Korleis oppstod norske dialektar? - Norsk (SF vg3) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Korleis oppstod norske dialektar?

Er det ikkje rart at vi snakkar norsk på så mange måtar, men likevel kallar det norsk? Vi skal sjå nærare på når og korleis dialektane våre oppstod.

Korleis oppstår dialektar?

Hermegås

I møte med andre språk eller dialektar fangar vi opp tonefall, ord og uttrykksmåtar, og så "hermar" vi kanskje litt for at kommunikasjonen skal gli godt. Dette har du kanskje erfart sjølv òg? Men det skal meir til for å forandre ein dialekt enn at du treffer ein venn frå ein annan landsdel. Er de veldig mykje saman i mange år, vil de derimot kanskje utvikle felles språktrekk.

Manglande språkkontakt skaper forskjellar

Slik har òg norske dialektar oppstått. Nordmenn som budde nært kvarandre, eller som av andre grunnar hadde hyppig og langvarig kontakt med kvarandre, utvikla eit felles språk – ein dialekt. Men landet var tynt folkesett, avstandane var store, og reising var både dyrt, vanskeleg og tidkrevjande. Mange nordmenn var derfor sjeldan eller aldri i kontakt med kvarandre, og språket utvikla seg på ulike måtar ulike plassar i landet.

Det er altså manglande språkkontakt mellom menneskegrupper som fører til at dialektar oppstår. Endrar språkkontakten seg derimot, endrar òg dialektane seg.

Opphavet til alle norske dialektar

Vi kan rekne med at det alltid har vore ei form for dialektar i Noreg og Norden. Vi kan sjå spor etter dialektforskjellar i Norden heilt tilbake til perioden 500–700 evt. Det var den tida språket i Noreg gjekk frå urnordisk til norrønt. Dialektskilja gjekk særleg mellom austnordisk (dagens Danmark og Sverige) og vestnordisk (dagens Noreg).

Norrønt er språket vi snakka i Noreg i vikingtida (ca. 800–1050). Mykje tyder på at talespråkforskjellane auka her i landet i løpet av denne perioden. Til dømes viser dei gammalnorske handskriftene at skrivarar frå ulike delar av landet stava ord ulikt. Slik skriftspråkleg variasjon finn vi lite av i tekstar frå før år 800. Sidan skriftspråket ikkje var normert på den tida, tyder det på at talespråket i dei ulike landsdelane ikkje var einsarta, og at forskjellane var i ferd med å bli større.

Dagens norske dialektar tek form

I løpet av firehundreårsperioden mellom 1100 og 1500 gjekk språket i Noreg frå norrønt (ca. 700–1350), via mellomnorsk (ca. 1350–1500) til det vi kan kalle moderne norsk (ca. 1500–i dag). Dialektforskjellane blei større i løpet av denne perioden, og på 1500-talet hadde talemålet i Noreg fått omtrent den forma som vi finn i dei tradisjonelle dialektane i dag.

Kvifor skjedde det?

I perioden mellom 1100 og 1500 bidrog auka handel, ny teknologi og utviklinga av ein skriftkultur til auka velstand og dermed til sterk befolkningsvekst. Når befolkninga auka, endra samfunnet seg på fleire område som påverka språket.

For det første busette nordmennene seg på nye stader, slik at det oppstod nye språksamfunn der dialektane kunne utvikle seg. Vi må hugse at det var mykje vanskelegare og meir tidkrevjande å reise i mellomalderen enn i moderne tid, så dialektane utvikla seg på ulike måtar og i ulikt tempo.

For det andre endra nye ferdselsvegar kontaktmønsteret mellom nordmennene, slik at dialektgrensene endra seg. For det tredje kom stadig fleire folk til dei veksande tettstadene og byane. Dei tok med seg dialektane sine, og i byane utvikla det seg nye språktrekk.

Fleire endringar i talespråket mellom 1100 og 1500

1100–1300:

  • Monoftongering av diftongar, til dømes au > ø og ei > e: graut > grøt, stein > sten. Det kom antakeleg frå nordtysk via Danmark og Sverige til Noreg. Dialektane på Vestlandet har behalde diftongane, mens dei har blitt monoftongerte på store delar av Aust-Noreg.

  • ja- > je-, slik at fjall, hjarta, jamn blei til fjell, hjerte og jevn. Det blei ikkje gjennomført overalt, og derfor finn vi uttalane hjarte og jamn i dialektar framleis.

  • Tjukk l i ord som (vepse)bol og bord utviklar seg på Austlandet.

1300–1500:

  • Vokalane a og u i endestavingar blei til e: å bita, ei klokka > å bite, ei klokke. Dette blei ulikt gjennomført i dialektane, og derfor er det forskjellar i talespråket i dag.

  • Det gamle kasussystemet med eigne bøyingsformer for nominativ, akkusativ, dativ og genitiv gjekk i oppløysing. Det blei etter kvart erstatta med fast leddstilling og bruk av preposisjonar. Mange dialektar heldt på kasussystemet lenge, faktisk heilt fram til vår tid, sjølv om det er sjeldan i dag. I Hedmark kan det til dømes heite Hu står i dusja (dativ), men Hu går i dusjen (akkusativ).

  • Verbbøyinga blei sterkt forenkla. Til dømes forsvann gradvis fleirtalsbøyinga, sjølv om ho heldt seg lenge i mange dialektar. Framleis kan nokon seie eg tek og eg tok (eintal presens og preteritum), men me taka og me toko (fleirtal presens og preteritum)

  • -t forsvann i uttalen av mange ord: húsit > huse, annat > anna, opit > opi/ope, þat > dei, kastat > kasta. Vi skriv framleis t-ein i pronomenet "det" og i bestemd form av inkjekjønnssubstantiv.

