Bendik og Årolilja - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Litterære tekster

Bendik og Årolilja

Folkevisa "Bendik og Årolilja" fortel om den tragiske kjærleiken mellom to unge menneske som ikkje kan få kvarandre. Visa endar med at Bendik blir dømd til døden og halshogd, og Årolilja døyr av sorg.

Høry versjonen laga av bandet Gåte av Bendik og Årolilja. Framført av artisten Celine på NRK: Bendik og Årolilja - Celine

Del I

Bendik drar til kongegarden, og etter kort tid har han blitt forelska i Årolilja, kongedottera. Kongen får bygd gullagde trapper mellom kongsgarden og jomfruburet til Årolilja. Han trugar med at den som går inn til Årolilja, må døy. Bendik lèt seg ikkje skremme.

1.
Bendik ri åt Sølondo,
ville han skòa møy;
han var kje lagje til att'e koma,
difyr så laut han døy.
— Årolilja, kvi søve du så lengje

2.
Bendik ri åt Sølondo,
ville han skòda viv;
han var kje lagje til att'e koma,
difyr så let han liv.

3.
Han var kje i konungs-garde
meir hell ei liti stund,
han vitja uti møyesalen –
så brå er belelund.

4.
Han var kje i konungs-garde
meir hell månar tvo,
han vitja kongjens dotter
med så stor elskog.

5.
Kongjen byggjer gullbrautine
både til og ifrå:
"Den som dei i løyndo trør,
han skò kje livet få!"

6.
Kongjen byggjer gullbrautine
både breie og håge
"Den som dei i løyndo trør,
han skò livet låte!"

7.
Til svora raustan Bendik,
han var kje guten fælen:
"Eg skò trøa gullbrautine
fyre kongjens augo bæ'e!"

Ordforklaringer del I

1.
Bendik: namn, kortform av Benedikt
Årolilja: namn, Òlrun den liljefagre
Sølondo: landa i sør
skòa: skode, sjå; her: velje ut
møy: jente, ugift kvinne
han var kje lagje til att'e koma: det var ikkje lagnaden hans at han skulle kome heim
kvi: kvifor

2.
viv: kvinne, brud
let han liv:
mista han livet

3.
konungs-garde: kongsgarden
vitje: besøkje
møyesal: her: jomfrubur, hus for dei ugifte kvinnene
brå: utolmodig
belelund: friarhug, forelsking

4.
månar tvo: to månader
elskog: elskhug, kjærleik

5.
gullbrautine: trolig: gullagde trapper eller svalgangar
både til og ifrå: trolig: til jomfruburet og frå kongsgardsbygningen
trø: tråkke eller gå på

7.
raust: modig
fælen: redd, lettskremd
bæ'e: begge


Del II

Bendik er på jakt om dagen og besøkjer Årolilja i løynd om natta. Han kan ikkje tole tanken på å miste ho, han kan berre vere glad når han er saman med ho.

8.
Om dagjen ri Bendik i skogjen ut
og veider den ville hjort,
om notti vitjar han jomfruva
med åst og elskogs-ord.

9.
Om dagjen ri Bendik i skogjen ut
og veider den ville rå,
om notti vitjar han jomfruva
det gjell'e hass livet på.

10.
"Eg tikje så vent om ditt gule hår
som epli dei dryp på kviste –
sæl er den som deg må få,
gud bære den som skò misse!"

11.
"Eg tikje så, når eg sit hos deg
som eg sat uti solskin bjarte;
når eg og du me skyljast åt,
då rivnar bå' hug og hjarta.

12.
Eg tikje så, når eg sit hos deg
som eg sat uti solskin bjarte;
når eg og du me finnast att,
då gledast bå' hug og hjarta."

Ordforklaringer del II

8.
veide: felle, fange
jomfruve: adeleg, ugift kvinne
åst: kjærleik

9.
rå: rådyr
det gjell'e hass livet på: om lag: det betaler han for med livet

10.
eg tikje så vent om: g synest så vel om
dryp: her: heng
gud bære: Gud hjelpe
misse: miste

11.
bjart: klar, lys
rivne: gå sund
hug: sinn

Del III

Kongen har hatt ein vond draum om Bendik og Årolilja, og han er uroa. Ein tenar kjem til han og røper at Bendik har trassa bodet til kongen og vore hos Årolilja. Då blir kongen så sint at han sver på at Bendik skal døy, same kor høg prisen blir.

