Kva er ein sjanger?

Kva er ein sjanger?
Ordet sjanger tyder slekt, type, kategori, klasse eller art. Vi bruker omgrepet når vi kategoriserer skriftlege og munnlege tekstar, filmar, bilete, musikk og så vidare. Her er nokre døme:
Filmsjangrar: actionfilm, science fiction-film, dokumentarfilm
Musikksjangrar: pop, rock, folkemusikk, symfoni
Munnlege sjangrar: konfirmasjonstale, intervju, salme, bønn, vits
Kor mange sjangrar finst det?
Dette spørsmålet er det faktisk umogleg å svare på. Når vi skal beskrive ein tekst og plassere han i ein bestemt sjanger, kan vi velje mellom fleire kjennemerke eller kriterium. Vi kan til dømes klassifisere tekstar etter:
Innhaldet: bilreportasje, kjærleikshistorie
Forma: formelt brev, limerick, samtale
Formålet: invitasjon, takkebrev, lærebok
Sendaren: ekspertutsegn, lesarinnlegg, elevtekst
Mottakaren: barnebok, ungdomsfilm
Mediet: radioteater, telefonsamtale, tv-debatt
Situasjonen : konfirmasjonstale, jobbintervju
Éin tekst - fleire moglege merkelappar
Kvar einaste tekst kan vi beskrive på ulike måtar. Boka Mannen som elsket Yngve av Tore Renberg kan vi til dømes kalle ein ungdomsroman, men òg ein oppvekstroman. Den første nemninga viser til målgruppa, den andre legg vekt på innhaldet. Nemninga vi vel viser til den eigenskapen ved teksten som vi vil framheve.
Relatert innhald
Løys nokre enkle oppgåver om sjangerinndeling.