Valfridom i norsk rettskriving - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Valfridom i norsk rettskriving

Når du skal skrive norsk, kan du velje mellom å skrive bokmål eller nynorsk. I tillegg kan du i begge skriftspråka velje mellom fleire ulike variantar av same ord. Kvifor er valfridommen så stor?

Kva vel du?

Skriv du "barna" eller "barnene" når du skriv bokmål? "Mora mi" eller "moren min"? "Sammenlikner" du eller "sammenligner" du? Og skriv du "utdannelse" eller "utdanning"?

Kva gjer du når du skriv nynorsk? Skriv du "ei" eller "ein" klasse? Går du for "fleire auge" eller "fleire augo"? Føretrekkjer du "sitje" eller "sitte"? Og vel du "å kome", "å komme", "å koma" eller "å komma"?

At du har så mange val når du skriv, er uvanleg elles i verda. Ifølgje språkprofessor Helene Uri har antakeleg ingen andre skriftspråk så stor valfridom i rettskrivinga som norsk (Uri, 2016). Både i bokmål og nynorsk finn vi ein del ord som har fleire sidestilte former. Det betyr at ordet kan skrivast på fleire måtar, og at alle formene er like korrekte å bruke.

Kvifor har vi så stor valfridom i Noreg?

Sidan slik valfridom ikkje er like vanleg i andre land, er det naturleg å spørje seg kva som er spesielt med den norske situasjonen. Svaret ligg i historia.

1800-talet: Korleis skal eit norsk skriftspråk sjå ut?

Ei av dei viktigaste årsakene til at vi har så stor valfridom i norsk, oppstår på 1800-talet; vi får to skriftspråk vi kan velje mellom. Litt om bakgrunnen:

I 1814 blei Noreg uavhengig av Danmark, og vi fekk ei eiga norsk grunnlov. Ein sentral tanke i tida var at ein nasjon òg bør ha eit eige språk. Situasjonen var at nordmenn som kunne skrive, skreiv dansk, men snakka anten dialekt eller eit fornorska dansk. Men korleis skulle eit norsk skriftspråk sjå ut? Ivar Aasen og Knud Knudsen foreslo to ulike måtar å lage eit norsk skriftspråk på.

Nytt skriftspråk

Aasen ville byggje eit nytt norsk skriftspråk på dei norske bygdedialektene. Det låg nærast det opphavelege norske språket, meinte han. Han lanserte språket under namnet landsmål. I 1929 endra det namn til nynorsk.

Fornorsking av dansk

Knudsen ønskte eit norsk skriftspråk tufta på ei gradvis fornorsking av dansk. Han ville ta utgangspunkt i den danna daglegtalen, talemålet til eliten i byane, og gjere dette om til eit skriftspråk. Knudsen sitt prosjekt blei ikkje gjennomført før etter at han døydde, men forslaga hans la grunnlag for norsk riksmål, seinare bokmål.

Rettskrivingsforslaget til Knudsen frå 1886
  • p, t, k skulle kome i staden for b, d, g etter lang vokal
  • nn og ll skulle kome i staden for nd og ld i mange tilfelle
  • g og k skulle kome i staden for gj og kj framfor e, æ og ø, slik det allereie var framfor i og y. Til dømes kære og gøre i stden for kjære og gjøre
  • Kortverb skulle bøyast tro – trodde – trodd i staden for tro – troede – troet
  • Fleirtal av han- og hokjønnssubstantiv skulle i ubestemt form vere -er (hester, gårder) i staden for -e (heste, gårde)
  • Fleirtal av inkjekjønnsord skulle i ubestemt form vere utan ending (land, brev) i staden for -e (lande, breve)
  • -t i bestemt form eintal av inkjekjønnsord skulle fjernast fordi han var "stum" i talemålet
  • g i staden for v i ord som plog (dansk: plov), skog (dansk: skov), krage (dansk: krave), mage (dansk: mave), korg (dansk: kurv), torg (dansk: torv)
  • Kortformer som far, mor, bror, be, dra, sa, la, bli i staden for fader, moder, broder, bede, drage, sagde, lagde, blive
  • "Norskare" konsonantar i mange ord. Til dømes sakne, likne og vitne i staden for savne, ligne og vidne
  • "Norskare" vokalar i ein del ord. Til dømes bu, band, hand, kald, naken, bjørk, mjølk, glømme i staden for bo, bånd, hånd, kold, nøgen, bjerk, melk, glemme
  • Fjerne tyske ordlagingselement, til dømes an-, be-, er-, ge-, -aktig, -het, -ige, -messig, -inne, -isk