13.
Opp stend kongjen av Sølondo,
kler han seg på så brått:
"Gud skò fyr mino draumo råde
eg drøymde so vondt i nott.

14.
Eg heve drøymt so vondt i nott
– Gud fyr mine draumo råde! –
om raustan Bendik og Årolilja
eg drøymde vondt om dei båe."

15.
Inn kjem kongjens smådreng,
seier han tidend ifrå:
"Bendik trør gullbrautine
foruta kongjens råd."

16.
Det var kongjen av Sølondo,
slær sin neve i bord:
"Bendik skò inkje livet njote,
om eg vann all verdsens jord.
slær slår

17.
Olavskyrkja i Trondeim
ho er tekt'e med bly:
Bendik skò inkje livet njote,
om ho var tri gongjir ny!

18.
Olavskyrkja i Trondeim
ho glimar av gull:
Bendik skò inkje livet njote,
om ho var tri gongjir full!"

Ordforklaringer del III

13.
stend: står
Gud skò fyr mino draumo råde: måtte Gud halde styr på draumane mine

14.
båe: begge

15.
smådreng: ung tenar
tidend: nyheit
foruta kongjens råd: om lag: trass i kongen sitt forbod

16.
slær: slår
inkje: her: ikkje
livet njote: nyte livet, vere i live
all verdsens jord: all jord i verda

17.
Olavskyrkja i Trondeim: Nidarosdomen i Trondheim
tekt'e med bly: dekt med bly (som var det dyraste materialet brukt til taktekking)

Del IV

Årolilja vil besøkje Bendik tidleg på morgonen, men møter på faren sin. Ho ber han om å akseptere giftarmålet, men han seier ho må gå sin veg, slik at han ikkje skal bli frista til å bruke sverdet sitt.

19.
Ut kjem ho Årolilja,
gjeng'e sin faren imot:
"Kvi er du ute i otta,
fyrr opp ris bjartan sol?"

20.
"Di er eg ute i otta:
eg vil min mågjen vitja.
Det tikje meg veslaste vera,
eg må kje bryllaupet drikke.

21.
Det var ho Årolilja,
falt fyre sin fa'er på kne:
"Høyre du det, min sæle fa'er,
"Bendik så gjeve du me'!"
fyre framfor
sæl kjær, velsigna

22.
"Gakk bort ifrå meg, Årolilja,
eg vil deg inkje høyre!
Det samer så ille mitt gode sverd
å rjodast i kvende-drøyre."

Ordforklaringer del IV

19.
i otta: i grålysinga
fyr opp ris bjartan sol: før den strålande sola går opp

20.
di: derfor
måg: dottermannen, svigersonen
veslaste: det verste
bryllaupet drikke: vere gjest i bryllaup

21.
fyre: framfor
sæl: kjær, velsigna

22.
gakk: gå!
det samer så ille: det passar seg ikkje for
å rjodast: å bli raud
kvende-drøyre: kvinneblod (frå eit sår)

Del V

Bendik blir teken til fange, men ingen tau er sterke nok til å binde han. Då kjem igjen den falske tenaren. Han seier at dei skal binde Bendik med håret til Årolilja. Bendik elskar håret hennar, han kan ikkje slite det sund, og derfor er han fanga.

23.
Dei toke raustan Bendik,
slo han imot golv;
femten var dei bastetaugjir
ikring hass kvite hold.

24.
Dei toke raustan Bendik
batt han med taug og reip:
om dei var alli så sterke,
Bendik dei sund'e sleit.

25.
Dei toke raustan Bendik
batt han med reip og taug:
om dei var alli så sterke,
Bendik dei sund'e braut.

26.
Fram så kjem'e smådrengjen,
alt med si falske råd:
"Dé tek Åroliljas gule hår,
så kan dé fangjen få!

27.
Dé tek Åroliljas gule hår
og bind ikring hendan' kvite!
Så stend'e hugjen isama runnen:
han nennest kje håret slite!"

28.
Dei tok Åroliljas gule hår
og batt ikring Bendiks hònd:
"Fyrr eg skò dette sund'e slite,
fyrr skò eg døy i bònd!"

Ordforklaringer del V

23.
slo: kasta
bastetaugjir: tau laga av bast
hold: kjøt, kropp

24.
om dei var alli så sterke: sjølv om dei var aldri så sterke
sund'e: i stykke

26.
så kan dé fangjen få: om lag: så kan de få fanga han

27.
så stend'e hugjen isama runnen: så sameinte er tankane deira
nennest: ha hjarte til
håret slite: å rive i stykke håret

28.
fyrr skò eg døy i bònd: før vil eg døy i band (bunden fast)

Del VI

Dronninga kjem og ber om at Bendik må få leve. Ho minner kongen om at han har lovd ho at han aldri kjem til å nekte når ho ber han om noko. Kongen tok ho nemleg frå både far og festarmann i si tid. Men kongen seier lèt seg ikkje overtale.

