Øv deg på kortsvar om norrønt språk - Norsk (SF vg3) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Øv deg på kortsvar om norrønt språk

Korleis skal du gå fram om du får ei oppgåve om norrønt språk på eksamen? Her finn du tips og oppgåver som hjelper deg å skrive eit godt kortsvar om særpreg i norsk samanlikna med norrønt.

Til læraren

Målet med denne ressursen er å øve elevane i å skrive eit kortsvar der dei samanliknar moderne norsk med norrønt. Ressursen vil særleg øve elevane i grammatikk og bruk av fagtermar.

Målet er også at elevane skal kunne peike på desse tre viktige forskjellane mellom norrønt og moderne norsk:

  1. Det norrøne språket hadde kasus, mens kasus stort sett har forsvunne i moderne norsk. Kva betyr det? Her er det særleg viktig at dei legg merke til at substantiva i utdraget dei skal skrive om, har ulike endingar.

  2. Ein annan viktig forskjell elevane skal konsentrere seg om, er verbbøyinga. I moderne norsk bøyer vi ikkje verb etter person og tal, men i norrønt var det slik.

  3. Den siste forskjellen dei skal leggje merke til, er at norrønt hadde ei friare ordstilling enn moderne norsk.

Nivådeling

Vi anbefaler at du ser an korleis elevane forstår stoffet undervegs mens dei jobbar med ressursen:

  • Nokre elevar vil ha meir enn nok med å skrive om at årsaka til at namnet Baldr blir skrive som både Baldr og Baldri, er at det norrøne språket hadde noko som heitte kasus, og det betyr at til dømes substantiv fekk ulike endingar etter kva funksjon dei hadde i setninga.

  • Andre elevar vil forstå forskjellen på kasus- og ordstillingsspråk enkelt. La dei jobbe vidare med både nominativ, akkusativ og dativ. Elevar som har til dømes tysk som andre framandspråk, kan fordjupe seg i grammatisk kasus.

Tips

Før du set i gang med å øve, foreslår vi at du går gjennom artikkelen "Korleis skrive kortsvar om grammatikk?". Då vil du vite kva som kjenneteiknar eit godt svar på oppgåva.

Del 1: Les og diskuter oppgåva

Les oppgåveteksten og vurderingsteksten i ramma nedanfor. Diskuter deretter i par eller grupper:

  1. Forstår de kva oppgåva ber dykk om å gjere? Skriv ned eventuelle spørsmål de måtte ha.

  2. Les vurderingsteksten og diskuter om de forstår kva som må til for å lykkast med denne oppgåva. Skriv ned eventuelle spørsmål.

  3. Ta opp spørsmåla de sit igjen med, i plenum.

Utdrag frå myten om Balders død

Utdrag på norrønt frå myten om Balders død, med direkte omsetjing og omsetjing til moderne norsk.

På norrønt:

Þá mælti Loki við hann: "Hví skýtr þú ekki at Baldri?" Hann svarar: "Því, at ek sé eigi hvar Baldr er, ok þat annat, at ek em vápnlauss." […] Hǫðr tók mistiltein ok skaut at Baldri at tilvísun Loka; flaug skotit í gegnum hann, ok fell hann dauðr til jarðar […]

Direkte omsett:

Då sa Loke til han: "Kvifor skyt du ikkje på Balder?" Han svarer: "Fordi, at eg ser ikkje kvar Balder er, og dessutan, at eg er våpenlaus." […] Hod tok mistelteinen og skaut på Balder på tilvising Lokes; flaug skotet igjennom han, og fall han død til jorda […]

Omsett til moderne norsk:

Då sa Loke til han: "Kvifor skyt du ikkje på Balder?" Han svarte: "Fordi eg ikkje ser kvar Balder er, og dessutan er eg våpenlaus." […] Hod tok mistelteinen og skaut Balder slik Loke viste: Skotet gjekk igjennom han, og han fall død til jorda […]

Oppgåve

Ovanfor er dei same setningane skrivne på norrønt og moderne norsk.

Gjer greie for særtrekk ved norsk samanlikna med norrønt. Kommenter både på ord- og setningsnivå, og vis døme frå setningane. Bruk relevant fagspråk.

Skriv omtrent 200 ord.

Denne dømeoppgåva skal du svare på i del 4 nedanfor – etter at du har vore gjennom del 2 og 3.

Svaret ditt blir vurdert på følgjande område: 

  • Tekstforståing: Om det i svaret blir gjort greie for språklege likskapar og forskjellar mellom setningane, med eit presist fagspråk og relevante døme.