I tillegg hadde Knudsen tre forslag som han såg for seg kunne bli gjennomførte på lengre sikt. Eitt av dei var å gjennomføre hokjønn som grammatisk kategori (eksempel ei sol - sola).

Kjelde: Torp og Vikør (1993, s. 197)

Fridom til å velje språk, men ikkje skrivemåte?

Både Aasen og Knudsen hadde ein tanke om at det var viktig at folk skulle kunne velje å skrive omtrent som dei snakka. Dette prinsippet kallar vi. Det ortofone prinsippet til trass – verken Aasen eller Knudsen var særleg interessert i valfridom i rettskrivinga. Då Aasen publiserte landsmålet, var det heilt utan valfrie former. Knudsen sitt forslag til fornorsking av dansk var heller ikkje basert på valfridom. Valfridommen handla enno mest om å kunne velje landsmål eller riksmål, eventuelt velje eit norsk eller eit dansk-norsk skriftspråk.

To viktige politiske vedtak

Språkdebatten gjekk heftig føre seg på 1800-talet, med sterke krefter på begge sider. Resultatet blei at vi fekk to skriftspråk som var likestilte. Det er spesielt to vedtak på denne tida som kom til å bli viktige:

  1. 1885 – jamstillingsvedtaket
    • Då Stortinget vedtok at landsmålet skulle sidestillast med “det almindelige Skrift- og Bogsprog”, slo dei fast at Aasen sitt landsmål og Knudsen sitt “riksmaal”, skulle vere likeverdige målformer. I dag heiter skriftspråka nynorsk og bokmål, og dei er framleis likestilte.
  2. 1892 – vedtak om valfridom i skulen

    • Det blei bestemt at skulekrinsane sjølv kunne velje om dei ville bruke landsmål eller riksmål. I dag kan du frå åttande klasse velje kva som er hovudmålet ditt på skulen.

I kampen for å bli det føretrekte skriftspråket for nordmenn oppstod det etter kvart eit moderniseringsbehov for landsmålet og eit fornorskingsbehov for riksmålet. Det førte til endringar. No skal vi sjå at den motstanden som desse endringane møtte i delar av befolkninga, etter kvart tvinga fram valfridom i rettskrivinga.

1890-talet: Valfridommen oppstår

Nordahl Rolfsen si lesebok

Valfridommen i riksmål oppstod først mot slutten av 1800-talet etter at Nordahl Rolfsen si Læsebog for Folkeskolen (1892) kom ut. Leseboka til Rolfsen blei svært populær, og ho innførte mange av dei endringane Knudsen hadde tilrådd tidlegare. Døme på det er preteritumsformene trodde og kasted i staden for troede og kastede og norske former med ustemte konsonantar som rope, leke og nøtt i staden for dei danske formene raabe, lege og nød.

Uklare reglar

Desse formene var strengt teke feil, sjølv om elevane møtte dei i leseboka si. Likevel byrja elevane å bruke formene når dei skreiv. For å unngå kaos gav departementet i 1893 skulane lov til å bruke desse nye skrivemåtane. Problemet var berre det at Rolfsen ikkje brukte desse formene konsekvent. Det førte til at elevane byrja å bruke mange av dei nye formene ved sida av dei tradisjonelle formene. Dette blei forvirrande og tvinga på mange måtar styresmaktene til å gjere noko med situasjonen.

