Kodekammer om Sult
Oppgåve 1. Eit kodekammer som bygger på Sult
Prøv å gå gjennom kodekammeret under. De kan jobbe i par eller åleine. Det er òg mogleg å arrangere ein klassekonkurranse der den første som kjem fram til endestasjonen, er vinnaren.
Tips
Trykk øvst i høgre hjørne for å få kodekammeret i fullskjerm. Dette er viktig for at du skal få med deg alle detaljane.
Biletet er i 360-format. Du må derfor bevege deg rundt i rommet med pc-musa.
Viss handa blir til ein peikefinger, er det verd å stoppe opp og lese.
Ta deg tid til å lese teksten nøye. Sceneskildringane er spesielt viktige. Viss du har behov for å lese dei ein gong til, trykk på i-en nedst til venstre.
Du kan få lyd ved å trykke på lydikonet nede til venstre.
Oppgåve 2. Kven var eigentleg Knut Hamsun?
A. Jobb åleine
Skriv ned førsteinntrykket ditt etter å ha jobba med kodekammeret:
Kven var Knut Hamsun?
Kva var han oppteken av?
Korleis syntest han god litteratur skulle vere?
Og korleis skulle litteraturen ikkje vere?
B. Jobb i par
Då de gjennomførte kodekammeret, var de kanskje mest opptekne av å finne kodane fortast mogleg. Men det står faktisk ganske mykje interessant om Hamsun der. No skal de gå gjennom kodekammeret ein gong til, men i roleg tempo. Undervegs skal de notere ned svar på spørsmåla i dokumentet under.
Oppgåve 3. Likskapar mellom kodekammeret og Sult
Gjer oppgåva "Frå det ubevidste sjæleliv" og Sult under. Diskuter deretter kva likskapar de ser mellom
Hamsuns liv
kodekammeret
Sult
Relatert innhald
Forstå Knut Hamsun ved å lese "Fra det ubevidste sjæleliv" og "Sult" både i original- og teikneserieversjon.
Eit kodekammer der du går inn i rolla som fru Alving og må løyse kodar for å komme ut av rommet.