Charles Baudelaire – modernismen sin far - Norsk (SF vg3) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Charles Baudelaire – modernismen sin far

Den franske lyrikaren Charles Baudelaire (1821–1867) blir omtalt som ”modernismens far”. Formmessig introduserte Baudelaire ein heilt ny sjanger, nemleg prosalyrikken. Han skreiv små forteljingar, men med eit rytmisk og biletrikt språk som vi elles helst finn i lyrikken.

I 1857 gav Baudelaire ut diktsamlinga Les fleurs du mal (Det ondes blomster), som vekte stor oppsikt og som straks blei beslaglagd og forboden.

Dikta til Baudelaire blei sett på som ”lite lyriske”. I staden for å skrive vakre naturskildringar eller omtale svulmande forelskingar, skildra han livets skuggesider og vanskane med å leve i moderniteten. Han sette ord på framandgjering, angst og rotløyse, men evna også å sjå poesien i det stygge.

Oppgåve 1

Charles Baudelaire: "Anywhere Out of the World"

  1. Kva for ein sjanger er diktet skrive i? Korleis skil denne sjangeren seg frå den tradisjonelle lyrikken?
  2. Kva er det konkrete motivet i diktet?
  3. "Jeg tror alltid at jeg vil få det bedre et annet sted, og dette spørsmålet om å flytte diskuterer jeg ustanselig med min sjel.” Kva seier denne utsegna om sinnstilstanden til eg-personen?

Oppgåve 2

På sporet av ein allusjon

Tittelen "Anywhere Out of The World" er ein allusjon til eit dikt av den engelske forfattaren Thomas Hood (1799–1845). Diktet har tittelen "The Bridge of Sighs". Det kom ut i 1844 og handlar om ei ung kvinne som druknar seg i Themsen.

Baudelaire fekk mest sannsynleg kjennskap til diktet gjennom Edgar Allan Poes essay "The Poetic Principle". På 1850-talet omsette han nemleg ei rekkje tekstar av Edgar Allan Poe til fransk og gjorde Poe kjend i Europa. Dette er verset som tittelen er lånt frå:

"The bleak wind of March
Made her tremble and shiver;
But not the dark arch,
Or the black flowing river:
Mad from life's history,
Glad to death's mystery,
Swift to be hurl'd—
Anywhere, anywhere
Out of the world!"

Finn diktet til Thomas Hood på internett og les det.

  1. Peik på fellestrekk og ulikskapar mellom kvinna i diktet til Hood og eg-personen i Baudelaires tekst.
  2. Korleis tolkar du uttrykket "anywhere out of the world" etter å ha lese "The Bridge of Sighs"?

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Kvifor modernisme?

I denne oppgåva skal de utforske bakgrunnen for modernismen både individuelt og i grupper.

Skrive av Heidi Mobekk Solbakken og Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 18.01.2019