Forslag til rettskrivingsendringar

Dermed gav departementet ei gruppe språkkyndige i oppdrag å kome med tilrådingar for rettskrivingsendringar som skulle redusere valfridommen og forvirringa. Det klarte dei ikkje. Då resultatet av dei språkkyndige sitt arbeid blei offentleggjort i 1898, var reaksjonane skarpe. Nesten alle forslaga blei sett på som altfor radikale.

Og løysinga var ...

Forslaga blei gjennomgåtte på nytt, og løysinga på problemet kom i 1907 med den første verkeleg store rettskrivingsreforma for riksmålet. Og kva var løysinga? Jo, det var å innføre valfridom.

To år etter lausrivinga frå unionen med Sverige var tida overmoden for fornorsking av riksmålet. Med valfridom håpa styresmaktene å tilfredsstille den vaksne generasjonen som alltid hadde skrive dansk, og samtidig påverke skulen og den oppveksande generasjonen til å ta i bruk dei fornorska formene.

Oppsummering 1800-talet

Etter frigjeringa frå Danmark oppstod eit nasjonalt behov for eit norsk skriftspråk, og avstanden mellom talespråk og skriftspråk var eit veksande problem i skulen, som også var i sterk vekst. Aasen og Knudsen gjekk for kvar si løysing, og nordmenn kunne velje mellom landsmål og riksmål.

Det var først då riksmålet gradvis skulle fornorskast, at valfridommen oppstod. Lærebokforfattarar byrja å eksperimentere med meir ortofone, norvagiserte former, heilt i tråd med Knudsen sitt forslag. Elevane tok uventa dei nye, ikkje-normerte formene i bruk, og forvirringa blei stor. Styresmaktene blei dermed nøydde til å handle og kome med ny rettskrivingsnorm. Forslaga blei møtte med reaksjonar. For radikalt, meinte folk. Vegen låg dermed open for å innføre valfridom for å dempe reaksjonen – for no var tida moden for fornorsking.

1900–1938: Valfridommen veks

Mellom 1901 og 1938 var det fleire reformer i begge skriftspråka. Desse reformene førte til større valfridom. Det kom av at styresmaktene ville modernisere landsmålet og fornorske riksmålet, men kanskje aller mest av at dei ønskte å slå saman dei to skriftspråka til eit fellesnorsk språk.

Fornorsking og valfridom i bokmål

For riksmålet sin del (kalla bokmål frå 1929) bidrog reformene til å fjerne skriftspråket frå dansk og føre det nærare det norske talemålet – først det danna talemålet i byane, deretter òg meir folkelege former. Det "folkelege" er både bygdedialektane og talemål som er forbundne med bestemte sosiale grupper som til dømes arbeidarklassen.

Somme av fornorskingane i riksmålet (kalla bokmål frå 1929) var uproblematiske fordi dei hadde støtte i det danna talespråket. Det gjaldt til dømes desse endringane frå 1917: lenge for længe, sjokolade for chokolade, rik og dråpe for rig og draabe. Det gjaldt òg desse endringane frå 1938: høy for høi, kunne for kunde og meg for mig.

Fornorskingar som ikkje stemde med det danna talemålet, skapte derimot sterk motstand. Derfor blei mange av dei først innførte som valfrie former, medan ein seinare forsøkte å gjere dei obligatoriske. Det gjaldt til dømes a-ending i bestemd form eintal av hokjønnssubstantiv (økta), i bestemd form fleirtal av inkjekjønnssubstantiv (slotta), og i preteritum av svake verb (kasta). I tillegg gjaldt det skrivemåte med diftong (bein, lauv).

Folkeleggjering og valfridom i bokmål

Mange av dei nye rettskrivingsformene som braut med danna daglegtale, blei òg forbundne med arbeidarklassen eller grupper med generelt låg status i samfunnet. Det folkelege språket blei gjerne kalla "pøbelaktig" og "rampespråk". Dei fleste formene blei innførte som valfrie former i 1917, men etter kvart som arbeidarklassen blei sterkare utover på 1900-talet, blei mange slike folkelege former gjort obligatoriske med rettskrivingsreforma i 1938. Det var den mest radikale bokmålsreforma vi har hatt, og ho skapte svært sterke reaksjonar.

