Kva er dialekt? - Norsk (SF vg3) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er dialekt?

Snakkar du dialekt? Det er ikkje nødvendigvis så lett å svare på det spørsmålet, for kva er eigentleg ein dialekt?

Før du byrjar å lese:

  1. Snakkar du dialekt?

  2. Kva svarer dei andre i klassen?

Kva er ein dialekt?

Snever betydning

Når du seier dialekt, meiner du antakeleg ein munnleg variant av norsk. Du tenkjer kanskje òg at ein dialekt skil seg frå "skriftspråksuttale", og at han er knytt til ein bestemd stad i Noreg, til dømes ein tettstad som Sogndal eller eit større område som Helgelandskysten. Slik har òg dialektforskarane tradisjonelt brukt omgrepet.

Når vi bruker ordet dialekt på denne måten, har ordet ei snever betydning og er synonymt med fagomgrepet geolekt.

Tradisjonell definisjon av dialekt

Ein dialekt er eit geografisk bestemt talespråk som blir brukt av ei gruppe menneske. Det må i tillegg utgjere eit fullstendig språksystem som verken er standardisert eller har ein bestemd skriftnormal knytt til seg.

At eit språksystem er fullstendig, vil seie at det har reglar for grammatikk og uttale og kva som er rett og gale. At språket ikkje er standardisert, betyr at desse reglane ikkje er fastsette og nedskrivne, men "lever i oss" utan at vi tenkjer over det. Og at språket ikkje har ein skriftnormal, vil seie at det ikkje finst ei fastsett norm for korleis talespråket skal sjå ut i skrift.

Vid betydning

Ifølgje Skjekkeland (2010, s. 18) bruker mange språkforskarar i dag omgrepet dialekt i ei vidare betydning.

Somme definerer dialekt som det første talespråket ein person lærer, uavhengig av om det språket er knytt til geografiske eller sosiale forhold.

Andre reknar dialekt som ei samlenemning på alle systematiske talespråkforskjellar innanfor eit språk. At forskjellane er systematiske, betyr at det ikkje held med eit og anna ord, eller at forskjellane er individuelle. Denne definisjonen omfattar òg talespråkvariantar som anten viser tilhøyrsel til ei bestemt sosial gruppe, er påverka av eit heilt anna språk eller er påverka av fleire andre språk.

Tenk over:

Er standardtalespråk dialekt?

Dette spørsmålet vil få ulike svar alt etter kva for ein av dialektdefinisjonane over vi følgjer. Korleis vil svaret endre seg frå definisjon til definisjon?

Dialekt og standardspråk

Ofte har dialekten funksjon som "nærspråk", det vil seie eit språk vi bruker heime, i nærmiljøet og i uformelle samanhengar. Derfor skil folk flest mellom dialekt på den eine sida og standardtalespråk, òg kalla normaltalespråk, på den andre.

I mange språk er det eit skarpt skilje mellom standardtalespråk og dialekt. Dei lærer og bruker standardtalespråket i skulen, og dialekt blir ikkje akseptert i offentlege samanhengar. I Noreg har vi ikkje eit offisielt standardtalespråk, og vi bruker dialekt i nær sagt alle samanhengar. Vi bruker likevel gjerne omgrepet om det talespråket som ligg nært opptil skriftspråket, altså bokmål eller nynorsk. To døme på eit slikt talespråk er standardaustnorsk og "finbergensk". Begge er bokmålsnære talespråk.

Tenk over:

Kva kan vere grunnane til at nokon snakkar meir skriftspråksnært enn andre?

Dei fire -lektane

Uavhengig av kva dialektdefinisjon vi tek utgangspunkt i, kan vi skilje dei ulike talespråkvariantane frå kvarandre med følgjande fire omgrep:

  1. Geolekt er ein talespråkvariant som er knytt til eit bestemt geografisk område, til dømes ei bygd som Lom, ein by som Narvik eller eit større område som Vest-Telemark. Dette er det vi i daglegtalen omtaler som dialekt.

