kvarandre og for å dele inn dialektar i grupper. Til dømes såg vi ovanfor at uttalen av nektingsadverbet (ikke) og det personlege hokjønnspronomenet (hun) fungerte som målmerke. Vanlege målmerke er:

  • uttalen som seier noko om korleis ord og lydar blir uttalte i dialekten

  • bøyinga som beskriv korleis dei ulike orda blir bøygde i dialekten

  • trykket og tonefallet som handlar om kvar dei legg trykket på ord i dialekten, og kva tonefall eller melodi dialekten har

I tillegg kjem ordtilfang, altså kva for ord som blir brukte, og leddstilling, som betyr rekkjefølgja til orda. Desse blir sjeldan brukte for å systematisere dialektane, sjølv om ordtilfanget er noko folk flest ofte legg merke til ved eigen dialekt og dialektane til andre, jf. å tælle (å gå, Fredrikstad), mærrasig (snakke mykje utan pausar, Nedre Eiker), føskin (ròten, Ådal), alo (bråk/leven, Nord-Troms).

Bruk omgrepa:

Innleiingsvis skulle du nemne trekk som skil dialekten der du bur frå nabodialekten. Kan du gjere det same, men denne gongen bruke omgrepa i punktlista over?

Fem norske målmerke

Vi skal no sjå nærare på dei fem målmerka som er heilt sentrale når vi skal skilje hovudgruppene av norske dialektar frå kvarandre. Målmerka er som følgjer:

  1. tonefall

  2. trykk

  3. retrofleksen "tjukk l"

  4. andre retrofleksar

  5. infinitivsending

Du kan lese om inndelinga av norske dialektar her: Inndelinga av norske geolektar.

Vil du ha ein videointroduksjon?

Under finn du to videoar. Videoane er ein introduksjon til mange av målmerka, medan fagteksten gir deg meir utdjupande informasjon. Fagperson i videoane er Unn Røyneland, professor ved Universitetet i Oslo.

I videofilmen "Norske målmerker del 1" får du ein introduksjon til målmerkene tonegang og trykk, tjukk l, skarre-r, palatalisering og nektingsadverbet. Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0
I videofilmen "Norske målmerker del 2" får du ein introduksjon til målmerkene apokope, infinitivsending, personleg pronomen i første person eintal og fleirtal og blaute konsonantar. Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

1. Tonefall

Kva er det?

Vi varierer tonen når vi snakkar. Tonane vi lagar i setningar skaper ein "setningsmelodi". På fagspråket heiter det setningsintonasjon, og ulike dialektar og språk har ulik setningsintonasjon.

Vi varierer også tonehøgda når vi uttaler enkeltord med to stavingar, til dømes landet, sekken, bilen, sola.

I Noreg skil vi mellom høgtonedialektar og lågtonedialektar. I høgtonedialektar vil det ordet med mest trykk i setninga normalt ha den høgaste tonen. I tillegg vil tostavingsord som til dømes sola ha høgast tone i første staving: 'so,la. I lågtonedialektar vil det trykksterke ordet i setninga normalt ha den lågaste tonen. I tillegg vil første staving i ord som sola ha lågare tone enn den siste stavinga: ,so'la.

Kvar seier dei kva?

Lågtonedialektane finn vi på Austlandet og i Trøndelag, medan høgtonedialektane finn vi på Vestlandet, Sørlandet og i Nord-Noreg. Sjå døme nedanfor:

Høgtone: Eg finn ikkje boka mi (Det trykksterke ordet "boka" har den lågaste tonen)

Lågtone: Eg finn ikkje boka mi (Det trykksterke ordet "boka" får den høgaste tonen)


2. Trykk

Kva er det?

At ei staving i eit ord har trykk, betyr at vi bruker ekstra kraft på akkurat den stavinga og litt mindre på dei andre stavingane. I alle norske ord, same kor lange dei er, er det éi av stavingane som har meir trykk enn dei andre.

Hovudregelen for norsk er at første staving i ordet skal ha mest trykk: 'syngje, 'mamma, 'bilete, 'stilig. Denne stavinga kallar vi trykksterk staving. Mange ord vi har lånt frå andre språk, har derimot ikkje trykk på førstestavinga: buf'fet, bal'kong, pin'sett, ama'tør, ben'sin.

