Korleis endrar talespråket seg? - Norsk (SF vg3) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Korleis endrar talespråket seg?

Det er spennande å utforske noko som er i stadig endring, og som er ein del av kvardagen din! Undersøk, diskuter og skriv om talespråkendringar.

Oppgåve 1: Undersøk utviklingstendensar i norsk talespråk

Del 1. Kva skjer?

Individuelt eller i grupper:

Nedanfor er eit utval utviklingstendensar i norsk talespråk i dag. Læraren avgjer om de får tildelt ein eller fleire tendensar som de skal undersøkje grundigare i dei neste delane av oppgåva, eller om de kan velje tendensar.

Klikk på overskriftene for ei kort skildring.

1: Er kj-lyden på veg bort?

Fleire og fleire har eit samanfall mellom kj-lyd og sj-lyd. Det vil seie at dei uttaler ord som kylling, kjøter, kinn og kjede med sj-lyd, akkurat som i orda skyljing, skøyte, skinn og skjede.

2: Er skiljet mellom subjekts- og objektsform på veg bort?

I bokmålsnært talemål er det mange som ikkje skil mellom subjektsforma de og objektsforma dem.

Døme: Jeg skal møte de i kveld

I visse område har også du teke over for deg.

Døme: Kan eg køyre med du?

Når det gjeld skiljet mellom ho og henne i bokmålsnært talemål, finn vi både døme på at henne blir brukt som subjektsform og at hun blir brukt som objektsform.

Døme: Henne er så snill / Jeg skal snakke med hun

3: Er ein av l-lydane i Oslo-området på veg bort?

I Oslo og områda rundt er det tradisjonelt tre ulike l-lydar i orda klump, ball og film. Særleg blant dei yngre språkbrukarane er det samanfall mellom l-lyden i ball og l-lyden i film, slik at begge orda blir uttalte med l-lyden i film. Det er veldig likt den såkalla Østfold-l-en.

Døme på ord som endrar l-lyd: alle, bål, skal, halde

4: Er grammatisk hokjønn på veg bort frå bokmålsnært talemål?

Undersøkingar viser at grammatisk hokjønn er på veg bort frå bokmålsnært talespråk i fleire norske byar. Det gjeld særleg bruken av den ubestemde artikkelen ei, men også en-ending i bestemd form eintal er på frammarsj.

Døme: en bok, en sol, en jente

Døme: boka/-en, sola/-en, jenta/-en

5: Er blaute konsonantar på veg bort?

Blaute konsonantar er eit tradisjonelt kjenneteikn på dialektane langs Sørlandskysten. Det vil seie at konsonantane p, t og k blir uttalt høvesvis b, d og g. I dag er det ein tendens at fleire bruker harde konsonantar i dette området.

Døme: blaude/blaute, kage/kake, tabe/tape

6: Er "finspråket" på veg bort?

Talespråket blant dei høgare samfunnslaga blir ofte kalla "finspråk", "fint språk", "normalisert bymål" eller "danna språk". I Oslo blir det kalla "vestkantmål", i Trondheim "fintrøndersk" og så vidare.

Talespråket blant dei lågare samfunnslaga blir ofte kalla "folkespråk", "folkeleg bymål", "bydialekt", "gatespråk" eller rett og slett "dialekt".

I dag er det tendensar til at skiljet mellom talespråket i dei høgare og dei lågare samfunnslaga i byane blir viska ut, og at fleire unge legg seg ein stad mellom det tradisjonelle "gatespråket" og det meir elitemessige "finspråket".

Del 2. Kvifor skjer det?

Ta utgangspunkt i den eller dei tendensane du har fått tildelt eller har valt:

  1. Kva kan vere årsaka/årsakene til at det skjer? Tenk og noter i 1–3 minutt. Ikkje leit opp eller les skriftlege kjelder enno.

  2. Ta utgangspunkt i det du har tenkt og notert. Prøv å formulere ein om kvifor det skjer.

Del 3. Kva seier forskarane?

Sett deg inn i forskarane sine forklaringar på fenomenet du har valt. Du kan finne kjeldeforslag i kollapsboksen nedanfor, eller du kan søkje eller leite sjølv på internett og i bøker.

Kjeldeforslag

1. Kj-lyden:

Språkrådet: Skal vi på sjino? Om sammenfallet ...

NRK: Språkforsker om skj/kj-lyden: Kan ende med at vi bare sier "s"

2. De/dem, deg/du og hun/henne:

NRK: Er dette en språkfeil som er kommet for å bli?

Språkrådet: De eller dem som?

Morgenbladet: Jeg sier hei på du

3. L-lyden i Oslo-området:

Språkrådet: Den såkalte Østfold-l-en

Aftenposten: "Østfold-L'en" sprer seg i Oslo

4. Hokjønn:

Forskning.no: Hunkjønn forsvinner fra det norske språket

Aftenposten: Grammatisk hunkjønn er på vei ut av språket vårt

5. Blaute konsonantar:

Masteroppgåve ved UiA: "Det er både fint og harry" (s. 100–102)

Språksida.no: Bruker ikke "blaude" konsonanter

Byas.no: Er Stavanger- og Sandnes-dialekten blant de unge i ferd med å viskes ut?

