Hopp til innhald
Oppgave

Utforsk forskjellar mellom språk

I denne oppgåva skal de på eiga hand undersøkje kva likskapar og forskjellar det er mellom to ulike språk. Sluttproduktet skal de leggje fram for klassen. Ver kreativ i val av framføring!

Framgangsmåte

Gå saman i par eller grupper på tre. De kan velje mellom tre ulike framgangsmåtar:

  1. Viss de har eit anna morsmål enn norsk felles, vel dette språket. De får best djupne i oppgåva om de vel eit språk de kan like godt som norsk.
  2. Ei annan moglegheit er at berre ein eller to på gruppa har eit anna morsmål enn norsk. Då kan de forme oppgåva som ein undervisningstime der den som ikkje kan språket, har rolla som elev, medan den/dei som meistrar språket, har rolla som lærar. Dette er ei annleis framføringsform, og ofte morosamare for klassen enn det klassiske foredraget.
  3. Viss norsk er morsmålet dykkar, vel eit språk de har lært på skulen. Det vanlegaste vil nok vere engelsk, tysk, fransk, spansk eller italiensk.

Kva skal vere med i oppgåva?

Legg vekt på dei viktigaste forskjellane mellom språka. Derfor vil dei som samanliknar norsk og vietnamesisk kanskje leggje vekt på heilt andre moment enn dei som samanliknar norsk og svensk.

Men her følgjer nokre forslag til eitt eller fleire moment som kan vere med:

  • Kva språkfamilie høyrer dei to språka til? Er dei i slekt?
  • Har språket det same alfabetet som norsk? Viss ikkje – kva er dei viktigaste forskjellane mellom dei to alfabeta?
  • Kva er dei viktigaste forskjellane i uttale og språklydar mellom norsk og det andre språket?
  • Kva er dei viktigaste forskjellane i setningsoppbygginga mellom norsk og det andre språket?
  • Kva er dei viktigaste forskjellane i bøyingssystemet mellom språka? (Korleis blir til dømes verb, substantiv og adjektiv bøygde?).

Kva bør de tenkje på når de legg fram oppgåva?

Sit de ofte og tenkjer på andre ting medan de høyrer medelevar halde foredrag? For mange av dykk vil nok svaret vere ja. Årsaka kan vere at dei fleste foredrag er ganske like. Det beste tipset for å lage ei god framføring er å tenkje:

  • Kva hadde eg sjølv likt best om nokon skulle halde ei framføring framfor meg?

Bruk god tid på å diskutere spørsmålet over felles i klassen. Kanskje kan de tenkje på nye måtar å halde framføringa på enn det klassiske foredraget?

Kva med til dømes ...

  1. I framgangsmåte to i starten av oppgåvebeskrivinga er eitt forslag å leggje opp oppgåva som ein "undervisningstime". Kva om de gjer det, sjølv om alle i gruppa meistrar språket? Bruk gjerne tavla. Skriv ned ord og setningar på det nye språket og forklar "eleven" inngåande kva som er dei viktigaste forskjellane mellom språka. La "eleven" komme med gode spørsmål. Kanskje resten av klassen også kan komme med spørsmål?
  2. Bruk klassen aktivt! Skriv identiske setningar på norsk og det andre språket og spør klassen om dei klarer å forklare forskjellen på språka. Då vil dei garantert hugse stoffet betre enn om de berre fortel dei det. PS! Her er det lov å vere ein litt annleis lærar: Kva med å kaste sukkertøy til elevane som svarer riktig?
  3. Lag ein kahoot og la klassen gjennomføre denne både før og etter framføringa. Kor mykje har dei lært, og kven har lært aller mest? Her bør vel òg påskjøning vere på sin plass?

Oppsummering

Etter at alle har halde framføringane sine, skal de jobbe individuelt med desse tre oppgåvene. Svar skriftleg:

  • Kva forskjellar hugsar du på etter å ha høyrd alle framføringane?
  • Har du lært noko nytt om det norske språket?
  • Kva for ei av gruppene synest du lærte deg mest? Kva var det ved metodane deira som fungerte så godt? (Hugs: Her skal du leggje vekt på kor mykje du lærte, ikkje kor mykje du blei underhalden).

Bruk ca. 20 minutt på å skrive ned svar på spørsmåla. Deretter skal de diskutere svara i klassen.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 10.09.2019