Samspel mellom uttrykksmåtar - Norsk (SF vg3) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Samspel mellom uttrykksmåtar

Det finst fleire mekanismar som skaper samspel og samanheng i ein samansett tekst. Vi skal her sjå nærmare på komposisjon, rytme og informasjonskopling.

Komposisjon (layout)

Plasseringa på sida kan vise lesaren kva som høyrer saman og hjelpe han til å orientere seg i den saman- sette teksten. Måten ei avisside er bygd opp på, seier for eksempel noko om kva for bilete og overskrifter som høyrer saman, samtidig som han gir signal om kva for saker som er viktige. Bruk av kontrastar skaper dessutan variasjon på sida og vekkjer interessa til lesaren.

Rytme

Ikkje alle tekstar kan presenterast slik at vi får oversikt over heilskapen med ein gong. Bøker må vi for eksempel bla oss gjennom. Også i foredrag, filmar eller songar får vi presentert innhaldet litt etter litt. For at vi skal oppleve slike tekstar som samanhengjande, må det vere element som blir gjentekne og som skaper ein slags raud tråd gjennom teksten. Melodien og refrenget i songar er eksempel på denne typen element.

Eit eksempel: læreboka

Ei regelmessig veksling mellom ulike faste element gir tydelege rammer for lesinga og skaper ein rytme i teksten. I lærebøker oppstår rytmen gjennom ei jamn veksling mellom skrift, bilete og grafiske element på dei ulike sidene. Også einskaplege fargar på dei grafiske elementa skaper samanheng.

Samtidig er det viktig å unngå at alle sidene ser heilt likt ut, for da vil lesaren oppfatte dei som einsformige og kjedelege. Brott i rytmen får lesaren til å stoppe opp og skjerpe merksemda.

Informasjonskopling

Vi oppfattar bilete, skrift, tale og andre element som éin samanhengande tekst rett og slett fordi dei anten er plasserte på same flate (brosjyre, avisside), blir presenterte samtidig (musikk og lydar til ein film), eller følgjer etter kvarandre (sidene i ei bok, lysbileta i ein PowerPoint-sekvens).

Sidan vi opplever den samansette teksten som ein einskap, tolkar vi heller ikkje kvar del for seg, men ser han i samanheng med resten av teksten. Samspelet mellom innhaldet i dei forskjellige uttrykksmåtane i ein samansett tekst kallar vi informasjonskopling eller tydingssamspel.

Utdjuping

Nokre gonger er informasjonen vi får gjennom dei ulike uttrykksmåtane ganske samanfallande. Ein bilettekst kan til ein viss grad formidle det same som eit bilete. Men ulike uttrykksmåtar kan likevel aldri gi oss nøyaktig same informasjon, og kvar uttrykksmåte har sine sterke sider og begrensningar. Ofte er det slik at ein uttrykksmåte utdjupar det som blir formidla gjennom ein annan.

Også i lærebøker tek forfattarane i bruk slike samspel for at lesaren skal få ei djupare forståing av emnet. Tabellar og statistikkar gir eksakt detaljinformasjon og utfyller ein meir generell tekst, teikningar og illustrasjonar visualiserer det som blir sagt med ord.

Utviding

Men ein uttrykksmåte kan også utvide den informasjonen som blir formidla gjennom ein annan. I eksemplet med Øigarden ser vi at informasjonen om at skodespelaren trong psykologhjelp, utvidar den informasjonen fotografiet gir. Elles blir både bilete og musikk ofte brukte i utvidande samspel fordi dette er uttrykksmåtar som lett gir oss assosiasjonar.

Harmonisk samspel eller kollisjon?

Vanlegvis ser vi på ein samansett tekst som vellykka når tekstskaparen får dei enkelte uttrykksmåtane til å verke saman slik at dei utfyller kvarandre og formidlar ein heilsleg bodskap. Men det er fullt mogleg å kombinere uttrykksmåtar som kolliderer med kvarandre, slik som i "bryderiet" nedanfor (forslaget til sjangernemning kjem frå dei som har hatt idéen til slike broderi).

Motsetninga mellom skriftleg tekst og design skaper her ein komisk verknad – kanskje nokre gamle damer med behov for å vere litt rampete har vore på ferde? Og så er det vanskelegare å bli irritert over det stygge ordet når det er så pent innpakka. Men om vi skulle få ei pute med eit slikt brodert motiv i gåve, ville vi nok kanskje lure på kva sendaren eigentleg vil fortelje oss.

Relatert innhald

Skrive av Anne Løvland.
Sist fagleg oppdatert 12.10.2021