Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Kva kan du om eventyr frå før?

Når du blir beden om å samanlikne eit folkeeventyr med eit moderne eventyr, kan det vere lurt å starte med å tenke gjennom kva du kan om folkedikting og eventyr frå før. Del gjerne tankane dine med ein medelev.

Svar på spørsmåla

  1. Kva er favoritteventyret ditt?
  2. Kva gjer at dette er eit eventyr og ikkje ei novelle?
  3. Mange historier, blant anna filmar, handlar om gudar, halvgudar eller menneske med overnaturlege evner. Vil du kalle desse historiene for eventyr ?
  4. Kva for overnaturlege vesen kan du namnet på?
  5. Kva for nokre av desse trur du har røter i folketrua?
  6. Kvifor trur du at moderne forfattarar og filmskaparar lagar historier som liknar på eventyr?
  7. Kva er ofte premien eller målet helten jobbar mot i eit eventyr?
  8. Kva for eigenskapar har heltar og skurkar i folkeeventyra?
  9. Kva fortel folkeeventyra om det som er typisk norsk?
  10. Kva for eigenskapar har heltane i eventyrforteljingar i vår tid, og kva er det dei kjempar for?

Relatert innhald

Skrive av Katja Blixrud Frost .
Sist oppdatert 18.08.2026