6. "Gatespråk" mot "finspråk":

Aftenposten: De "pene" dialektene er i ferd med å dø ut

Forskning.no: Slepent gatemål danker ut fintrøndersk

Del 4. Stadfest, juster eller avkreft hypotese

Kor godt stemde hypotesen din med forklaringane til forskarane? Skriv ein kort tekst eller førebu ein kort presentasjon der du:

  • gjer greie for utviklingstendensen du valde eller blei tildelt

  • presenterer din eigen førehandshypotese og grunngir han

  • legg fram dei viktigaste årsakene du har funne i kjeldematerialet

  • stadfestar, avkreftar eller justerer hypotesen din

  • konkluderer med kva du har lært om det spesifikke språklege fenomenet, og om språkendringar generelt

Oppgåve 2. Regionalisering av dialektane

Del 1

I grupper:

  1. Plasser kvarandre først på ein skala frå 1 til 5, der 1 er "du snakkar ikkje lokal dialekt i det heile" og 5 er "du snakkar lokal dialekt". Ikkje avslør talet for kvarandre.

  2. Plasser deretter deg sjølv på same skala. Ikkje avslør talet for dei andre enno.

  3. No kan de dele med kvarandre og snakke saman om resultata. Stemmer dei overeins eller ikkje? Kvifor?

Del 2

Diskuter i grupper:

I kva grad påverkar punkta nedanfor talespråket dykkar? (Her er diskusjonen dykk imellom meir interessant enn kva som er rett)

  • dialekten i nabobygda

  • dialekten i nabokommunen

  • dialekten i nabobyen

  • dialekten i den største byen i regionen eller landsdelen

  • dialekten i hovudstaden

  • skriftspråket

Del 3

Individuelt eller i grupper:

Les fagartikkelen "Vil dialektane døy?" og svar på spørsmåla:

  1. Kva er regionalisering?

  2. Korleis går regionaliseringa føre seg?

  3. Kva er hovudårsakene til regionalisering?

  4. Er det døme på regionalisering av talespråket der de bur?

  5. Diskuter fordelar og ulemper ved regionalisering.

Oppgåve 3. Tre meiningar om språkutvikling

Sylfest Lomheim er tidlegare direktør i Språkrådet, Helene Uri er språkforskar og forfattar, og Per Egil Hegge er journalist og kjend for språkspalta si i avisa Aftenposten. Alle tre har klare synspunkt på språk og språkutvikling.

Del 1. Sjå videoane

Lag ei enkel oversikt:

  1. Kva språkendringar kommenterer dei?

  2. Kva meiner dei om endringane?

Per Egil Hegge:

Video: NRK / CC BY-NC-ND 4.0

Helene Uri:

Video: NRK / CC BY-NC-ND 4.0

Sylfest Lomheim:

Video: NRK / CC BY-NC-ND 4.0

Del 2. Diskuter

I grupper: Vel dykk ut to av problemstillingane som blir tekne opp av dei tre i videoane. Kva meiner de om problemstillingane? Diskuter.

I klassen: Gruppene melder inn kva dei diskuterte, og kva argument som vart lagde fram. Kva sak engasjerte mest? Kvifor?

Del 3. Skriv eit essay

Vel deg ut ei av problemstillingane som vart diskuterte i klassen, og skriv eit essay om saka.

Oppgåve 4. Lær meir om r-lyden

Sjå filmen over og svar på spørsmåla:

  1. Vi kan uttale bokstaven r på to måtar, som rulle-r eller som skarre-r. Kva r-lyd er lettast å lære?

  2. Kvar i Noreg bruker folk skarre-r?

  3. Korleis har skarre-r-en spreidd seg i Europa?

  4. Klarer du å lage begge r-lydane? Prøv, og legg merke til kvar du plasserer tunga. Kva lyd krev mest "arbeid" av tunga?

  5. Bruk bok eller internett og finn ut om skarre-r-en spreier seg i dag, eller om han er på veg tilbake.

Oppgåve 5. Om nye ord i språket

Sjå klippet med Sylfest Lomheim, tidlegare direktør i Språkrådet.

  • Kvifor skjer utskiftinga av ord i språket mykje raskare i dag enn før?
  • Lomheim samanliknar ordtilfanget til eit menneske som levde for hundre år sidan, med ordtilfanget til ein person som lever i dag. Kor mykje av ordtilfanget har dei to felles, ifølgje Lomheim?
  • Kva for nokre nye ord har du lært deg i det siste? I kva samanheng oppdaga du ordet?

Oppgåve 6. Kva kjenneteiknar "årets nyord"?

Språkrådet kårar kvart år "årets nyord". Sjå oversikta over orda hos Språkrådet.

  1. Kva for nokre av desse orda kjenner du til frå før? Er det nokon av dei du bruker aktivt?

  2. Undersøk om nokon av orda på lista har hamna i ordboka. Kva kan vere årsaka til at orda har, eventuelt ikkje har, hamna i ordboka?

  3. Kva seier orda om samtida dei oppstod i?

  4. Dei fleste nye ord er moteord og slanguttrykk som forsvinn etter nokre år, og nokre gonger månader. Kva skal til for at eit nytt ord skal "overleve" lenger?

  5. I klassen: Har de nokon nye ord som ikkje står på lista til Språkrådet? Stem over favoritt-nyordet til klassen.

Relatert innhald

Fagstoff
Dialektparadiset Noreg

Vi har mange dialektar her i landet, men det er ikkje berre derfor vi kallar Noreg for eit dialektparadis.

Fagstoff
Vil dialektane døy?

Dei norske dialektane er i endring. Overlever dialektane desse endringane, eller snakkar vi kanskje oslomål i heile landet i framtida?

Skrive av Marion Federl, Ragna Marie Tørdal, Christian Lund og Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 13.09.2021