Korleis skrive fagartikkel om tekst i kontekst? - Oppgaveforslag til eiga skriving - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Korleis skrive fagartikkel om tekst i kontekst?

Oppgaveforslag til eiga skriving

CC BY-NC 4.0

Her finn du tre forslag til interessante oppgåver å skrive om.

Oppgåve

Oppgåveforslag til fagartikkelen

Ei interessant oppgåve må til om du skal klare å skrive ein god fagartikkel. Her finn du tre slike. Alle oppgåvene har ressursar som skal hjelpe deg med å forstå tekstane betre.

Oppgåve 1. Om far og son-forholdet i to tekstar

Vedlegg:

Skriv ein fagartikkel der du drøftar korleis forholdet mellom far og son blir framstilt i dei to utdraga. Grei i tillegg ut om den kulturhistoriske konteksten til tekstane.

Kommentar: Du skal både vise korleis far- og son-forholdet blir framstilt i tekstane og reflektere over korleis dei er prega av tida dei kom ut i. Du bør òg samanlikne tekstane.

Forstå vedlegga

Om du vel denne oppgåva, bør du gjennomføre les og forstå-oppgåva "Karl Ove, Gunnlaug og fedrane deira" før du set i gong med skrivinga.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Karl Ove, Gunnlaug og fedrane deira

Karl Ove Knausgård og Gunnlaug Ormstunge – to unge menn i konflikt med fedrane sine. Her skal du utforske og samanlikne tekstane.

Oppgåve 2. "Memento Mori"

Vedlegg

Skriv ein fagartikkel der du drøftar korleis døden blir framstilt i dei tre utdraga. Grei i tillegg ut om den kulturhistoriske konteksten til tekstane.

Kommentar: Du skal både vise korleis døden blir tematisert i tekstane og reflektere over korleis dei er prega av tida dei kom ut i. Du bør òg samanlikne tekstane.

Forstå vedlegga

Om du vel denne oppgåva, bør du gjennomføre les og forstå-oppgåva "Min kamp, Aftensalme og Til Foraaret" før du set i gong med skrivinga.

Relatert innhald

Oppgåve 3. Mennesket og naturen

Vedlegg

Skriv ein fagartikkel der du drøftar korleis forholdet mellom mennesket og natur blir framstilt i dei to utdraga. Grei i tillegg ut om den kulturhistoriske konteksten til tekstane.

Kommentar: Du skal både vise korleis temaet menneske og natur blir tematisert i tekstane og reflektere over korleis dei er prega av tida dei kom ut i. Du bør òg samanlikne tekstane.

Forstå vedlegga

Om du vel denne oppgåva, bør du gjennomføre les og forstå-oppgåva "To tekstar som lokkar deg ut i naturen" før du set i gong med skrivinga.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
To tekstar som lokkar deg ut i naturen

Korleis prøver ein moderne sakprosatekst skrive av ein professor, og eit romantisk dikt, å overtyde deg om at du bør vere meir ute i naturen?

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2021