Modernisering og valfridom i nynorsk

Når det det gjaldt landsmålet (kalla nynorsk frå 1929), opna rettskrivingsreformene etter kvart for former frå fleire dialektar, til og med austnorske former. Dei hadde nemleg ikkje fått plass i det opphavelege landsmålet til Aasen, der vestlandsdialektane stod sterkt. Former som i liten eller inga grad blei brukte i talemålet, blei utover på 1900-talet erstatta med levande talemålsformer. Landsmålet blei altså modernisert.

Det var stort sett uproblematisk å fjerne rettskrivingsformer som berre fanst i norrønt eller i nokre få dialektar. Men motstanden mot former som var forbundne med meir bynære område på Austlandet, var stor blant konservative nynorsktilhengjarar. Det førte til valfridom òg for nynorsken sin del.

Utdrag frå reformene 1901–1938

1901

  • Landsmål: Somme former blir endra, som at stum t blir fjerna (auga for augat)

1907

  • Riksmål: Eit endeleg brot med dansk, der mange danske former ble erstatta med norske (hester for heste). Det blei òg valfritt å skrive harde konsonantar i staden for blaute (kage og kake)

1910

  • Landsmål: Meir valfridom for elevar i substantiv og verb. (ei visa og ei vise)

1917

  • Riksmål: Bokstaven å i staden for aa, dobbelt konsonant (takk for tak, kjønn for kjøn), ll og nn skulle innførast (full for fuld og mann for mand), norsk form i fleirtal hankjønn (hestene for hesterne), valfrie former (bro/bru, tro/tru, ben/bein, stek/steik, gulv/golv), valfri a-ending i verb og ho- og inkjekjønnssubstantiv (hoppet/hoppa, boken/boka, dyrene/dyra)
  • Landsmål: Bokstaven å i staden for aa, stum -d blei sløyfa (brei for breid), mange fekk valfrie former med eller utan diftong (løst og laust), moderne form i fleirtal hokjønn (hestene for hestarne) og fleire hokjønns- og inkjekjønnsord kunne ha endinga -a (soli/sola, dyri/dyra).

1938

  • Bokmål: Endra skrivemåte av pronomen (meg, deg, seg for mig, dig, sig), obligatorisk diftong i mange ord (bein, lauv, steik), obligatorisk a-ending i hokjønn eintal (boka, bygda) og inkjekjønn fleirtal (dyra, fjella)
  • Nynorsk: I hokjønn eintal og inkjekjønn fleirtal blir a-ending hovudform og i-ending klammeform (boka [boki], bygda [bygdi]; dyra [dyri], husa [husi]), i hokjønn fleirtal blir er-ending hovudform og or-ending klammeform (fleire viser [visor])

Draumen om samnorsk

Men er det eigentleg så fornuftig med to skriftspråk i eitt land? I alle fall når dei er såpass like? Nei, meinte mange, og det var dette som blei utgangspunktet for samnorskpolitikken: Samnorsk var eit tenkt, framtidig fellesnorsk som skulle oppstå ved samansmelting av nynorsk og bokmål. Då skulle vi tru at valfridommen minska, men kva skjedde?

1917: Grunnlaget for samnorsk blir lagt

Samnorsktanken var ironisk nok det som skulle få størst innverknad på valfridommen i norsk. I 1917 blei landsmål og riksmål reformert samtidig. Formålet var å nærme seg eit "folkemål" og få inn former som dei fleste brukte. Både landsmålet og riksmålet måtte gi slepp på dei mest konservative formene, slik at dei skulle nærme seg kvarandre.

Mange ord fekk valfrie skrivemåtar som var like både på riksmål og landsmål.

I Indstilling fra Retskrivningskomiteen (1917) er formålet beskrive slik:

«størst mulige tilnærmelse mellem vort lands to skriftsprog gjennem en sund, naturlig og lovmæssig utvikling av dem begge»

Folk flest reagerte ikkje noko særleg på denne reforma. Årsaka var at endringane var valfrie. Dermed kunne dei velje sjølv om dei ville skrive "tru" eller "tro".

