Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Er det så farleg om ord forsvinn?

Gamle ord forsvinn, og nye ord dukkar opp. Men kva kan vi miste når ord forsvinn?

Oppgåve 1

Del 1: Kan du nokon "sjeldne" ord?

  1. Kjenner du nokon gamle ord og omgrep som svært få på din alder bruker? Test orda du kjem på på medelevane dine. Forstår dei kva dei betyr?

  2. Kva kunnskap har du – som kan dette ordet/omgrepet – som dei andre manglar?

  3. Kor mange omgrep knytte til ordet "snø" kan klassen til saman? Samarbeid på tavla eller i eit delt dokument.

Del 2: Kva forsvinn når ord døyr ut?

Forskarar ved Samisk Høgskole har kartlagt kompetansen som urfolk har om snø. Ifølge artikkelen "Reineierne bruker 300 ord for snø" på NRK har samane meir enn 1000 ord som beskriv rein og reindrift og meir enn 300 ord som beskriv snøen detaljert.

Les artikkelen og svar på spørsmåla:

  1. Kvifor trur forskarane at mange av desse orda vil forsvinne?

  2. Kva for konsekvensar meiner forskarane det kan få?

Del 3: Utvid ordforrådet ditt – samisk!

Klarer du å konkurrere med samisk? På nettsida til Samisk videregående skole Karasjok får du lista opp nokre samiske omgrep, og kva dei betyr på norsk.

  1. Kor mange av desse omgrepa kjenner du den norske varianten av?

  2. Kva for nokon av dei samiske omgrepa hadde det vore nyttig å finne eit norsk ord for? Kom med forslag!

Del 4: Utvid ordforrådet ditt – norsk!

  1. Sjå på orda i boksen under. Kor mange av desse forstår du kva betyr? Bruk ordboka for å finne svaret.

  2. Lær deg to av orda og skriv ei melding til læraren der du bruker begge orda i setningar.

sjaber, ymse, bivrande, ransel, formiddagsmat, skjenk, forviklingar, sjofel, spandere, gusten, nøysam, blasert, stemnemøte

Del 5: Bruk det du har lært

Skriv ein kort tale der du argumenterer for eit ord du er veldig glad i, og som du synest er viktig at vi beheld i det norske språket.

Oppgåve 2

Klassediskusjon: Er det så farleg om ord forsvinn?

Les artikkelen "Ord som kommer, ord som går" på Dagsavisen. Der blir det hevda at norsk språk har meir enn 30 gonger så mange ord som vi treng for å gjere oss forstått.

  1. Kva for ord er de spesielt glad i? Kva for ord er de ikkje så glad i? Skriv opp på tavla og diskuter kvifor akkurat desse orda er valde.

  2. Språkforskar Ruth Vatvedt Fjeld har sett opp nokre kategoriar og døme på ord som antakeleg vil forsvinne. Bruker de nokon av desse orda? I så fall – kva for nokon?

  3. Kva for ord bør vi behalde? Vel ut eitt eller fleire av dei "trua" orda som blir nemnde i artikkelen som de meiner bør behaldast. Grunngi kvifor. Kva kan de gjere for at orda ikkje forsvinn?

  4. Kva for fordelar gir det å ha fleire ord i eit språk enn vi eigentleg treng?

  5. Til slutt: Er det så farleg om ord forsvinn?

Relatert innhald

Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 20.02.2026