  2. Sosiolekt er ein talespråkvariant knytt til ulike sosiale grupper i samfunnet basert på utdanning, yrke og inntekt, men òg kjønn og alder.

  3. Etnolekt er ein talespråkvariant knytt til grupper med ein annan språkleg bakgrunn eller etnisitet, til dømes polsk eller arabisk.

  4. Multietnolekt er ein talespråkvariant knytt til multikulturelle miljø der språket blir påverka av fleire andre språk, som til dømes på Oslos austkant der norsk blir blanda med lydar, ord og uttrykk frå språk som arabisk, tyrkisk, kurdisk, somalisk med fleire.

Tenk over:

Korleis vil du definere forskjellen mellom dialekt og språk? Diskuter gjerne med andre.

Geolektar i Noreg

Noreg blir gjerne kalla Dialektlandet, og då meiner vi "Geolektlandet". Norsk har nemleg mange ulike geolektar, og variasjonen mellom dei er stor. Geolektane har òg generelt høg status i samfunnet. Vi legg sjeldan frå oss den lokale geolekten når vi reiser, flyttar eller opptrer i meir offisielle samanhengar.

Det er tradisjon for å dele dei norske geolektane i fire hovudområde med felles kjennemerke: austlandske, vestlandske, trønderske og nordnorske geolektar. Innanfor desse hovudområda er det stor lokal variasjon.

For somme går det sport i å heimfeste dialektane til andre, som vil seie å avgjere kvar dei kjem frå. Videoklippet nedanfor har allereie gjort jobben for oss når vi får høyre Halfdan Sivertsens "Kjærlighetsvisa" på åtte ulike geolektar.

Utforsk eigen geolekt:

Korleis høyrest "Kjærlighetsvisa" ut på din geolekt? Omset heile songen eller delar av han. Kanskje kan du framføre for dei andre i klassen?

Regionalisering og standardisering

Dei fleste språkforskarar meiner at det går mot ei regionalisering av talespråket i Noreg. Det vil seie at forskjellane mellom dei lokale geolektane innanfor eit større område – ein region – blir færre og mindre. På den måten blir geolektane innanfor ein større region likare kvarandre. I Noreg kjem dette tydelegast fram på Austlandet der vi ser ei utvikling mot det vi kallar standardaustnorsk. Fenomenet veks òg fram i ulik grad i Trøndelag, Nord-Noreg og på Vest- og Sørlandet.

Det er bymåla som "vinn" i denne prosessen. Vår tids sentralisering av offentlege tenester, utdanning, kultur og kommunikasjon fører til at byane og regionssentera blir viktigare for dei mindre byane og tettstadene i regionen. Er det ein større by i regionen, vil språktrekka i denne byen ofte først spreie seg til dei mindre byane og tettstadene i regionen. I neste omgang spreier språktrekka seg vidare til bygdene rundt desse stadene.

Tenk over:

Går det an å stoppe eller bremse regionaliseringa, eller er ho ustoppeleg?

Sosiolektar i Noreg

Det er ikkje slik at alle folk som bur i ei bestemd bygd eller ein bestemd by, snakkar likt. I dei fleste storbyane verda over har menneske frå ulike sosiale lag busett seg i ulike bydelar. Eit klassisk skilje går mellom aust og vest.

Aust og vest i Oslo

Innbyggjarane på vestkanten i Oslo har tradisjonelt tilhøyrt borgarskapet. Talespråket her er ganske standardisert og bokmålsnært og skil seg frå talespråka i områda rundt Oslo. På fagspråket heiter det normalisert bymål, men i det daglege blir det òg kalla "finspråk".

På austkanten, nær dei gamle industribedriftene langs Akerselva, har tradisjonelt arbeidarane budd. Talespråket her har fleire likskapstrekk med dialektane rundt Oslo og er ikkje like skriftspråksnært som på vestkanten. På fagspråket kallar vi det (tradisjonelt) bymål. Det blir òg meir uformelt kalla "folkemål" og "gatespråk". Det tradisjonelle bymålet representerer det opphavlege talespråket i byen.

