Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Utforsk Edda som ein litteraturforskar

Kva forhold hadde vikingane til døden? Prøv å finne svaret ved å utforske kjelder om norrøn mytologi. Målet er å finne ut kva vikingane trudde skjedde etter døden. For å få til det må du gå til dei eldste skriftlege kjeldene vi har om gudane.

Til læraren

Samarbeid gjerne med historielæraren om dette opplegget. La elevane først lese artikkelen "Ibn Fadlans reisebeskrivelse" på Norgeshistorie.no. Diskuter korleis vikingane sitt forhold til døden blir framstilt der, og vurder kjelda kritisk.

Deretter kan de gå gjennom denne NDLA-ressursen. Det vil gi eit godt innblikk i korleis både historikarar og filologar bruker kjelder, og kva for nokre skriftlege kjelder vi har til vikingtida. I tillegg vil det gi god øving i kritisk tilnærming til ein tekst.

Del 1: Kva veit de frå før?

Diskuter i grupper og finn ut kva de veit frå før om følgande:

  • Kva trudde vikingane skjedde etter døden?

  • Kva gudar i norrøn mytologi knyter vi til mytar om etterlivet?

  • Hadde vikingane nokon førestillingar om verdsens ende?

Del 2: Utforsk eddadiktinga

Dei viktigaste kjeldene våre til den norrøne mytologien er Den yngre Edda (også kalla Snorre-Edda), skriven av Snorre Sturlason på 1220-talet. Ei anna viktig kjelde er Den eldre Edda, ei bok med ukjend forfattar. Også den blei sannsynlegvis skriven på 1200-talet.

Men vikingtida varte frå ca. 800 til 1050. Desse kjeldene er altså baserte på munnlege overleveringar heilt frå 700-talet. Først på 1200-talet, altså i mellomalderen, blei forteljingane om dei norrøne gudane skrivne ned.

Utforskande arbeid

No skal de lese utdrag frå desse to bøkene for å finne ut kva forhold vikingane hadde til døden. Litteraturforskarar må naturlegvis lese kjeldene på originalspråket, men vi har modernisert det for å gjere jobben enklare for dykk.

Gå fram slik

Nedanfor finn du ei strofe frå kjeldene i kvar tekstboks. Les strofa øvst og bruk internett til å finne svar på spørsmåla under strofa. De kan gjerne jobbe to og to.

NB! Vis kjeldekritikk ved å finne minst to kjelder til ordet de søker opp. Dette gjeld særleg om de bruker Wikipedia som hovudkjelde. Skriv ned kva to kjelder de har brukt til kvar oppgåve.

Odin og Frøya

Folkvang er den niande,
der Frøya rår
over sete i salen;
den halve Val
ho vel kvar dag,
den halva er Odins eige

(Frå "Grimnesmål" i Den eldre Edda)

Finn ut

  1. Kva er Folkvang? Og kva har Frøya med denne staden å gjere?

  2. Halvparten til Frøya, medan Odin vel den andre halvparten. Kva betyr det?

Einherjane i Valhall

Odin blir kalla Allfader, fordi han
er far til alle gudane. Han blir
også kalla Valfader, fordi alle
som fell på Valen, er stesønene
hans. Dei sender han til Valhall
eller Vingolf, og der blir dei kalla
einherjane.

(Frå "Gylfaginning" i Den yngre Edda)

Finn ut

  1. Alle som fell på Valen, er Odins stesøner. Kva betyr Valen?

  2. Kva må til for å komme til Valhall eller Vingolf etter døden?

  3. Kva er ein einherje?

Korleis ser Valhall ut?

Fem hundre dører
og førti til
trur eg må vere i Valhall
åtte hundre einherjar
går ut av ei dør
når dei fer til strid mot Fenre.

