Samanlikn eit folkeeventyr og eit moderne eventyr - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Samanlikn eit folkeeventyr og eit moderne eventyr

Ei oppgåve der du skal samanlikne forteljemåte og verdiar i folkeeventyret «Raudhette og ulven» med moderne versjonar av det same eventyret og presentere dette for klassen.

Oppdrag

Jobb saman to og to. Lag ein presentasjon for klassen der de samanliknar eventyret «Raudhette og ulven» med ein eller fleire moderne versjonar av dette eventyret. Legg vekt på forteljemåte og dei verdiane som kjem til uttrykk i tekstane.

Teksten til eventyret finn du nedanfor. Her finn du også eksempel på moderne versjonar av eventyret. For å få tilgang til fleire alternative versjonar av eventyret kan du søkje på Internett eller oppsøkje biblioteket på skulen din.

Folkeeventyret «Raudhette og ulven», nedskrive av brødrene Grimm:

Moderne versjonar av eventyret om Raudhette og ulven:

Skrive av Katja Blixrud Frost .
Sist fagleg oppdatert 29.01.2019