  • Språkføring: Om språket er gjennomgåande godt formulert, med formålstenleg og variert ordtilfang og setningsstruktur.

  • Formelle ferdigheiter: Om svaret har gjennomgåande korrekt rettskriving og teiknsetjing.

Del 2: Kva skal de leggje merke til?

Kva skal de eigentleg skrive om når de samanliknar tekstane? Prøv først å gjere oppgåve a og b nedanfor utan hjelp. Dersom de står fast, kan de trykkje på boksen "Litt hjelp på vegen?" for å få gode tips til kva de skal sjå etter.

  1. Diskuter kva de meiner er mest relevant å skrive om.

  2. Diskuter kva døme de skal bruke når de skal peike på likskapar og forskjellar.

Litt hjelp på vegen?

  • Legg merke til at nokre namn blir skrivne på ulike måtar. Kvifor er det sånn?

  • Nokre verb blir også skrivne på ulike vis. Kvifor det?

  • Samanlikn plasseringa av orda i den siste setninga på norrønt og moderne norsk.

Del 3: Forståing og fagomgrep

Sett dykk saman i par. Sjå på dømesetningane nedanfor, henta frå utdraget frå myten om Balders død, og diskuter kva fagomgrep de vil bruke i svaret dykkar for å beskrive særtrekk ved norsk samanlikna med norrønt. Dersom de står fast, kan de både trykkje på dei relaterte artiklane som er vedlagde, og på boksen "Litt hjelp på vegen?" ovanfor.

A. Prøv utan hjelpemiddel

  1. Jobb i par. Sjå på setningane nedanfor og diskuter om de klarer å forklare med eigne ord kva som skil norrønt og moderne norsk. Ta utgangspunkt i orda som er utheva.

  2. Skriv ned dei fagomgrepa de meiner er relevante for å forklare kva særpreg norsk har, samanlikna med norrønt.

    • Kvifor står namnet "Balder" med to ulike endingar på norrønt, men ikkje på moderne norsk? ("Hví skýtr þú ekki at Baldri?" Hann svarar: "Því, at ek sé eigi hvar Baldr er […]")

    • Kvifor står verbet "å vere" i to ulike former på norrønt, men berre i éi form (er) på moderne norsk? ("[…] ek sé eigi hvar Baldr er, ok þat annat, at ek em vápnlauss.")

    • I kva rekkjefølgje ville vi ha skrive orda som er utheva med feit skrift i setninga nedanfor (frå utdraget), på moderne norsk?
      "[…] flaug skotit í gegnum hann, ok fell hann dauðr til jarðar […]"

B. Med hjelpemiddel og gruppediskusjon

Gå saman i grupper på seks personar. Del dykk vidare opp i tre grupper, to og to elevar. No får kvar av dei tre gruppene utdelt ei setning, og kvar av dei tre gruppene skal lese seg opp på teoristoffet som er relevant for denne setninga. Deretter skal de samle dykk i seksar-gruppa igjen og prøve å forklare kvarandre kva som særpregar norsk, samanlikna med norrønt, i akkurat dykkar setning.

Gruppe 1

De skal ta for dykk denne setninga: "Hví skýtr þú ekki at Baldri?" Hann svarar: "Því, at ek sé eigi hvar Baldr er […]" ("Kvifor skyt du ikkje på Balder?" Han svarer: "Fordi eg ikkje ser kvar Balder er […]").

Målet dykkar er å forklare dei andre i seksar-gruppa kvifor namnet Balder blir skrive på to ulike måtar i desse setningane. I forklaringa skal de prøve å bruke eit presist fagspråk. Her er forslag til fagomgrep som er relevante:

  • kasus, adverbial, leddsetning, subjekt, preposisjon, kasusspråk og ordstillingsspråk (og for dei avanserte: nominativ og dativ)

Les gjennom dei to presentasjonane nedanfor for å få hjelp. Desse skal gi nok informasjon til at de skal kunne forklare bruken av "Baldri" og "Baldr" med eit presist fagspråk.

Gruppe 2

De skal ta for dykk denne setninga: "[…] ek sé eigi hvar Baldr er, ok þat annat, at ek em vápnlauss." ([…] eg ser ikkje kvar Balder er, og dessutan er eg våpenlaus).