29.
Inn kom Mari dròningji,
ho sto i silkje grøn:
"Eg bed deg, kjære herren min,
at du vil veite meg bøn!

30.
Du flutte meg inkje frå skorvir
og inkje frå fjørustein,
du tok meg frå min fa'er garde
og så ven ein festarsvein.

31.
Minnest du hot du lova
då du flutte meg frå monno:
du sille inkje nekte meg
den fysste bøn hell onno?

32.
Minnest du hot du lova
då du flutte meg av stad:
kvòr den bøn som eg bad deg,
sille alltid vera ja?"

33.
"Eg skò inkje nekte deg
den fysste bøn hell den are –
men Bendik skò inkje livet få,
om det galt om kon alle!

34.
Kvòr den bøn som du bed meg
skò allti vera ja –
foruta Bendik sill' livet njote:
det gjeng eg alli ifrå!"

Ordforklaringer del VI

29.
silkje: silke
veite meg bøn: svare ja på mi bøn

30.
du flutte meg inkje: du tok meg ikkje heim som brur di
frå skorvir: frå den nakne heia
fjørustein: fjærestein, strandstein
frå min fa'er garde: frå garden til far min
festarsvein: festarmann

31.
hot: kva
frå monno: frå (festar)mannen
du sille: du skulle
den fysste bøn hell onno: den første bøn, og heller ikkje den andre

32.
kvòr den bøn: kvar eineste bøn

33.
om det galt om kon alle: om det gjaldt oss alle, om vi alle måtte betale for det

34.
foruta: foruten at, unnateke at
det gjeng eg alli ifrå: det (denne lovnaden) går eg aldri frå

Del VII

No ber både menneske og natur for Bendik, til og med englane, men kongen er ubøyeleg.

35.
Dei bad fyr raustan Bendik
alt det som beda kunna –
mannen utor manneheimen
og fiskjen på havsens grunnar.

36.
Dei bad fyr raustan Bendik
alt det som beda må –
engjelen av himmerikje
og hindi, i haga låg.

37.
Dei bad fyr raustan Bendik
alt det som ha'e mål –
fuglen på villan kvisten
og bånet, i vogga låg.

38.
Dei bad fyr raustan Bendik
alt det som ha'e liv –
tre-i utor grøne skogjen
og bloman' i fagerli.

39.
Det var kongjen av Sølondo,
slær sin neve i bord:
"Bendik skò inkje livet njote
fyr alle bønir på jord!"

Ordforklaringer del VII

35.
mannen utor manneheimen: mannen (alle menn) frå
menneskeverda
fiskjen: fisken

36.
og hindi, i haga låg: og ho-hjorten som låg i hagen heime

37.
det som ha'e mål: alt det som har stemme/språk
bånet: barnet

38.
tre-i: trea
i fagerli: i den fagre lia

39.
fyr alle bønir på jord: (ikkje) for alle bøner i verda

Del VIII

Bendik ber ein slektning om å hogge av hovudet hans. Han er ættestolt, for han vil ikkje at nokon av lågare rang skal ta livet av han. Årolilja græt og tenner lys i kyrkja. Bendik ber ho slutte å gråte, for han synest hjartet hans brenn når han høyrer gråten hennar. Årolilja kjemmer håret til Bendik slik at det ikkje skal bli tilsølt av blod. Så blir Bendik henretta.

40.
Det var raustan Bendik,
han skaut gull av hende:
"Hogg du, Hauk, mitt hovud av –
du er min nærskylde frende!"

41.
Så gret ho Årolilja,
– det totte alle under –
beltet sprang av mjåryggjen,
og sylja den flaug sund'e.

42.
Så gret ho Årolilja,
bar ljos på altarbord;
beltet sprang av mjåryggjen
og hjarta'e flaut i blod.

43.
"Årolilja, Årolilja,
gråt inkje fyr meg leng'!
Eg tikje hjarta'e i meg brenn'e
når eg ser dine tårir renn."

44.
Årolilja kjember hass gule hår
og set'e på silkjeluve.
Hauk han hoggje hovudet av,
og drengjen falt på gruve.

