Ingvild Lothe og Atle Håland om søken og seksualitet
Del 1: Bli kjent med Ingvild Lothe
Sjå Ingvild Lothe lese eit dikt i filmen (lengde 0:51):
Diskuter deretter i klassen:
Kva inntrykk får de av det lyriske eget i Lothes dikt?
Kvifor trur de eget oppfører seg som hen gjer?
Ingvild Lothes dikt kan karakteriserast som tragi-komisk. Kvifor det?
Del 2: "jeg vet ikke hva jeg søker"
Jobb åleine
Les avsnitt for avsnitt i diktet "jeg vet ikke hva jeg søker" av Atle Håland. Prøv å samanfatte tankane til det lyriske eg-et i kvart avsnitt.
Samanfatt refleksjonane til det lyriske eg-et:
Kva "problem" har hen?
Korleis "bruker" hen andre menneske for å løyse problemet?
Prøv å teikne diktet: Kvar er det lyriske eget når hen reflekterer? Kva betraktar hen? Og kva tenker hen på?
Jobb i grupper
Diskuter det de har svart på spørsmåla over.
Vis kvarandre teikningane dykkar, og kommenter kvifor de teikna diktet slik de gjorde.
Del 3: Havfruehjerte
Du finn første del av romanen Havfruehjerte av Ingvild Lothe på issuu.no.
Jobb åleine
Les utdraget frå romanen.
Karakteriser eg-personen: Korleis er ho, kva problem har ho og korleis oppfører ho seg?
Kva er det eg-personen søker etter? Og korleis går ho fram for å finne dette?
Det er likskapar i tematikken mellom Håland og Lothe sine tekstar. Finn to–tre sitat frå kvar tekst som viser dette.
Jobb i grupper
Samanlikn svara de gav på spørsmåla ovanfor.
I plenum
Ha ei oppsummering i klassen. Skriv ned alle likskapar og forskjellar de finn mellom dei to tekstane.
Del 4: Samanlikn eller reflekter
Vel ei av oppgåvene under. Den første oppgåva er ei samanlikningsoppgåve der du skal skrive akademisk. Den andre oppgåva er ei friare oppgåve der du skal reflektere og kan skrive meir kreativt.
Oppgåve A: Samanlikn tekstane
Skriv ein tekst på ca. 300 ord der du samanliknar temaet og eg-personane i "jeg vet ikke hva jeg søker" av Atle Håland og Havfruehjerte av Ingvild Lothe. I teksten din skal du bruke sitata du fann i oppgåve 3c.
Teksten din skal ha
ei innleiing
ein hovuddel
ei avslutning
Sjå gjerne gjennom ressursen "Korleis samanlikne tekstar i kortsvar" for å få tips til oppsett av teksten din.
Oppgåve B: Skriv eit miniessay
Skriv eit miniessay på 300–500 ord der du reflekterer over korleis "jeg vet ikke hva jeg søker" av Atle Håland og Havfruehjerte av Ingvild Lothe framstiller ungdommeleg søken. Det skal komme tydeleg fram at du tek utgangspunkt i desse tekstane. Bruk gjerne sitata du fann i oppgåve 3c.
Sjå gjerne gjennom ressursen "Å skrive essay" for å få hjelp og tips til arbeidet.
Relatert innhald
Alle har ein identitet, men kva består han av? Klarer du å finne ut kva din identitet inneheld?
Fødd sånn eller blitt sånn? Det er mange måtar å byggje identiteten sin på.