Skriv innleiing og avslutning
Korleis kan du skrive ei god innleiing og avslutning til samanlikninga di?
Fag
Korleis kan du skrive ei god innleiing og avslutning til samanlikninga di?
Når du har skrive hovuddelen til teksten din, er det på tide å skrive innleiinga, avslutninga og overskrifta.
Vi foreslår nemleg at du gjer dette til slutt. Innleiinga skal jo presentere hovuddelen, medan avslutninga skal konkludere. Dermed bør hovuddelen vere ferdig, slik at du ikkje presenterer noko du ikkje gjer, eller konkluderer med noko du ikkje har skrive.
I tillegg lærer du ganske mykje i løpet av ein skriveprosess. Dermed vil du ha betre oversikt over emnet du skriv om etter at du har skrive hovuddelen enn før.
Sjå gjennom presentasjonen under for gode tips om korleis du kan skrive ei interessant og informativ innleiing.
Les gjennom modelltekstane i presentasjonen og la deg inspirere av desse. Dei tek utgangspunkt i ei oppgåve som samanliknar den umoglege kjærleiken mellom menn i novella "Brokeback-fjellet" (1997) av Annie Proulx og eit utdrag frå romanen Mannen som elsket Yngve (2003) av Tore Renberg.
Vurder innleiingane før de ser på kommentarane:
Kor gode er innleiingane?
Kva kan eventuelt gjerast betre?
Mannen som elsket Yngve er skriven av Tore Renberg og kom ut i 2003. "Brokeback-fjellet" er ei novelle som er skriven av Annie Proux og kom ut 1997. I denne oppgåva skal eg samanlikne tekstane og peike på likskapar og forskjellar.
Kjærleik er eit evig tema i litteraturen. Særleg den umoglege kjærleiken har fengsla lesarar i hundreår. Klassikarar som Tristan og Isolde, Romeo og Julie og Victoria handlar om menneske som ikkje kan få kvarandre. Årsaka til at temaet aldri går av moten, er nok at det handlar om sterke kjensler som alle menneske kan kjenne på. Slik er det òg i romanen Mannen som elska Yngve (2003) av Tore Renberg og novella "Brokeback-fjellet" (1997) av Annie Proulx. Begge tekstane handlar om kor vanskeleg kjærleiken kan vere, når ein mann blir forelska i ein annan mann.
"Etter et par kilometer syntes Ennis det føltes som om noen holdt på å trekke ut tarmene hans en meter om gangen". Slik beskriv novella "Brokeback-fjellet" (1997) av Annie Proulx den sjenerte cowboyen Ennis' fysiske reaksjon når han køyrer bort frå sommarjobben som gjetar i dei amerikanske fjella. Årsaka til ubehaget er rett og slett at Ennis er forelska. Men forelskinga rettar seg mot kameraten Jack, noko som ikkje var å tilrå i den amerikanske Midtvesten på 1960-talet. Det same skjer i romanen Mannen som elsket Yngve (2003) av Tore Renberg. Hovudpersonen, Jarle, forelskar seg heilt uventa i ein gut som heiter Yngve. Begge tekstane viser altså dei gledene og vanskane menn møter på når dei forelskar seg i ein av same kjønn.
Hugs at alle tekstar bør ha ei avslutning. Det er på mange måtar desserten i teksten din, og desserten er jo ein godbit du aldri bør hoppe over!
Eit godt tips før du skriv avslutninga, er å skrive ho like etter at du har skrive innleiinga. Då kan du nemleg få til det som blir kalla "slangen bit seg sjølv i halen" – eller sirkelkomposisjon.
Vurder avslutningane før de ser på kommentarane:
Kva synest de om desse avslutningane?
Kva gjer de?
Eg har no gått gjennom alle likskapane og forskjellane i dei to tekstane. Den største likskapen mellom tekstane er motivet og temaet som handlar om menn som er forelska i menn. Den største forskjellen er at i Mannen som elsket Yngve veit vi berre at hovudpersonen er forelska, vi veit ikkje kva den andre personen i utdraget tenker. I "Brokeback-fjellet" er begge forelska. Det er brukt veldig ulike forteljarformer i tekstane. Eg synest begge tekstane var veldig spennande og handla om temaet på ein fin måte.
Det er ikkje rart den umoglege kjærleiken har fengsla menneske i hundreår. Både historia om Jack og Ennis og Yngve og Jarle viser at når forelskinga er forboden, blir kjenslene endå sterkare enn når ho er ukomplisert. Tekstane viser òg at homofil kjærleik var vanskeleg både i Midtvesten på 60-talet og i Noreg på 80-talet. Sjølv om det nok er enklare å vere to menn i eit forhold i dag, så trur eg dei fleste menn kan møte motstand frå både seg sjølv og omgivnadene sine om dei blir forelska i ein av same kjønn. Dermed vil eg seie at desse to tekstane føyer seg inn i den lange rekka av tekstar om den umoglege, lidenskapelege kjærleiken.
Er du freista til å kalle teksten din "Ei samanlikning av to tekstar"? Ikkje gjer det! Det er ei enkel, og kjedeleg, løysing. Og er det noko du har lært til no, så er det at du aldri skal gå for den kjedelege løysinga.
Les gjennom overskriftene til samanlikninga av "Brokeback-fjellet" og Mannen som elsket Yngve under. Årsaka til at desse fungerer, er at dei
Lag di eiga overskrift! Gjer ho informativ, men fengande.