Film: Frå Voluspå til Knausgård - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Film: Frå Voluspå til Knausgård

Kvifor skal vi samanlikne eldre og nyare tekstar? Når vi samanliknar tekstar frå ulike periodar, oppdagar vi både kor like – og ulike – vi er menneske som levde før oss.
Video: Terranova / CC BY-NC-ND 4.0

I denne filmen fortel professor Janne Stigen Drangsholt om korleis enkelte tema går igjen i litteratur gjennom tidene. Voluspå frå vikingtida, Markens grøde av Knut Hamsun frå 1900-talet og Morgenstjernen av Karl Ove Knausgård frå 2020 handlar alle om det same: korleis livet startar, og korleis det sluttar. Ved å studere og samanlikne litteratur frå ulike periodar kan vi sjå korleis vi menneske har tenkt om visse allmenngyldige tema.

Relatert innhald

Skrive av Marthe Johanne Moe og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 27.09.2021