Målet dykkar er å forklare dei andre i seksar-gruppa kvifor verbet "å vere" blir skrive på to ulike måtar i denne setninga. I forklaringa skal de prøve å bruke eit presist fagspråk. Her er forslag til fagomgrep som er relevante:

  • samsvarsbøying, subjekt, verbal, første person eintal og tredje person eintal

Les gjennom det som står om verb i den relaterte artikkelen nedanfor, for å hjelp. Artikkelen skal gi nok informasjon til at de skal kunne forklare bruken av "er" og "em" med eit presist fagspråk.

Relatert innhald

Gruppe 3

De skal ta for dykk denne setninga: "[…] flaug skotit í gegnum hann, ok fell hann dauðr til jarðar […]" ([…] skotet gjekk igjennom han, og han fall død til jorda […]).

Målet dykkar er å forklare dei andre i seksar-gruppa kvifor ordstillinga i setninga er ulik på norrønt og moderne norsk. Ta utgangspunkt i orda som står med feit skrift i setninga. I forklaringa skal de prøve å bruke eit presist fagspråk. Her er forslag til fagomgrep som er relevante:

  • kasusspråk, ordstillingsspråk og fri/fast ordstilling

Les gjennom det som står i sitatet nedanfor. Gå deretter gjennom presentasjonen under om norrønt som kasusspråk – han skal gi nok informasjon til at de skal kunne forklare ordstillinga med eit presist fagspråk.

Kasus og ordstilling

I norrønt hadde enkelt sagt hver kasus bestemte funksjoner i setningen. Hittil hadde substantiv (og pronomen og adjektiv) stort sett bare forekommet i en eller annen kasusform, for eksempel hestr, hests, hesti, hest. […] Utviklingen bort fra kasussystemet førte til at det ved hvert ord skilte seg ut en grunnform, som bare hadde betydningselement (hest).

Dette kunne skje fordi det ble utviklet andre uttrykksmåter som erstattet kasusendelsene […] En fastere ordstilling var et annet viktig virkemiddel i forandringen. I setningen konungr gaf honum hringinn kunne en til en viss grad flytte om på setningsleddene uten at betydningen i seg selv ble forandret, for eksempel hringinn gaf honum konungr. Nå er det gjerne ordenes plass i setningen som viser det syntaktiske forholdet de står i, for eksempel om ordet er subjekt, indirekte objekt eller direkte objekt.

(Leitre et al., 1991, s. 47)

Avslutt gruppearbeidet

Når alle para (gruppe 1–3) meiner dei kan forklare setningane sine med eit presist fagspråk, samlast de og fortel kvarandre kva som særpregar norsk, samanlikna med norrønt, i setninga dykkar.

Del 4: Skriv svaret på oppgåva

No skal de forhåpentlegvis ha god nok kunnskap til å kunne svare på dømeoppgåva (i ramma i del 1). Du kan anten skrive svaret heilt på eiga hand eller bruke tipsa du får nedanfor.

For dei av dykk som synest struktur er vanskeleg, anbefaler vi å laste ned Word-dokumentet nedanfor. Her finn de ein tredelt tabell som fører dykk trygt gjennom skriveprosessen. I dokumentet finn du

  1. ei rad med modelltekst oppdelt i avsnitt

  2. ei rad med tips til kva du skal skrive om i innleiinga, hovuddelen og avslutninga

  3. ei rad som du kan skrive rett inn i mens du ser på modellteksten og tipsa

Del 5: Få tilbakemelding

A. Byt med ein medelev

Byt svaret ditt med ein medelev. Les teksten til medeleven din og vurder han etter følgjande kriterium:

  • Har svaret ei tydeleg inndeling i innleiing, hovuddel og avslutning?

  • Handlar kvart avsnitt om eitt moment?

  • Er avsnitt og setningar kopla godt saman (god språkflyt)?

  • Viser svaret dei viktigaste forskjellane mellom norrønt og moderne norsk?

  • Blir det brukt relevante fagomgrep i svaret?

  • Blir det brukt døme frå vedlegga for å grunngi påstandar?

B. Diskuter tekstane dykkar

Gi kvarandre tilbakemeldingane, og diskuter kva som fungerte godt, og kva som kan bli betre. Spør læraren dykkar dersom det er noko som var vanskeleg.

Kjelde

Leitre, A., Lundeby, E. & Torvik, I. (1991). Språket vårt før og nå. Språkhistorie, norrønt, dialekter. Gyldendal.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Snakk som ein viking

Korleis høyrdest norrønt ut? Prøv å snakke som ein viking.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 10.03.2022