Den problematiske valfridommen

Mange meinte likevel at denne valfridommen var ei ulempe for elevane. Styresmaktene utnemnde derfor ein ny komité som skulle foreslå nye endringar i rettskrivinga. Hovudmålet med arbeidet til komiteen var

  1. å føre dei to skriftspråka endå nærare kvarandre
  2. å redusere valfridommen

1938: "Samnorskreforma"

Dei lykkast med det første punktet. I 1938 resulterte arbeidet til komiteen i ei reform som nesten gjennomførte samnorsktanken. Endå fleire tilnærmingsformer blei tillatne, og folkelege former med diftongar og a-endingar blei obligatoriske i mange ord.

Dei lykkast derimot ikkje med å redusere valfridommen. 1938-reforma innførte i staden omgrepa hovudformer og klammeformer. Klammeformene var tillatne for elevar, medan lærebøkene og det offentlege måtte bruke hovudformene. På toppen av det heile kunne det vere fleire sidestilte hovudformer.

Litt forenkla kan vi seie at dei folkelege formene vann. Formene som bygde på "den danna daglegtalen" tapte. Både i bokmål og nynorsk fekk vi til dømes a-endingar på hokjønnsord (ei sol - sola) som hovudformer. Det vil seie at alle lærebøker måtte bruke desse formene.

Andre verdskrigen tok merksemda

Sjølv om elevane kunne velje konservative former som solsolen, møtte likevel reforma i 1938 sterk motstand, særleg blant riksmålsforkjemparane. Under den tyske okkupasjonen (1940–1945) låg språkdebatten på is av naturlege grunnar. Nasjonal Samling gjennomførte i 1941 den såkalla "nazi-reforma", som hadde som mål å smelte nynorsk og bokmål saman. Reforma blei motarbeidd og sabotert, og kanskje bidrog ho til at motstanden mot samnorskreforma frå 1938 igjen vakna til liv etter krigen. I alle fall hadde krigen vist det norske folket at det var heilt andre ting enn språket som definerte det norske. Dermed blei ikkje eit felles norsk skriftspråk like viktig for folk, og lufta gjekk litt ut av samnorskballongen.

1950-talet: Bråstans for samnorsktanken

"Foreldreaksjonen mot samnorsk" jobba mot det dei kalla tvangsinnføring av samnorsk. Dei fekk stor tilslutning, ikkje minst blant tonegivande forfattarar i tida. Somme gjekk drastisk til verks for å vise motstanden sin mot samnorskreforma. Det var demonstrasjonstog, underskriftskampanjar, retting av lærebøker med raud penn – og bokbål.

Då arbeidet med å få eitt felles skriftspråk stansa, er det særleg fordi sterke krefter meinte at formene som blei foreslåtte, var for "vulgære" og låg for langt unna slik folk i byane snakka. Etter andre verdskrigen blei derfor målsetjinga om eitt felles skriftspråk tona ned.

Oppsummering 1900 til 1960

Noreg gjekk ut av unionen med Sverige i 1905, og tida var overmoden for rettskrivingsreform. 1800-talet enda med forslag om fornorsking av riksmålet, men forslaget hadde møtt motstand. Når så endringane kom i 1907, blei dei mest kontroversielle endringane innførte som valfrie.

Arbeidarklassen voks innover på 1900-talet og bidrog til at politikken blei meir venstreorientert. Dermed heldt styresmaktene fram arbeidet med å folkeleggjere skriftspråka. I 1917 blei både landsmål og riksmål normert, med valfrie a-endingar i begge skriftspråka, og dessutan andre valfrie former som gjorde at det faktisk gjekk an å velje same form på bokmål og nynorsk. Dette var eit ledd i samnorsktanken – målet om eitt felles norsk skriftspråk.

Frå 1920-talet var òg samnorsk offisiell norsk språkpolitikk, og i 1938 blei valfridommen redusert ved at dei radikale, folkelege formene blei hovudformer eller eineformer. Innføringa av klammeformer bidrog òg til at valfridommen blei innskrenka. Det var nemleg berre skulelevar som fekk lov å bruke klammeformene.

