Særpreg ved norsk tale

Norwegian sounds like...
Viss du skriv frasa over inn i Google, vil eit av dei øvste søka vise "Norwegian sounds like singing". Mange utlendingar synest altså at språket vårt høyrest ut som ein song. Norsktalande går stadig opp og ned i stemma. Årsaka til dette er noko som heiter tonelag.
Kva er tonelag?
På norsk skil vi mellom "bønder" og "bønner" – ikkje berre i skrivemåten, men også i uttalen. Vi et bønner og ber bønner, men vi et ikkje bønder. Klarer du å høyre forskjellen på desse orda?
Vi kallar dette tonelag eller tonem. I norsk språk har vi to tonem. Dei ulike måtane å uttale ordet på gir ulik betyding. Det er forskjell i betydinga om du "tømmer" ut vatn frå ei bøtte, eller du finn "tømmer" i skogen.
På denne måten skil norsk (og svensk) seg frå mange andre indoeuropeiske språk. For dei fleste indoeuropeiske språk har ikkje tonelag. Eitt ord kan berre ha ei betyding.
Men andre stader, til dømes i somme kinesiske dialektar, kan ein ha så mykje som seks ulike tonelag. Eit kort ord kan altså ha seks ulike betydingar avhengig av korleis du seier det.
Vi er vokalrike
Eit særtrekk ved norsk er at vi har så mange vokalar. "Vi har jo berre ni!", tenker du kanskje? Ja, men dette må du gonge med to, for vokalane våre kan vere både korte og lange. Lydverdien av vokalen "u" er ikkje den same i "futt" som i fut". I den første er den kort, i den andre lang. Dermed kan vi seie at vi har 18 vokalar i norsk.
U og Y er uvanlege lydar
Å ha så mange ulike vokalar er uvanleg for andre språk. Mange av vokalane våre er i tillegg lite brukte internasjonalt. Dette gjeld spesielt u og y. Desse to bokstavane finn du i det latinske alfabetet som stort sett heile Europa har felles, men dei representerer ein annan lyd i andre europeiske språk. Det engelske ordet "Why" blir til dømes ikkje uttalt med vår norske y-lyd, men som noko som kan beskrivast som ein "aj"-lyd.

Vokalane er vanskelege for utlendingar
Vokalane er spesielt vanskelege, fordi det er små forskjellar i til dømes i korleis vi formar lydane. Du kan sjølv kjenne etter kva som skjer med leppene og tunga når du uttalar dei ulike norske vokalane etter kvarandre. Når så vokalar i andre språk igjen skil seg ørlite i lepperunding og tungeplassering, skjønar du kanskje at det er vanskeleg å treffe akkurat rett. Det finst likevel nokre triks. Ein amerikanar som lærte norsk, fann ut at han måtte lage trutmunn for å få til y-lyden.
Lær meir om den særnorske y-lyden ved å sjå filmen om vokal y (lengde: 0:58)
Ein svenske vil vanlegvis kunne identifisere svensktalande nordmenn i Sverige på u-lyden. Det er òg slik motsett veg. Vi kjenner igjen svenskane på a-lyden, sjølv om dei snakkar norsk.
Spesielle konsonantar
Kj-lyden
"Vil du vere med på sjino?", seier ein del nordmenn. "Kan du ikkje prate, eller?", kan svaret vere. Det heiter "KJino!" Den norske kj-lyden er ikkje heilt særeigen for norsk, men det er ikkje så mange språk som har han, særleg ikkje utanfor Europa. Dermed er det òg ein lyd som kan vere vanskeleg å lære for mange utlendingar. Kanskje har utlendingane rett? Somme språkforskarar meiner at lyden kjem til å døy ut i Noreg og bli helt erstatta av sj-lyden.
Film om kkj-sj-lyden (lengde 1:45):
Tjukk l
Ein annan lyd som ikkje er så vanleg i andre språk, er den tjukke l-en. Tjukk l er tradisjonelt blitt brukt i Aust- og Midt-Noreg. I namnet "Ola" og substantivet "mål", vil dei som har tjukk l ta tunga opp mot ganen, medan dei med tynn l legg ho rett bak tennene.
Prøv sjølv
Har du tynn eller tjukk l?
Viss du kjem frå Aust- eller Midt-Noreg, er det slett ikkje sikkert du har den tjukke l-en du tradisjonelt skal ha. Også dette er nemleg ein lyd som er trua i Noreg. Men vi kan trøste oss med at folkerike språk som urdu/hindu og panjabi også har denne lyden.