Den norske geografien har vore viktig

Dei geografiske forholda i Noreg, med fjell, skog, vidde og store avstandar, har hindra kontakt mellom folk. Blant fjell og dalar har ikkje dialektane endra seg i like stor grad som i flatare område der kontakten med folk utanfrå har vore større.

Til dømes har dialektane på det flate Austlandet mange fellestrekk på grunn av enkle reisevegar, mens dialekten i Setesdal i indre Agder har mange særeigne trekk fordi setesdølane tradisjonelt har hatt mindre kontakt med andre dialektar. Tradisjonell setesdalsdialekt liknar derfor òg meir på talespråket i Noreg for 500 år sidan enn det talespråket på til dømes Austlandet gjer.

Det er heller ikkje så rart at dialektane på Austlandet er ganske annleis enn dialektane på Vestlandet, eller at dialektane på Vestlandet liknar meir på dialektane i Nord-Noreg enn i Trøndelag. I mellomalderen og heilt fram til førre hundreår var det relativt lite kontakt mellom Austlandet på den eine sida og Sørlandet eller Vestlandet på den andre. Austlendingane var hyppigast i kontakt med trønderane, mens vestlendingane lenge tok sjøvegen til Nord-Noreg, forbi Trøndelag. For mens hav, sjø og fjord i dag kanskje hindrar kontakt, var det motsett i eldre tider. Då var sjøvegen gjerne enklare enn landvegen.

Tenk over:

Korleis er geografien der du bur? Kva slags innverknad kan han ha hatt på dialektane i området?

Ei reise i Noreg er ei reise i tid

I videoklippet under reiser programleiaren Yasmin Syed og språkforskaren Martin Skjekkeland frå Søgne ved kysten til Valle i innlandet. Reisa er ikkje berre ei geografisk reise, men på mange måtar også ei tidsreise:

1800-talet: Dialektane og nasjonsbygginga

Då Noreg blei sjølvstendig i 1814, var skriftspråket dansk, men talespråket var framleis norsk. Utover på 1800-talet fekk dei norske dialektane høgare status, godt hjelpt av nasjonalismebølgja etter frigjeringa frå Danmark og den nasjonalromantiske ideologien som etter kvart kom til Noreg frå Tyskland. Dialekten til bonden representerte norsk kultur og blei eit sentralt symbol i arbeidet med å finne og dyrke det ekte norske. Mot slutten av hundreåret vedtok dessutan norske styresmakter at elevane i norsk skule kunne få opplæring på dialekten sin.

Hendingane på 1800-talet er sentrale årsaker til at dialektane våre er såpass godt bevarte og framleis har høg status samfunnet.

1900-talet: Samfunn i endring, dialektar i endring

Tidleg på 1900-talet hadde industrialiseringa fått fotfeste i Noreg, og rundt midten av hundreåret skaut den teknologiske utviklinga verkeleg fart. Alle las aviser og magasin, og radio og TV blei etter kvart allemannseige. Økonomien blomstra, velstanden auka, og samfunnet blei i aukande grad sentralisert. Dermed flytta folk på seg i større grad.

Folkeflyttinga og samfunnsutviklinga elles førte landsdelar og dialektar nærare saman, og mange dialektar gjekk gjennom ganske store endringar på kort tid. I tillegg auka presset på talespråket frå bokmål og engelsk. Denne utviklinga har halde fram fram til vår tid, og det har ført til at mange lokale dialektar er svært forandra eller rett og slett har forsvunne.

Nye samfunn, nye dialektar

Også i nyare tid er det døme på at nye dialektar oppstår. På Vestlandet og i Nord-Noreg vaks det på 1900-talet fram nye industrisamfunn som etter kvart blei til små bygdebyar. Hit kom arbeidarar og funksjonærar med familiar frå alle kantar av landet for å arbeide, og dei skapte ein særprega dialekt som braut med talemålet i dei omkringliggjande bygdene.

Odda i Hardanger og Høyanger i Sogn er to døme på slike industrisamfunn som har fått sin eigen dialekt. Det lokale talemålet på desse stadene er oppblanda med dialekttrekk frå andre landsdelar.

Høyr den spesielle høgangerdialekten i klippet under:

Tenk over:

Trur du det kan oppstå nye norske dialektar også i framtida? Diskuter gjerne med nokon andre, og prøv å grunngi svaret ditt.

Dialektframtida

Det er altså mangelen på språkkontakt som gjer at dialektar oppstår. Godt hjelpt av den norske geografien låg forholda til rette for at det norske talespråket utvikla seg i ulike retningar då samfunnet endra seg utover i mellomalderen. I dag er språkkontakten mellom by og bygd og på tvers av regionar og landsdelar mykje større enn nokon gong. Kva konsekvensar vil det få for norsk språk og for dialektane våre?

Kjelder

Almenningen, O., Roksvold, T. A., Sandøy, H. & Vikør, L. S. (Red.). (1981). Språk og samfunn gjennom tusen år. Ei norsk språkhistorie. 5. utgåve 1992. Universitetsforlaget. Oslo.

Nordbø, B. (2009). Norrønt. Store norske leksikon. Henta desember 2021 frå https://snl.no/norrønt

Skjekkeland, M. (2010). Dialektlandet. Portal forlag. Kristiansand.

Wikipedia (u.å.) Dativ. Henta desember 2021 frå https://no.wikipedia.org/wiki/dativ

Skrive av Christian Lund, Ragna Marie Tørdal og Oddvar Engan.
Sist fagleg oppdatert 03.09.2021