Karl Ove Knausgård: Min kamp

Karl Ove Knausgård og kampen for fiksjonen
Karl Ove Knausgård (1968-) debuterte i 1998 med romanen Ute av verden. For denne boka fekk han som første debutant nokosinne den prestisjetunge Kritikarprisen. Seks år seinare kom romanen En tid for alt.
I romanprosjektet Min kamp (2009–2011) fortel Knausgård att mange av historiene frå dei tidlegare romanane sine. Men hovudkarakteren Henrik Vankel er no erstatta av romankarakteren Karl Ove Knausgård, og historiene om han blir sette inn i ein biografisk kontekst – forfattaren Karl Ove Knausgård si livshistorie.
Gjentakingane bidreg til å problematisere både verkelegheitsperspektivet og sanningsgrada av tekstane hans. Når dei ulike attforteljingane ofte er litt ulike, blir minna og fortida frigjorde frå verkelegheita. Historiene trer fram som det dei er, nemleg Karl Ove sine forteljingar om fortida.
Min kamp
Min kamp bind 1 til 6 er ei forteljing om Karl Ove Knausgård sitt liv fram til 2011 – altså eit forløp på 42 år. Han skriv om oppveksten sin på Sørlandet, om studietida, A4-familielivet sitt med kone og barn i Malmö i Sverige, og korleis han opplevde å miste far sin under tragiske omstende.
Forholdet til faren blir beskrive som kaldt og prega av avstand, angst og frykt. Men faren sin død vekker òg varme kjensler i Knausgård for ein far han på mange måtar frykta – og hata. Denne dobbeltheita og kjenslemessige ambivalensen kjem til å prege dei neste binda òg.
Som fordjuping kan du sjå intervjuet med Karl Ove Knausgård i Bokprogrammet på NRK under. Programmet varer i 30 minutt. Du kan velje å sjå heile innslaget, eller delar av det.
Detaljrik impresjonisme
Somme kritikarar har samanlikna Knausgård sin skrivestil med ideala til barokken om detaljrikdom – alt skal skildrast så detaljert og nøyaktig som mogleg. I Min Kamp er det lange beskrivingar av korleis Karl Ove vaskar opp, lagar middag, traktar kaffi eller opplever eit barneselskap. Detaljrikdommen er stor, og sjølv om det ikkje skjer så mykje, driv språket og forteljeteknikken historia framover.
Skrivestilen til Knausgård kan òg samanliknast med impresjonismen. På mange måtar kan vi seie at han målar stemningar og inntrykk med språket. Til liks med slik dei impresjonistiske målarane tenkte, er det ikkje ei nøyaktig avbilding av verkelegheita som er interessant i denne litteraturen, men kva for stemningar og kjensler ei hending vekker.
Denne skrivestilen kan samanliknast med måten Marcel Proust (1871–1922) skriv på i På sporet av den tapte tid (1913–1927). Som Proust er Knausgård oppteken av korleis kjensler og refleksjonar startar med sansing og oppleving. Det er ikkje tingen i seg sjølv som er interessant, men kjensla han vekker hos karakteren – og hos lesaren.
Inn til den inste kjernen
Kva er det Karl Ove Knausgård ønsker å formidle i romanprosjektet sitt? Kva er drivkrafta bak det litterære prosjektet hans?
Knausgård sjølv har uttalt at han vil inn til kjernen i mennesket – så langt inn som mogleg. For å lykkast med det må han utlevere seg sjølv og dei inste tankane og kjenslene sine – heilt ærleg, blottstilt og nådelaust. Gjennom å gå så tett inn på det private og individuelle tematiserer og undersøker romanane samtidig det som er allment menneskeleg. Kva er det som driv oss? Korleis stiller vi oss til andre menneske? Kvifor handlar vi som vi gjer?
Ein annan viktig motivasjon for å komme inn "dit" er at Knausgård vil prøve å forstå far sin – og dermed seg sjølv – betre. Kven var denne skremmande farsfiguren eigentleg? Og kvifor har han sjølv så mange av dei destruktive og negative sidene som han forakta hos faren?
Fortida og notida
Romanane til Knausgård problematiserer og undersøker forholdet mellom notid og fortid. I Ei tid for alt (2005) tek han òg opp forholdet mellom far og son, og om dødsfallet til faren kan vi lese:
Femten år senere var han død. Og så voldsomme var omstendighetene rundt dødsfallet hans, at han med det ikke bare forandret framtiden vår, men også fortiden. […] En slags kulde har spredd seg ut i den, noe høytidelig som vi ikke visste om mens vi var der, men som nå preger alt som fant sted, selv det mest trivielle og hverdagslige av det vi gjorde. Og det er en urovekkende tanke, at heller ikke fortiden er avsluttet, at også den fortsetter å endre seg, som om det i virkeligheten bare finnes én tid, for alt. (Knausgård, 2005, s. 523)
Den kulda som legg seg over alle minne han har av faren, illustrerer korleis vi som menneske heile tida konstruerer vår eiga livshistorie og forteljing. Det finst ikkje éi fortid, men mange! Fortida er ikkje ei konkret hending eller oppleving, men ei forteljing om – og ei kjensle av – kva denne fortida var.
I Min kamp er romankarakteren Karl Ove sine kjensler og tankar omkring faren heile tida prega av korleis forfattaren Karl Ove Knausgård sjølv har det her og no – i den notidige skriveprosessen.
Pseudoverkelegheit
Knausgård sitt prosjekt kan òg plasserast i ei postmoderne medieverkelegheit som blir prega av leik med verkelegheit og reality. Tv viser realityseriar som Paradise Hotel – seriar som tilsynelatande skal gi att eit sant verkelegheitsbilete. Spørsmålet blir då om publikum sluker dette som "den sanne verkelegheita" eller om dei er bevisste avstanden mellom verkelegheita som blir framstilt og den "verkelege" verkelegheita.
Dei nye sjangrane viser alle at vi kan leike med og iscenesetje verkelegheita. Dei sprenger den tradisjonelle sjangerforståinga og skaper ei pseudoverkelegheit. Dette er noko den moderne mediebrukaren er godt vand med å forhalde seg til – så kvifor då ikkje i ein skjønnlitterær samanheng òg?
Å skrive sitt liv
Knausgård skriv seg inn i ein tradisjon der forholdet mellom fiksjon og verkelegheit blir problematisert. Allereie på 1890-talet hadde forfattarar knytte til Kristianiabohemen som mål "å skrive livet sitt". På 1950-talet blei Agnar Mykle sin roman Sangen om den røde rubin (1956) trekt for retten. På 2000-talet ser vi ein sterk tendens til at fleire romanforfattarar tek utgangspunkt i eller bevisst bruker biografisk materiale i dei litterære verka sine.
Romanprosjektet til Knausgård tematiserer på mange måtar kva som kan vere følgene av at "dei store forteljingane er døde", og at vi menneske er overlatne til oss sjølve i forsøket på å skape meining i tilværet. Korleis kan vi finne vår eigen identitet i eit mylder av valmoglegheiter? Kvar går grensene for kor mykje vi kan seie og skrive om andre menneske i eit forsøk på å forstå oss sjølve?
Sjølv hevdar Knausgård at han har rett til å formidle historia si, sanninga si – med trykk på si. For å skape seg ein identitet er han nøydd til å fortelje historia om sitt eige liv. På denne måten konstruerer han si eiga sanning og si eiga verkelegheit.
Men ei slik tilnærming kostar. Sjå klippet "Beveget Knausgård forteller om arbeidet med Min Kamp" på NRK.