Etter den tyske okkupasjonen blussa språkdebatten opp. Foreldre, politikarar og forfattarar var blant dei som engasjerte seg i kampen mot samnorsk. Det gjekk til tider heftig for seg, og snart gjekk styresmaktene vekk frå samnorskpolitikken.

1960–2020: Endring i språkpolitikk, men valfridommen består

I staden for eitt felles skriftspråk sat vi altså på 60-talet igjen med mange valfrie former i begge språk. I løpet av 60-talet blei samnorskpolitikken tona ned, og det blei fredelegare forhold.

Sidan den gongen har både bokmål og nynorsk gjennomgått nokre større og mindre rettskrivingsendringar. Somme av dei har gitt større valfridom for å ta vare på det språklege mangfaldet i norsk. Andre endringar har innskrenka valfridommen for mellom anna å ta omsyn til utviklinga i den faktiske språkbruken. I Språkrådets sine vedtekter frå 2017 står det:

Språkrådet skal [...] fremja toleranse og gjensidig respekt i forholdet mellom alle som brukar norsk språk i den eine eller andre varianten, og verna om dei rettane som kvar enkelt borgar har, når det gjeld bruken av språket.

Språkrådet, 2017

I dag er samnorsktanken heilt død. Begge skriftspråka blir normerte utan tanke for at dei skal nærme seg kvarandre.

Kva hadde skjedd utan valfridom?

Hadde norsk overlevd? Heilt sikkert. Hadde vi klart å skaffe oss eit eige skriftspråk? Sannsynlegvis, men spørsmålet er om det ville ha gått på bekostning av slike ting som demokratiet, toleransen for mangfaldet, ideen om sosial utjamning eller respekten for rettane til enkeltmennesket.

Haldninga til valfridom i dag

Du har sett at valfrie former blei brukte for å fornorske og modernisere, men også for å føre dei to skriftspråka nærare kvarandre. Mykje skjedde på 1900-talet, men på mange måtar er valfridommen i norsk eit resultat av ein prosess som starta allereie tidleg på 1800-talet, då vi som ung nasjon mangla eit eige skriftspråk.

I dag er det nokså stor språkpolitisk einigheit om å behalde valfridommen. Hovudargumentet er at valfridommen gjer skriftspråket meir demokratisk, fordi det gir oss moglegheit til å velje eit skriftspråk som ligg så nært som mogleg opp mot vårt eige talespråk. På den måten blir skriftspråket vårt allemannseie, ikkje reservert for ei bestemd gruppe i samfunnet. Jo fleire som identifiserer seg med språket, jo fleire bruker det, og jo større sjanse er det for at språket vil leve lenge.

Men alle er ikkje like begeistra for valfridommen. Somme lèt seg provosere av at det er lov å bruke former som tydeleg viser sosial eller geografisk identitet. Andre irriterer seg over former som liknar den andre målforma. Det er òg dei som synest den store valfridommen skaper forvirring og uvisse.

Kor bevisst er du på vala du tek?

Kan du finne former i denne artikkelen der du ville valt ei anna form?

  • Kva form ville du valt?
  • Kvifor?

Ein av dei viktigaste ideane i norsk språkpolitikk har vore at du skal kunne skrive så tett opp til slik du snakkar som mogleg.

  • Gjer du det?
  • Kvifor/kvifor ikkje?

Relatert innhald

Kjelder:

Språkrådet (2017). Vedtekter for Språkrådet. https://www.sprakradet.no/vi-og-vart/om-oss/vedtekter-for-sprakradet/

Torp, Arne og Lars S. Vikør. (1993). Hovuddrag i norsk språkhistorie. Ad notam Gyldendal. Oslo.

Uri, Helene (2016). Helene Uri: Norsk er på Europatoppen i valgfrihet. Aftenposten.no. https://www.aftenposten.no/kultur/i/pyvb/helene-uri-norsk-er-paa-europa-toppen-i-valgfrihet

Skrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 02.10.2020