I Noreg skil vi mellom dei dialektane som har hovudtrykk på førstestavinga i lånord som pinsett, bensin, alarm, butikk og dei dialektane som ikkje har det.

Kvar seier dei kva?

Dialektane på Austlandet og i Trøndelag har hovudtrykket på førstestavinga også i lånord. Det har ikkje dialektane på Sørlandet, Vestlandet og i Nord-Noreg.

Kvar legg du mest trykk når du uttaler orda nedanfor?
vinter, kone, snøvêr, hovud

Og kva med desse?
interessert, sesong, konvolutt, banan, stasjon

3. Tjukk l

Kva er det?

Tjukk l er ein såkalla retrofleks lyd vi lagar ved først å bøye tunga bakover og opp i ganen, for deretter å "smelle" henne ned bak undertennene. At lyden er retrofleks, betyr at han blir uttalt med bakoverbøygd tunge.

I norske dialektar har vi tjukk l både i ord med l, som folk, Ola, blant, klokke, og ord med rd, som bord, jord, verda. I Noreg oppstod lyden sannsynlegvis ein gong på 1300-talet. På den tida byrja folk å uttale i ord som garð og l-lyden i ord som dal på ein ny måte.

Kvar seier dei kva?

Tjukk l finn vi i alle dialektar på Austlandet og i Trøndelag, og dessutan i Romsdal, på Nordmøre og i den sørlege delen av Nordland. I ytterkantane av området for tjukk l har dei tjukk l berre i ord med l, medan rd blir uttalt r. Resten av landet har ikkje tjukk l i det heile.

4. Andre retrofleksar

Kva er det?

Når konsonantlydane t, d, n, s og l kjem rett etter ein r, får mange dialektar ei samansmelting av r-en og den etterfølgjande lyden. Resultatet er retroflekse, altså bakoverbøygde variantar av t, d, n, s og l. Døme på ord der dette skjer, er: bart, verdi, barn, vers og perle.

Når tjukk l kjem føre t, kan t-en bli retrofleks: gult > gurt. Vidare kan s-en bli retrofleks føre l: Oslo, slange, slå > osjlo, sjlange, sjlå.

Kvar seier dei kva?

Dei dialektane som har den retroflekse tjukke l-en, har stort sett også dei andre retrofleksane. Eit unntak er dialektane i Troms og Finnmark, som ikkje har tjukk l, men likevel har dei andre retrofleksane. I resten av landet blir lydane uttalte kvar for seg

5. Infinitivsending

Kva er det?

Infinitiven er grunnforma av verbet, det vil seie den forma vi kan setje å framfor: å skrive, å lese, å rekne. I norske dialektar kan desse infinitivane ha ulik form. Nokre stader seier dei å lesa, i andre delar av landet heiter det å lese, å læs, å lassa eller å låsså.

Norske dialektar har anten e-ending, a-ending, å-ending eller apokope, som er det same som inga ending i det heile. I mange norske dialektar finn vi likevel såkalla kløyvd infinitiv. Kløyvd betyr rett og slett "todelt". Då er det ulike infinitivsendingar innanfor ein og same dialekt.

Kvar seier dei kva?

Dialektane i Trøndelag har kløyvd infinitiv med apokope. Apokope betyr at lydar og stavingar i slutten av ord blir "hogde av". Då får nokre infinitivar endinga -a eller , til dømes å værra, å levva, å vetta; å vårrå, å låvvå, å våttå, medan resten av infinitivane får apokope, til dømes å skriv, å finn, å kast.

Elles har dei fleste dialektane på Austlandet kløyvd infinitiv utan apokope. Då får nokre infinitivar a-ending, til dømes å vora, å leva, å veta, medan resten av infinitivane får e-ending, til dømes å skrive, å finne, å kaste.

I dialektar på Vestlandet frå og med Indre Sogn og sørover til Kvinesdal/Lista i tidlegare Vest-Agder har alle infinitivane a-ending: å væra, å vita, å skriva, å finna. Desse dialektane kallar vi også for a-mål.

