Skriv ein analyse av Northug si unnskyldning - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Skriv ein analyse av Northug si unnskyldning

Før skrivinga

Når du skal skrive analysar, er det ein fordel å diskutere oppgåva og teksten du skal skrive med andre på førehand. Då får du fleire idear og moment å skrive om. Derfor bør du gjere oppgåve 1 i artikkelen Northug, Johaug og den retoriske situasjonen før du skriv.

Skriv fem avsnitt

No skal du øve deg på å skrive fem avsnitt i ein retorisk analyse. Teksten du skal analysere, er Petter Northug si unnskyldning på Instagramprofilen sin etter at han blei teken for råkøyring sommaren 2020.

Petter Northug på sin Instagramprofil 14. august, 2020:

Jeg har gjort en stor feil. I går kveld ble jeg stoppet av politiet i fartskontroll. Jeg kjørte altfor fort, og ble også tatt med på legevakten til blodprøve. I tillegg fant politiet en mindre mengde narkotika hjemme hos meg. Det dreier seg om kokain. Jeg er fortvilet og redd for hva fremtiden vil bringe, og utrolig lei meg for alle de som jeg nå har skuffet, igjen. Jeg vet at det nå blir en straffesak. Da skal jeg ta ansvar for det jeg har gjort.

Du skal skrive

  1. eitt avsnitt der du greier ut om den retoriske situasjonen
  2. eitt avsnitt om innleiande og avleia etos
  3. eitt avsnitt om korleis Northug bruker logos
  4. eitt avsnitt om korleis Northug appellerer til patos
  5. eitt avsnitt om korleis etosargument blir brukte i teksten

Tips:

  1. Bruk gjerne modellteksten under som inspirasjon. Modellteksten er ein analyse av Gretha Thunberg sin tale under ein klimakonferanse før FN-toppmøtet i New York.

  2. Mange synest gode formuleringar og struktur er vanskeleg. Då er det lov å kopiere frå modelltekstar.
  3. Gode formuleringar finn du òg i dei to relaterte artiklane nedst på sida.
Modelltekst: Avsnitt om Gretha Thunberg sin FN-tale

Modelltekst: Avsnitt om Gretha Thunberg sin FN-tale

Legg merke til

Når vi skal vurdere den retoriske situasjonen i Thunberg sin tale, må vi først sjå på det påtrengjande problemet, altså det som utløyser talen. I dette tilfellet er det utan tvil klimakrisa som er bakteppet for heile talen. Men meir konkret er det den manglande innsatsen til verdsleiarane for å løyse denne, som Thunberg adresserer i talen. Det retoriske publikummet er først og fremst verdsleiarane som var samla på klimakonferansen i New York, men Thunberg veit jo godt at møtet blir filma, og at heile verda kan sjå talen hennar. Likevel viser både form og innhald i talen at ho vender seg direkte til dei mektigaste politikarane i verda. Dei tvingande omstenda er dei moglegheitene og avgrensingane Thunberg må ta omsyn til. Moglegheita hennar her er å påverke verdsleiarane til å tenkje annleis, medan avgrensingane er at ho ikkje har reell makt i form av å kunne delta eller røyste på det kommande toppmøtet.

Avsnittet om den retoriske situasjonen ser på korleis talaren stiller seg til det påtrengjande problemet, det retoriske publikummet og dei tvingande omstenda.

Thunberg har ein tendens til å splitte befolkninga. Mange vil meine at ho har sterkt innleiande etos fordi ho har vigd livet sitt til å kjempe for miljøet. Andre igjen kritiserer henne og meiner ho farer med dommedagsprofetiar. Den innleiande etosen hennar er altså ikkje eintydig. Ein kan nok tenkje seg at befolkninga vil vere like splitta om Thunberg sin avleia etos etter talen, som dei var før. Folk som ser på henne som ei heltinne, kan meine at framtoninga og ordbruken viser ektefølt engasjement. Kritikarane hennar vil få vatn på mølla og meine at ho blei altfor kjensleladd og lét seg rive med.

Eit avsnitt om innleiande og avleia etos.
Hugs at det kan vere ueinigheit om den innleiande etosen til ein person.

Talen er i stor grad patosprega. "Korleis vågar de?", seier Thunberg og er direkte i kritikken mot leiarane som skal ta avgjerder. Ho bruker sterke ord om kva konsekvensane av klimakrisa blir for mange unge: "De har stole barndommen min og draumane mine med tomme ord". Her set ho uskylda til barnet opp mot råskapen til leiarane ved å bruke orda "barndom" og "draumar" som representantar for det uskyldige, medan "stole" og "tomme ord" viser åtferda til toppleiarane. Patosen til talen blir understreka av framføringa: Thunberg verkar både knust og rasande, noko som blir understreka av eit aggressivt kroppsspråk.

Legg merke til at avsnittet bruker sitat frå talen som bevis. I tillegg viser teksten kva funksjon ordvalet i talen har.

Også etosargumentasjon blir brukt i talen. Thunberg verkar som ein som viser engasjement og bryr seg om andre. Ho seier at "ho er ein av dei heldige" og viser slik at engasjementet hennar går lenger enn til henne sjølv. Vi kan òg seie at det blir brukt etosargumentasjon når ho gjentek at "vi vil halde auge med dykk" og "vi vil ikkje la dykk sleppe unna". Slik verkar ho som ein vi kan stole på i miljøkampen, ein som ikkje vil gi seg – sjølv ikkje for ei overmakt som statsministrane og presidentane i verda.

I tillegg til innleiande og avleia etos ser analysen på korleis det blir brukt etosargumentasjon i sjølve teksten.

Logos i teksten viser seg ved at Thunberg viser til fakta som FN sjølv har peika på: "Vi ser byrjinga på ei masseutrydding", seier ho. Vidare peikar ho på forsking og tal. Ho viser kunnskap om situasjonen ved å peike på både "vippepunkt" og "tilbakekoplingseffektar". Slik viser Thunberg at ho ikkje berre er ein kjensleladd ungdom, men også har gode kunnskapar om situasjonen. Desse faktaa bidreg til å styrkje den endelege etosen hennar.

Når du skal skrive om logos, skal du sjå på kva fakta- og saksopplysningar som kjem til syne i teksten. Ofte blir desse brukte for å styrkje eigen etos. Kunnskap er makt!

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 18.12.2020