(Frå "Grimnesmål" i Den eldre Edda)

Finn ut

  1. Korleis ser Valhall ut?

  2. Kven er Fenre, og kvifor kjempar einherjane mot Fenre?

Gimle i Valhall

Eg ser ein hall som står,
vakrare enn sola,
taket er gyllent,
hos Gimle.
Der skal
modige menn bu,
og gjennom heile sine liv
nyte glede.

(Frå "Voluspå" i Den Yngre Edda)

Finn ut

  1. Kva er Gimle?

  2. Korleis var livet i Gimle?

Dagleglivet i Valhall

Alle einherjar
i Odins gardar
deltek dagleg i sverdkamp
dei rasar til døden,
men rir frå kampen
for å sitje forsona saman

(Frå "Vavtrudnesmål" i Den eldre Edda)

Finn ut

Kva bruker einherjane dagane sine på i Valhall?

Maten i Valhall

Andrimne
lèt i Eldrimne
Særimne syde
flesket er godt
men det er få som veit
kva einherjane et.

(Frå "Grimnesmål" i Den yngre Edda)

Finn ut

  1. Hvem er Andrimne og Særimne?

  2. Hva er Eldrimne?

Hel

Hel kasta han i Nivlheim og gav ho
makt over ni verder, ho skulle gi bustad
og opphald til alle som blei sende til ho,
og det er alle som døyr av sjukdom eller
elde. Salen hennar heiter Eljudne
(stormfull), fatet hennar heiter Hunger,
kniven hennar Svolt, […]

(Frå "Gylfaginning" i Den eldre Edda)

Finn ut

  1. Kven er Hel?

  2. Kva er Nivlheim?

  3. Kven kjem til Hels rike?

Del 3: Kva inntrykk får de av vikingane?

Skriv fritt i fem–ti minutt:

  1. Samanlikn vikingane sitt syn på livet etter døden med andre religionar de kjenner til. Legg de merke til nokon viktige forskjellar eller likskapar?

  2. Kva seier utdraga de nettopp las, om kva vikingane såg på som rette måtar å leve på? (Legg merke til dagleglivet i Valhall og kven som kom dit.)

Diskuter deretter svara dykkar med andre i klassen.

Del 4: Norrøn mytologi i kunsten

På 1800-talet blei mange av kunstnarane opptekne av norrøn mytologi. De vil finne flotte måleri av mellom anna Valhall, einherjar og Odin om de søker på internett.

Lag ein presentasjon der de kombinerer tekst og bilete. Teksten skal forklare kva syn vikingane hadde på døden, mens måleria skal visualisere det de skriv.

Del 5: Kjelder til norrøn mytologi

  1. Samanlikn kjeldene de har brukt, med eit anna par i klassen. Vurder deretter om kjeldene de har brukt, er truverdige. Legg merke til at de kan trykke på "Vis historikk" (oppe til høgre) i Wikipedia-artiklar. Her kan de gå inn og trykke på namnet til dei som har redigert artikkelen. Kva får de vite om desse? Er dei fagpersonar de kan stole på?

  2. Dei som forskar på norrøn mytologi, bruker nok ikkje Store norske leksikon (SNL) og Wikipedia for å finne ut kva vikingane trudde på. Les om korleis filologar bruker ulike kjelder, i artikkelen "norrøn mytologi" på SNL. Lag deretter ei oversikt over kva kjelder forskarar bruker for å få kunnskap om trua til vikingane.

Kjelder

Edda-dikt (Ludvig Holm-Olsen, Overs., 1975). J.W. Cappelens Forlag.

Snorres Edda. Uddrag af Edda Snorra Sturlusonar (Jesper Lauridsen, Overs., 2020). Heimskringla Reprint. Henta frå https://heimskringla.no/wiki/Uddrag_af_Snorres_Edda

Relatert innhald

Døden i Håvamål

Kva forhold hadde vikingane til døden? Utforsk spørsmålet ved å lese Håvamål og setje diktverket i kontekst.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 12.08.2026