På Sørlandet, på Nordvestlandet, i området rundt Bergen og i Troms og Finnmark har dialektane berre e-ending: å vere, å sove, å skrive, å finne. Desse dialektane kallar vi også for e-mål. Også i bokmålsnært standardtalemål endar infinitiven på -e.

Dei fleste dialektane i Nordland fylke har apokope i alle infinitivar. Her heiter det å skriv, å læs, å lik, å kast, å bær, å vær.

Nysgjerrig? Slik blei infinitiven kløyvd:

Dei aller færraste austlendingane som har kløyvd infinitiv i dialekten sin, kan forklare kvifor dei seier å væra og å komma, men ikkje å skriva eller å kasta. Vi må gå heilt tilbake til norrøn tid for å forklare fenomenet. Men vi har også bruk for nokre kunnskapar om stavingar og trykkplassering i ord i moderne norsk.

Orda i det norske språket kan bestå av éin eller fleire stavingar. I alle orda er det likevel berre éi staving som får trykk, medan dei andre stavingane er trykksvake: å like, å forbruke, å oppmuntre, å kaste. I moderne norsk er dessutan alle trykksterke stavingane lange, det vil seie at dei anten har lang vokal (å līke, å forbrūke), eller meir enn éin konsonant etter vokalen (å oppmuntre, å kaste). Dei trykksvake stavingane er korte.

I norrønt var systemet litt meir innfløkt. Her kunne trykksterke stavingar vere anten lange eller korte. Korte var dei når dei hadde kort vokal med berre éin etterfølgjande konsonant: vĭta, lěsa, věra. Dei korte trykksterke stavingane "vog" mindre enn dei lange, og dei hadde derfor heller ikkje like sterkt trykk. Dette fekk konsekvensar for talemålsutviklinga på Austlandet og i Trøndelag. Vi ser først på austlandsdialektane.

Dialektane på Austlandet

I norrønt enda alle infinitivane på -a, men i austlandsdialektane har berre dei verba beheldt a-endinga som i norrønt hadde kort rotstaving. I desse orda var trykket nokså jamt fordelt mellom rotstavinga og endestavinga. Derfor kallar vi dei også jamvektsord. A-en i endestavinga blei bevart nettopp fordi stavinga hadde noko trykk. Døme på slike jamvektsord er å vera, å lesa, å sova.

I dei verba som i dag har infinitiv på -e, var rotstavinga lang allereie i norrønt, medan endestavinga var kort. Vi kallar desse verba for overvektsord fordi rotstavinga "vog" klart tyngre enn endestavinga. Den trykklette endestavinga fekk ein meir "slapp" uttale, og vokalen gjekk over frå a til e: å vaske, å skrive, å kaste.

Trøndersk

I Trøndelag gjekk utviklinga endå lenger: Også her blei infinitiven kløyvd, men i tillegg verka apokopen på overvektsorda slik at dei mista den trykklette endinga si heilt: å skriv, å finn, å kast. Apokopen ramma ikkje jamvektsorda fordi endestavingane i desse orda hadde trykk. Dei var ikkje så utsette for "avhogging" som dei trykklette stavingane i overvektsorda.

Jamvektsorda i trøndersk endar på -a , somme stader på : å værra, å levva, å vetta; å vårrå, å låvvå, å våttå. Vokalen i rotstavinga er meir eller mindre "smitta" av vokalen i endestavinga (å vera > å værra, å vårrå). Dette fenomenet kallar vi jamning på fagspråket. Også jamninga heng saman med at begge stavingane i ordet hadde trykk. Slik kunne dei lettare påverke kvarandre.

Kjelder

Kristiansen, N. (2014). Dialekta som forsvant. Henta desember 2020 frå: https://forskning.no/samfunnsgeografi-sosialantropologi-sprak/dialekta-som-forsvant/1173996https://forskning.no/samfunnsgeografi-sosialantropologi-sprak/dialekta-som-forsvant/1173996

Skjekkeland, M. (2010). Dialektlandet. Portal forlag. Kristiansand.

Våres norsk. (u.å.) Henta desember 2020 frå: https://nordligefolk.no/sjosamene/sprak-navn-ord-og-uttrykk/vares-norsk/

Relatert innhald

Skrive av Christian Lund, Ragna Marie Tørdal, Oddvar Engan og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 26.10.2021