Johannes' openberring, kapittel 21, vers 1–8 - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Litterære tekster

Johannes' openberring, kapittel 21, vers 1–8

1. Og eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den første himmel og den første jord var borte, og havet var ikkje meir.

2. Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, gjord i stand lik ei brur som er pynta for sin brudgom.

3. Og eg høyrde frå trona ei høg røyst som sa: «Sjå, Guds bustad er hos menneska. Han skal bu hos dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hos dei. Han skal vera deira Gud.

4. Han skal tørka kvar tåre frå auga deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine. For det som ein gong var, er borte.»

5. Han som sit på trona, sa: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han sa: «Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.»

6. Så sa han til meg: «Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tørste å drikka av kjelda med livsens vatn som gåve.

7. Den som sigrar, skal arva dette, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son.

8. Men dei som er feige og vantruande og vanheilage, dei som myrdar og driv hor, trollmennene og avgudsdyrkarane og alle løgnarane, deira plass skal vera i sjøen som brenn med eld og svovel. Det er den andre døden.»

Teksten er henta frå Bibel 2011. © Bibelselskapet. Gitt att med tillating.

Rettshavar: Bibelselskapet
Sist fagleg oppdatert 31.01.2019