45.
Utfyre kyrkjedynni
der laut han Bendik døy;
i kyrkja fyre altaren,
der sprakk hass vene møy.

46.
Utfyre kyrkjedynni
der let han Bendik liv;
i kyrkja fyre altaren,
der sprakk hass vene viv.

Ordforklaringer del VIII

40.
han skaut gull av hende: han drog ein ring eller eit armband av gull av handa
min nærskylde frende: i nær slekt med meg (og av same rang)

41.
totte: nappe, rykke
mjåryggjen: den smale ryggen

42.
ljos på altarbord: lys til sjelemesse for ein som er død; her for ein som skal døy

44.
kjember: kjemmer
silkjeluve: silkelue
dreng: unggut

45.
utfyre kyrkjedynni: utafor kyrjketaket (kyrkja)
laut: måtte
der sprakk hass vene møy: der brast hjartet til Årolilja

Del IX

Kongen sender tenarane sine til Årolilja ford han vil at ho skal komme til han. Tenarane kjem tilbake og fortel at Årolilja er død. Då blir dronninga heilt frå seg. Ho reiser seg og seier til kongen at han fortener å leve einsam i øydemarka, og at han no har verken dotter eller svigerson. Kongen angrar og seier at han ikkje har skjønt kor sterk kjærleiken mellom Bendik og Årolilja var. Dronninga svarer at denne innsikta kjem for seint.

47.
Det var kongjen av Sølondo,
tala til drengjine små:
"Dé gange i loftet til Årolilja
og sei'a inn fyr meg gå!"

48.
Att'e kjeme smådrengjin',
seier dei tidend ifrå:
"Død er unge Årolilja,
ligg unde kvislar blå."

49.
Opp reis Mari dròningji,
studde ho seg med bord:
"Du var verd liva eismall'e
utpå ein øydeskog!

50.
Høyr du det, du kongjen,
så stolt'e som du står:
inkje hev du dotter,
alli fær du måg!"

51.
"Ha' eg visst dette igjår,
at hugjen ha' vori så sterk,
inkje ha' Bendik silt livet låti
fyr alt det i verdi er!

52.
Ha' eg visst dette igjår,
at åstin' ha' vori så heit,
inkje ha' Bendik silt livet låti
fyr alt i verdi eg veit!

53.
Olavskyrkja i Trondeim
ho er tekt'e med bly:
inkje ha' Bendik silt livet låti,
om ho var tri gongjir ny!

54.
Olavskyrkja i Trondheimi
ho glimar av gull:
inkje ha' Bendik silt livet låti,
om ho var tri gongjir full!"

55.
Svara Mari dròningji,
rann tårir på sylvspente sko:
"Gud forlåte deg, herren min!
ette-sia er du god!"

Ordforklaringer del IX

47.
sei'a inn fyr meg gå: sei at ho skal kome til meg

48.
att'e: tilbake
unde kvislar blå: under blåe ullsengeteppe

49.
reis: reiste seg
studde ho seg: stødde ho seg
liva eismall'e: leve einsam

50.
alli: aldri
måg: svigerson

51.
hug: dragnad, tiltrekking
fyr alt det i verdi: er for alt i verda

55.
ette-sia: ettersidan, for seint

Del X

Bendik og Årolilja blir gravlagde på kvar si side av kyrkja. Snart veks det vakre liljer oppå gravene deira, dei blir så høge at dei veks over kyrkjetaket, og der flettar dei seg i kvarandre. Liljene er ei påminning for kongen om kva han har gjort, men også eit symbol på kjærleiken mellom dei to unge.

56.
Bendik la dei norda kyrkja,
og Årolilja sunna,
det voks opp av deires grefti
tvo fagre liljerunnar.

57.
Det voks opp av deires grefti
tvo fagre liljegreinir;
dei krøktes i hop ivi kyrkjedynni –
der stend dei kongjen åt meine.

58.
Det voks opp av deires grefti
dei fagre tvo liljeblomar:
dei krøktes i hop ivi kyrkjesvoli –
der stend dei kongjen til domar.
— Årolilja, kvi søv'e du så lengje.

Ordforklaringer del X

56.
norda: nordafor
sunna: sønnafor
greft: grav
tvo: to
liljerunnar: liljebuskar

57.
dei krøktes i hop: dei fletta seg i kvarandre
ivi kyrkjedynni: over kyrkjetaket
åt meine: til bry, som ei tung påminning

58.
kyrkjesvoli: kyrkje-svalgangen

Relatert innhald

Fagstoff
Folkeviser

Om opphavet til mellomalderballadar og folkeviser, og om stil og form i tekstane.

Rettshavarar: Knut Liestøl og Moltke Moe
Sist fagleg oppdatert 09.03.2021