Andre norske byar har òg hatt eit liknande skilje mellom høg- og lågstatusspråk. Høgstatusspråket i til dømes Bergen, Stavanger og Trondheim har gjerne fleire skriftspråksnære trekk og færre likskapstrekk med dei lokale dialektane, til dømes "ikke" eller "jæi" i staden for "ikkje", "itj", "eg" eller "æ".

Tenk over:

Korleis er det på heimstaden din? Snakkar alle den lokale dialekten heilt likt, eller er det sosiale forskjellar? Korleis høyrest det eventuelt ut?

Sosial utjamning

Det tradisjonelle "finspråket” i byane er på veg ut. Dette heng saman med ei generell sosial utjamning i det norske samfunnet. Det tradisjonelle ("folkelege") bymålet og det normaliserte ("fine") bymålet blir meir blanda, og i fleire byar vil vi finne eit felles bymål som blir oppfatta som verken danna/fint eller udanna/breitt. Det er ikkje nødvendigvis sånn at sosiolektane i byane er på veg bort. Sosiolektane er i stadig endring, men skilja er ikkje like skarpe som før.

Etnolektar i Noreg

Nord-Noreg har i fleire hundre år hatt ulike norske talespråkvariantar i dei områda der norsk-, samisk- og kvensktalande har levd side om side. Hilde Sollid ved Universitetet i Stavanger har gjennomført ein studie av møtet mellom kvensk og norsk i Sappen i Nordreisa. Her tok folk med seg trekk frå kvensk når dei lærte seg norsk som andrespråk. Dette andrespråket har så blitt grunnlaget for den norske dialekten i bygda. (Wynn, 2003)

Multietnolektar i Noreg

Ei form for etnolekt er multietnolekt, som er ein talemålsvariant med innslag av ord og uttrykk frå fleire ulike språk. Multietnolekt finn vi i dei største byane i Norden – i miljø der folk med ulik etnisk bakgrunn møtest. I daglegtalen blir multietnolektane på ein litt nedlatande måte omtalt som kebabnorsk, rinkebysvensk eller walla-dansk.

Dei gamle arbeidarbydelane i Oslo har høg del innvandrargrupper med ikkje-vestleg etnisk opphav. Det norske talemålet i desse områda har derfor innslag av ord og setningsbygning frå det språket innvandrarane snakka før dei kom til Noreg. Dei hentar ordtilfang mellom anna frå arabisk, berbisk, urdu og spansk.

Ofte vil dei som bruker multietnolektar òg kunne snakke ”vanleg norsk”. Multietnolekten bruker dei for å signalisere kven dei er, og kva gruppe dei identifiserer seg med. Derfor har gjerne multietnolekten òg ein sosial funksjon, og dei same språktrekka går igjen i fleire byar.

I filmen under deler skodespelarane Serhat Yildirim og Mohammed Aden Ali tankane sine om den norske multietnolekten.

Tenk over:

Innleiingsvis blei du spurt om du snakkar dialekt eller ikkje. Har svaret endra seg no som du har lese teksten, eller er svaret det same?

Kjelder

Løkensgard Hoel, O. (1998). " Dialektar og sosiolingvistikk – Ei drøfting av kva nyare sosiolingvistikk har hatt å seie for synet på kva ein dialekt er." I: Norskrift. Arbeidsskrift for nordisk språk og litteratur 9/1998: s. 51–67.

Skjekkeland, M. (2010). Dialektlandet. Portal forlag. Kristiansand.

Skjekkeland, M. (2015). Norske bymål. I Store Norske Leksikon. Henta frå: https://snl.no/norske_bym%C3%A5l

Wynn, Å. (2003). Kvenske spor i nordnorsk dialekt. Henta september, 2021 frå: https://forskning.no/uit-norges-arktiske-universitet-historie-moderne-historie/kvenske-spor-i-nordnorsk-dialekt/1073115

Skrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 28.09.2021